søndag 30. januar 2011

Med roser på

Slike skal vake over meg når eg søv.
Og kanskje syng dei historieer inn i rommet, inn i draumane?

Translatoin: These will watch over me at night. And they might sing songs into my dreams.

lørdag 29. januar 2011

2011 - eit tankeeksperiment

Eg deltek i konkurransen på blogg.tinekatrine.com der ein kan vinne vekekalendar for 2011 frå listography.com

Ein vinterdag i 2011 ligg eg under dyna og skriv, skriv på eit anna språk enn det eg snakkar.

Ein vårdag i 2011 sit eg på ein benk i ein park på ein by i eit land eg aldri vore i før.

Ein sommardag i 2011 innser eg at eg har mista lappen med orda på, mista dei der eg såg han.

Ein haustdag i 2011 høyrer eg ein melodi på radioen, og heile verda mi veit at orda mine gøymer seg der.

Translation: I'm participating in Tine Katrine's competition, where you can win a weekly calendar for 2011 from listoraphy.com.

fredag 28. januar 2011

Ei lita januarskattejakt

I dag var eg på handletur, og eg kjøpte:

- "Lasso rundt fru Luna" av Agnar Mykle
- "Mytteriet på Bounty" av Nordhoff og J. N. Hall
- Madame Butterfly (kvit te frå Kremmerhuset)
- Lakriste (Yogi)
- Eit lite smykke

Og so måtte vi sjølvsagt ha litt mat, italiensk, naturlegvis. Grevlingen hadde irsk kaffi-, karamell- og pistasjesmak, ho nydlegaste (eller Pusekatt To som vi òg kallar ho) hadde mint og noko eg ikkje hugsar, og eg hadde kokos og mint.
 Dei to fine sat ganske gødt te veggen,
 medan eg leikte kameleon saman med stolane og borda.

Translation: I went shopping today with some friends. I bought two books, two types of tea and a necklace. Afterwards we ate ice cream, Italian, of course, and I dearly recommend to mix mint and coco, it's actually qutie refreshing!

onsdag 26. januar 2011

"Do we have time to make one last try?"


Machine Birds - One Last Try

Broken like glass
Pick up the pieces
Look at what's left
Is it enough?

Back to the start.
Save it, or leave it.
Is it worth while?
Do we have time?


Broken like glass
Pick up the pieces
Look at what's left
Is it enough?


Back to the start.
Save it, or leave it.
Is it worth while?


Where are those joyful days we once shared?
Do we have time
to make one last try?
The hardest part about moving on, is trying not to look back


Loosing the fight,
an endless battle
and I can't see no light
Is this the end?


And I'm back to the start
Save it,or leave it.
Is it worth while?


Where are those joyful days we once shared?
Do we have time
to make one last try?
The hardest part about moving on, is trying not to look back.


Where are those joyful days we once shared?
Do we have time
to make one last try?The hardest part about moving on, is trying not to look back.

tirsdag 25. januar 2011

I dag kom sola på skulen

... Og skuleplassen vart fylt av såpebobler i ti minutt.

Translation: today the sun came back, and the school grounds were filled with bubbles for ten minutes.

mandag 24. januar 2011

Små skattar

Ei fjør frå ein stor fugl.
Og når ein ikkje har fine, fargerike plaster, so teiknar ein på dei ein har.
 Og so va dar ei and i marmorkaka. Endeleg kalrte eg å lage litt magi i den!

Translation: When you don't have colourful bandages, you have to draw on them yourself. And finally I pooured enough magic into the cake, so that a duck appeared.

lørdag 22. januar 2011

Skriveøving / skriveoppvarming

I haust, då eg hadde skikkeleg lyst te å vere kreativ skiftleg men ikkje fekk det te, so kom eg på ein liten leik som kan vere te hjelp om ein t.d. har lyst te å lage ein interessant person men ikkje heilt klarar det, viss ein ikkje klarar å kome på noke nytt, viss ein ikke finn på ei historie, viss ein ve kome i skrivemodus, kanskje viss du ve tegne noke osv. Den e rett og slett sånn:

1. Ta utgangspunkt i det fyrste namnet (eller substantivet) du kjem på.

2. Legg te det fyrste verbet du kjem på.

3. Legg te dei neste orda som du kjem på.

4. Set punktum.

5. Skriv det det neste namnet (eller substantivet) du kjem på og gjer som i punkt to og nedover.

Her e noken av dei eg likte best frå den fyrste sida mi med tullesetningar:
- Perine sat ved peisen og varma lausbarten.
- Ryggen såg bleikblå ut mot blekkspruttentaklane.
- Pigleton reiste ikkje jorda rundt utan sokkar med hol i.
- Åsta spionerte på bananer under asfalten.
- Billy beita blyantspissar i Stillehavet.

(men det e 'kje alltid at det blir morosame setningar. Dei fyrste mine vart so kjedlege og ordinære, men det blir betre dess meir du øvar)

Translatoin: Something to do if you don't feel creative even though you want to: write sentences with the first words that pop into your head. Hopefully they will be completely absurd.

torsdag 20. januar 2011

Lyspunkt i dag

- Å finne ut nokre av manerane til japanarane
- Å speide utover kantina saman med (nesten) heile gjengen.
- Å sjå ho vakraste att.
- Å kjøpe ein ny pøse av den beste teen so finst (Garden of Eden).
- Å ete vanilje- og bringebæris på finaste kaféen.
- Å få brev når ein kjem heim.
- Å drikke (nesten) ei kanne med lakriste
- Å høyre på musikk av Anthony Hill

onsdag 19. januar 2011

Om ein smoltringmann

som av og til kjem med ein kvit varebil med søte gardiner (sånn at ein m ta bilde når ein fin person poserer litt),
den bilen med regnbogelys (i tilfeldig rekkjefølje) som ein må smile av,
og mannen lagar smoltringar til 5 kroner stykket, sånn at ein kan gje han ein tiar og få to smoltringar.

Translation: Today we donut man was around, he with the car with cute curtains and colourful lights, who sells lovely new-bakes donuts.

tirsdag 18. januar 2011

I Wish I Had a Mango Tree

I wish I had a mango tree
With a buzzing bumble bee
She'd sing some quiet songs for me
Up in that mango tree.


And in this mango tree we'd sit,
I in lace and you in knit
Fireflies the night sky lit
There where we would sit.


Then the morning could rise up slow
Still the lanterns all would glow
You and I would surely know
As dawn crawled up slow.


We'd know that when the new day came
We would never be the same:
In the trunk would stand a name,
Two, when morning came.

Eg hadde mango te kvelds i dag.

mandag 17. januar 2011

Om å isolerast av ras

I dag va det ein slik dag at pappa måtte køyre meg og mamma ned te busswen med traktor, ogso då eg kom inn i bussen, so va visst vegen stengt på grunn av ras. Då va det rett heim te ein litt utvida frukost (sett ihop av eplekanelte og vafler), og lesing om Galileo Galilei (som eg skal sjå teaterframsyning om i februar) og det heliosentriske verdsbildet.

Because of an avalanche, I had to stay home today, and I can't say I mind, as it meat an expanded breakfast with waffles and tea along with words about Galileo Galilei and the solar system.

søndag 16. januar 2011

Ein Jacques Brel som får ein te å smile





Translation: A Jacques Brel that makes you smile.

lørdag 15. januar 2011

Når skogen ventar

 Skogen ventar på at snøen skal forsvinne, slik at nytt liv kan gro.

Dagens finaste setning: "I don't see what anyone can see in anyone else but you" (frå dinna songen).

Translation: The forest is waiting for the snow to melt, so that new life can rise.

fredag 14. januar 2011

Den finaste hunden eg veit om

I dag, då eg kom opp bakken og kom forbi nabohuset (med ein litenstor bø imellom) høyrde eg plutseleg ei høgfrekvent piping frå huset vårt, og på trappa sat ho her dama her og va so selskapssjuk. For bror min e reist, og ho veit at han e reist lenger enn berre te Trondheim, sjølv om vi ikkje har sagt det te 'o. Og ho saknar han fælt. So når det endeleg kjem noken som kan kose og leike litt, so e det ikkje måte på kor ho utnyttar det.

Translatoin: Our dog misses my brother (she knows he went further away than he usually does, even though we didn't tell her), so she appriciates every moment of attention she can get.

onsdag 12. januar 2011

Mine nyårsforsett

- Skrive meir
- Sende dobbelt so mange brev som i fjor
- Gå meir i kjole
- Lære meg å lage ein ny matrett
- Reise te ein ny plass med (ikkje-)nye folk
- Finne fleire fine tonar
- Lage fleire lister
- Få fleire te å smile
- Ha blomar inne oftare
- Snakke meir fransk
Alle bilde: Mariell Øyre
Translation: My to-do-list for this year:
- Write more
- Send more letter
- Wear a dress more often
- Learn to cook something new
- Travel to a new place and meet knew people
- Find more pretty tumes
- Make more lists
- Make more people smile
- Have flowers in more often
- Speak more French

tirsdag 11. januar 2011

Nostalgisk og prøvande på same dag

Nett no e eg nostalgisk og høyrer på dinna songen etter å ha hatt den på hjerna eit par timar. Svaneprinsessen va ein av mine yndlingsfilmar då eg va lita. Og no fekk eg lyst te å sjå den, kanskje eg finn VHSen til helga?
Og so segla det ein sånn konvolutt opp i handa mi før mattetimen i dag, frå ho nydlegasten, og den rosa teen vart nettopp prøvd ut. Positiv oppleving!

Translation: "The Swan Princess" was one of my favourite films as a child, and I love this song. And today I got an envelope full of tea!

mandag 10. januar 2011

Ulv, ulv!

Eller berre ein søt person som tilfeldigvis skulle ha teaterframsyning (trur eg) og stakk opp i kantina før det begynte, sånn at vi skulle få sjå. Kanskje vi har eit nytt kallenamn te ho no?
(det e den kulaste sminka eg har sett på lenge. smilefjes)

Translation: One of my friends looked like this today. It's the most awesome make-up I've seen in a long time!

søndag 9. januar 2011

Om å tilpasse og fikse

Endeleg tok eg mot te meg og sydde inn låra på lavendelbuksa, noko eg eigentleg skulle gjrot for lenge lenge sidan. Og ein merkar forskjell når det e sånn mykje lagt inn:
 Og endeleg har vinterkåpa fått på alle knappane, for eg fann den siste heilt i botnen av knappeboksen (bildet er litt feil veg, det brune e halsen på ein gensar).

Translation: Finally I got to sow in the thighs of my purple jeans, and I found the last button that missed on my winter coat. Quite saticfied in other words.


lørdag 8. januar 2011

Med blå føter

Eg visste ikkje at det fanst fuglar med blå føter før no.
Og trur du ikkje dei e blå på innsia av nebbet òg?
Og sånn ser dei vaksne ut:
Dei bur på Galapagosøyene, so vel som nokre andre øyar derikring. 


Translatoin: I had no idea it existed birds with blue feet until now. The bird is called blue-footed booby, and lives on some islands in the Pacific.

fredag 7. januar 2011

Ei gåve som kom seint og tidleg på same tid

I fyrste klasse gav nemleg ikkje lettsykkelelgen vår meg verken bursdagsgåve eller julegåve, og det gjorde han ikkje i haust/vinter heller, men i dag fekk eg den, og den va sånn at den ska vere for neste bursdag og jul òg. Og det kan eg leve med! Gledar meg til å henge plakaten opp på veggen, og eg fann ut at slike tekanne-i-kopp ikkje e so dumt, for det går meir enn ein kopp oppi kanna, og so slepp ein å ha pøsen i køppen heile tida.

Translation: One of my friends didn't get me anything for my birthday and Christmas last autumn/winter and not this autumn/winter either, but today he arrived at school with these gorgerous gifts, and they are both belated and early gifts, supposed to be for the next brithday and Christmas too. I don't mind that.

torsdag 6. januar 2011

Torsdagsliste

Ein dag som heitte torsdag, og var den fyrste i januar i 2011:
- Ein kassegitar som har hatt nye strengar i litt over tjuefire timar.
- Ein bror som ikkje lenger e Trondheim-bror, med England-bror.
- Ein lilla kjole med broderi på som mamma hadde når ho var yngre.
- Ein "if" som var verdas vakraste med den handskrifta.
- Ein ny blome som berre e halv, av same grunn som når hjarter e det.
- Ein biologitime med meir genetikk og relevante sidesprang.
- Ein grøn seigmann som hadde frose fast i snøen på bakken.
- Ein neglelakk og ein ring som får henda til å skimre som sølv.
- Ein blogg med bilde av fine ting, og med fin tekst. Sånn:



Translatoin: A list of the ingredients of my day.

tirsdag 4. januar 2011

Nokre isar i 2010


Translation: Some of the ice creams eaten in 2010.

mandag 3. januar 2011