tirsdag 30. november 2010

Peparkakebyen vår

 I går, so skulle vi på studierommet i ein fritime, og vegen inn dit går gjennom biblioteket. I det eg skulle ta tak i dørhandtaket til den store glasdøra der vi tenkte vi skulle opphalde oss, so sniffar eg litt i lufta og seier litt forundra "her lukta peparkake" før eg opnar døra. Så ser eg bak bek, og der kan eg skimte i noko brunt og raudt og svart noko, og so ser eg ditta:
Og då vart eg passe smilande.

Translation: I went into the library yesterday, and suddenly I thought I could smell gingerbread. When I looked around, I then spotted something brow, green and red, and here is what I saw. That really made me smile!

mandag 29. november 2010

Aldri so gale at det ikkje e gødt for noke

I dag er eg ganske so tett i nasa og sår i halsen, ergo klarte eg ikkje å lese historie og filosofi skikkeleg, so då gjekk eg på julegåvejakt, ilag med ei eg ikkje har funne ut ka eg ska kalle her endå (eg likar å lage kallenamn på folk i bloggen, sånn at dei kan vere litt anonyme (og kanskje litt meir "mine"?)). I alle høve, so fann eg fleire, sånn at no manglar eg berre to-tre stykker av vennegåvene. I kveld har eg pakka inn nesten alle, og eg gledar meg te eg kan dele dei ut siste skuledag før jul!
Og i mårå ska eg fortelje om ein liten by.

(Og det va kjersti so fekk adventskalendaren)

Translatoin: As my throat was rather sore today, I couldn't read history and philosophy very well. Instead, I went with a friend to shop Chirstmas presents for my other friends, and I found something for almost everyone. I've had a good time wrapping them up today, and I'm already looking forward to handing them out on the last day of school before Christmas.

(and the advent calendar I made was for kjersti)

søndag 28. november 2010

Swan Swan H

 Kraftige vengjeslag,
prøvande labbar,
lokkande song.


Translation: Strong wings, unsteady paws, alluring songs.

lørdag 27. november 2010

Tre dagar: laurdag

Akkurat som forventa, so vakna eg med sår hals i dag. Men eg fekk ei veldig fin opplysning frå mamma å vakne te: "No e grauten ferdig, so viss du har lyst å stå opp snart, so kan vi ete." Ogso kjøpte pappa halsdrops te meg, og so fann eg ut at eg hadde innmari lyst te å lese i Ringdrotten, som eg ikkje har opna på ei stund fordi eg har hatt andre bøker og ser på Ringdrotten som eit langtidsprosjekt innimyllja all anna litteratur. So langt kom eg i dag:

Translation: today I woke up with a sore throat after yesterday's party (-15 degrees celsius in a thin silk dress), but as I woke up, my mother told me that the food was ready downstairs when I was ready. Then I curled up in a comfy chair and finished reading "The Two Towers" in Norwegian.

Tre dagar: fredag

Ho nydlegaste kjøpte oreokjeks til alle saman rundt bordet vårt i kantina, og det va fyrste gong eg smakte eit. Og det va nam.
Og eg og ho vakraste hadde selbuvetter, berre litt omvende, og med annleis mønster inne i henda, og på tommeltottane.
Og på kvelden var det endeleg duka for haustfest, noko som har teke veldig mykje av tankane mine dei siste vekene (sidan eg va i komitéen). Eg tør seie det va vellukka, og det var mange fleire på dansen enn i fjor, berre sjå:

Translation: Friday I ate my first oreo-biscuit, looked at mittens with the same patterns, and could finally enjoy the autumn party which have occupied my mind for so many weeks.

Tre dagar: torsdag

Ganske so kaldt, sånn at ein kunne legge seg på golvet ved sidan av hunden og lege andletet inn mot pelsen hennar og nesten sømne (dialekt for "sovne").
 Å ha ein pappa som lagar god, varm kvelds med kylling og wokgrønsaker. Det va då vi innsåg vi skulle hatt pinnar å ete med.

Translation: Thursday it was so cold that I laid down on the floor beside our dog, and I got to rest my face in her fur. And later, my father made wok with chicken, and that's when we realized we should have chopsticks.

onsdag 24. november 2010

Adventskalendar 2010

Eg har funne ut at eg kvart år (i alle fall i år) ska lage ein adventskalendar og gje den til noken so' eg tykkjer fortena den. Sånn ser den ut, og når eg har fått stadfesta at den so' fortena det har motteke den, so kan de få vite kven.

Translation: From now on, I want to make an advent calendar for someone who deserves it every year. I thought I'd let you know how it looks like this year. I'll tell you who the lucky one is as soon as this person has recieved it.

tirsdag 23. november 2010

Divine Chocolate

Fredag, so kjøpte eg dinna Fair Trade-sjokoladen på "Om att" i Førde, og den e sånn fantastisk god. Den e litt bitter (70% kakao) og har appelsingelébitar i seg, sånn at den blir litt søtt, men på grunn av den høge kakaoprosenten so klarar du ikkje å ete so mykje i gongen at den blir kvalmande søt. Det e det so e so fint med mørk sjokolade. På framsidan av pakken står det:

Divine, 70% dark chocolate with ginger and orange, heavenly chocolate with a heart.

mandag 22. november 2010

Fordi det e lys.


Translation: Because it's light.

lørdag 20. november 2010

Meisebolle

Slek såg det ut utanfor kjøkenvindauget vårt i dag, då eg baka fletteloff.


Translation: It looked like this outside our kitchen window while I was baking this morning.

fredag 19. november 2010

Rosenraudt

Med blomar av plast,
 og endeleg med ein snusmumrikkenkopp i henda!
Åh, kor eg har ynskt meg ein slik lenge!

Translation: Seeing life in pink through plastic roses and finally my own Snufkin mug. I've longed for this one for so long!

torsdag 18. november 2010

Pappa høyrde melding om det på radioen

So no ska eg ut og sjå etter meteorar.
Men eg fann berre ord og månevatn.

Translation: Now I'm on my way to hunt meteoroids.
But I could only find words and moon water.

onsdag 17. november 2010

Ne me Quitte pas

Dinna songen (og filmen) høyrde (og såg) vi på i fransktimen i dag, og eg trur 'kje eg har sett ei meir rørande og hjarteskjærande formidling av ein so magisk song. Det slitne, sveitte andletet, dei fortvilte auga, den rolege men (åh) so instense stemma og dei nydlegaste orda, den inderlege bøna.

Translation: Watch!

La Vie en Rose

I går va: fine folk, plastroser, sofakrok med lappetepper i ein litt kjølig skulekjellar, varme vaflar og litt fleire folk enn dar e sete.

Translation: Yesterday was: nice people, plastic roses, sofas with blankets in a chill school basement, warm waffles and more people than seats.

tirsdag 16. november 2010

Post te meg?

For nokre dagar sidan fekk eg spørsmål om det gjekk an å sende
te meg, og då måtte eg tenke litt på kva eg skulle svare.

Og no har eg funne ei løysing eg trur e den beste: viss du ve sende noke i posten te meg, so skriv du e-postadressa di i ein kommentar (samt blogg), ogso sender eg adressa mi te deg på e-post. Og eg publiserer ikkje kommentaren med e-postadressa di på!
Eg ve gjere det på den måten sånn at adressa mi ikkje kjem te kem so helst. Og viss du ikkje har blogg, so hade det vore fint om du skreiv namnet ditt. Anonyme folk kjem eg mest truleg ikkje te å sende te. Håpa det er greit slek, for dei som har hatt/fekk lyst til å sende brev.

Translation: If you want to send me a letter, please post a comment with your e-mail adress, and I'll send you my adress, as long as I can identify you (blog or real name). And I won't publish the comment with your e-mail!

søndag 14. november 2010

Ein dråpe

Å stå på tå og strekke halsen til du ikkje klarar gjere deg høgare, og akkurat klare å fange den vesle dråpen innimellom leppene, og so kjenner ein den nesten ikkje, for han e so liten.


Translation: Standing on one's toes, trying to be taller that one is, and then just manage to capture the little drop between one's lips and it's so small that one nearly can't feel it.

lørdag 13. november 2010

Om å vere i ei boble av ro

Om å skimte det blågrøne vatnet der vassnymfer dansar av og te.
 Om å stå innanfor fire mosegrodde murar.
 Om å helse på ei av entkonene som ventar barn ein gong.
 Om å tenke.
Og i dag lærte pappa meg å skifte bildekk
(sånn at viss eine hjulet på bilen punktera midt i audemarka, so e eg ikkje heilt avhengig av at ein fin gentleman skal kome å hjelpe meg ut av knipa, skjønt det hadde ikkje gjort noko om han kom forbi).

Translation: About being in a bubble of calmness, about bending down a little and step into the forest and visit the entwife who's going to have a child (but none of us know when), and about learning to change tires on the car, in case a handsome gentleman doesn't show up when one of the tires go flat in the middle of nowhere. I won't mind him finding me though.

fredag 12. november 2010

Det er underlege dagar



Translation: Strange days.

Oktoberpoeten

I forrige veke fekk eg ein e-post frå noken eg ikkje heilt visste kem va, og heilt fyrst stod der følgjande:
"Jeg har den gledelige nyheten om at du er kåret til månedens poet for oktober i Skolekammeret, med Om eg skulle vore vind."
Trur de eg vart glad? Ja, kven blir ikkje det når ein har skrive eit dikt som kjem på Dagbladet si nettside? Viss de har lyst, so kan de lese intervjuet med meg her.

Translation: Last week I recieved an e-mail from a journalist from one of the biggest newspapers in Norway, and they told me that the poem I sent to them was the best in the month of october. You'll find the interview with me here (in Norwegian, though).

onsdag 10. november 2010

Min fyrste trane

I dag prøvde eg å brette ein trane for fyrste gong, og her ser de resultatet. Eg viste den te dei to gutane som va att i barnehagen då eg gjekk opp dit for å vente på at pappa skulle hente både meg og mamma, og no har eg bretta to små lyseblå tranar.

Translation: My first origami crane. Now I've made two more, pale blue, and they won't be the last!

tirsdag 9. november 2010

Eg ve ha ein blå ballong

Jeg vil ha en stor ballong,
en som der er fin ballong.
En med hatt og nese på,
og den skal være blå.
Den skal være flott og dyr,
nesten som et eventyr,
flyve som et riktig fly
og stige høyt i sky.


Midt på torget der står det
en snill gammel mann,
han selger alle de ballonger
som han kan.
Det finns gule og grønne
og store og små.
Men mest av alt så ønsker
jeg en blå.


Jeg vil ha en stor ballong,
en som der er fin ballong,
en med hatt og nese på,
og den skal være blå.

Arne Bendiksen

Eg fann ein, men eg var for kort te å rekke opp te den.

Translation: a Norwegian song about wanting a blue balloon, written by Arne Bendiksen. I found a blue balloon today, but I was too short to reach it.

mandag 8. november 2010

Om å kunne puste litt ut

Å stå under piletreet og sjå det raude lauvet ligge på bakken, og av og til dette ned rett ved sidan av, å gå heim den vesle bakken og sjå at bjørkene har teke på seg vinterskoa, å helse på kråkene som har salma seg til kråketing, å lage menneskespor ved sidan av hundespor og sjorespor, og å endeleg ha levert inn gjesteliste til skulen sin haustfest og endeleg sende svar til Dagbladet.

Translation: Being able to lie back and think about the red autumn leaves and the trees that had put on their winter shoes today, and being able to say hello to the crows who are gathering outside and to make footprints in the snow, just like our dog and the birds, without being stressed. Finally I've sent my reply to one of the biggest newspapers in the country and finally I have delivered the lists for the school's autumn ball. That feels wonderful.

søndag 7. november 2010

Sei hei til regnbogekanina

... som pappa vann te meg på ei kaste på boks-bod på eit tivoli då eg va mindre.

Translation: Say hello to the rainbowrabbit that my dad won to me at a fun fair when I was little.

lørdag 6. november 2010

Det som vart med heim etter turen te Førde:

1 gul tekanne til den dagen eg flyttar ifrå mamma og pappa,
1, 2, 3, 4 smoltringar frå smoltringmannen,
og 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8 pakkar som fine folk ska få te jul.

Translation: Today I brought home one tea pot, four donuts and eight Christmas presents form the city.

fredag 5. november 2010

Hit the Road Jack

Med japansk aksent.

Ein må berre smile, sånn fint.

Translation: "Hit the Road Jack" with Japanese accent. One just have to smile, in a nice way.

torsdag 4. november 2010

Novemberkyss

... på sko,
 og på kne.
 Samt rutenett over heile tavla dar ein kunne spele bondesjakk,
 og ein lang salatstrimmel

Translation: November kisses on a shoe and a knee, checkers on the blackboard and a fun salad.

onsdag 3. november 2010

Den fyrste onsdagen i november

Inneheldt fiskekarbonader og wok på hybelen te ho vakraste,
 støvlar med novermberkyss på som høyrde til ho som har hybel ved sidan av,
og føter som har dansa litt for mykje. Men dei bryr seg ikkje om det.

Translation: The first wednesday in november included making dinner with a friend, look at november kisses on someone else's boot, and feet that have danced too much.