lørdag 30. juli 2011

Fine ord

"If you love someone, set them free. If they come back they're yours if they don't they never were."

"To fly as fast as thought, you must begin by knowing you have already arrived."

“You are never given a dream without also being given the power to make it true. You may have to work for it, however.”

"Bad things are not the worst things that can happen to us. 'Nothing' is the worst thing that can happen to us!”

“Learning is finding out what you already know, Doing is demonstrating that you know it, Teaching is reminding others that they know it as well as you do. We are all learners, doers, and teachers.”

“What the caterpillar calls the end of the world, the master calls a butterfly.”

“The simplest things are often the truest.”

“Not being known doesn't stop the truth from being true.”

Richard Bach

torsdag 28. juli 2011

Beire enn Everest

 I dag er eg ekstra glad i fillejoggeskoa mine. Då vi var komne so høgt opp som pleier å vere grensa mi på den ruta, so starta fjellskoa å gå til angrep på helane som vanleg, men i dag hadde fillejoggeskoa sneke seg med i sekken, og medan fjellskoa fekk henge i ein pøse på ei grein, so bar desse flinkingane meg til den toppen eg aldri har klart å nå før.
Det var varmt og litt tungt, til og med hunden peste og måtte kvile då vi nådde toppen.
So vanka det sjokolade, med den beste utsikta framfor seg, sol på snøkvite leggar og svalande vind i håret.
Eg er glad.

Translation: Today I love my worn-out shoes, because they carried me up to the mountain top that I never was able to reach before, due to the combination of unusual feet and bad shoes. Today I managed though, and I'm happy.

onsdag 27. juli 2011

I Want To Hold Your Hand

Eg syns det er fint at køppar kan brukast til å plukke bringebær og jordbær i,
 og til å ha varm eple-, kanel- og rosinte oppi.
 Dessutan blir alt litt beire når ein finn ut at syskenbornet har Beatles på dataen.


Translation: I think it's nice that mugs can be used for so many things. In addition, The Beatles make everything a wee bit better.

mandag 25. juli 2011

Om å vere takksam

Nett no er eg berre takksam for at eg ikkje er direkte pårørande, og eg vil meine det beste eg kan gjere er å
halde fram med å finne ting som kan lyse opp kvardagen, og dele med dokke.
Til dømes kan det vere å låne ein fin CD på biblioteket,
 oppdage nye blomar (det er ei turt) i lokalfloraen,
 eller kjøpe "Fantomet" og sjå at ei god Thorgal-historie har funne seg til rette mellom permane. "Thorgal" er verdas beste teikneserie, om de lurte.

Translation: Right now I am just grateful that none of my aquaintances were harmed in the massacre at Utøya, and I figure that the best thing I can do is to look for nice things around me and share them with you.

lørdag 23. juli 2011

Dawn

Some love to watch the sea bushes appearing at dawn,
To see night fall from the goose wings, and to hear
The conversations the night sea has with the dawn.

If we can't find Heaven, there are always bluejays.
Now you know why I spent my twenties crying.
Cries are required from those who wake disturbed at dawn.

Adam was called in to name the Red-Winged
Blackbirds, the Diamond Rattlers, and the Ring-Tailed
Raccoons washing God in the streams at dawn.

Centuries later, the Mesopotamian gods,
All curls and ears, showed up; behind them the Generals
With their blue-coated sons who will die at dawn.

Those grasshopper-eating hermits were so good
To stay all day in the cave; but it is also sweet
To see the fenceposts gradually appear at dawn.

People in love with the setting stars are right
To adore the baby who smells of the stable, but we know
That even the setting stars will disappear at dawn.

Robert Bly

torsdag 21. juli 2011

Ganske månge (fine) ting i hovudet

Denne veka har gått / vil gå med til veldig mykje synging, jordbæreting, stripesokkar, te og finesmil. Håpar dokke fyller dagane med sleke magiske ting som dokke har hatt lyst til å gjere heilt sidan i fjor sommar, som å gå berrføtte og danse i regnet i berre sommarkjolen (ikkje du då, broren), og plukke blomar som fyller opp alle vasene dokke har, og so må dokke hugse å høyre på masse fin musikk som får dokke til å føle dokke som skyer eller
Untitled by bluepaperstars
(Og de som ventar på brev/pakke (til og med dokke som ikkje veit at dokke får noke): eg er utruleg flink til å gløyme sånne veldig viktige ting som det, men det kjem, lovar!)

Translation: This week has contained / will contain a lot of singing, strawberries and pretty smiles. Now I want you to have the most magical summer days, those you've dreamt about since autumn arrived last year.

onsdag 20. juli 2011

Litt for tidleg på ein onsdag

Då er dette riktig.





Translation: Too early in the morning, this is just right.

tirsdag 19. juli 2011

Kaffimål

Det er veldig fint når ein blir inviterte til kaffi i eit hus der ein var mykje som lita, der det for høvet er dekt på med finserviset og finduk, akkurat som før i tida, og ein fekk te servert med ause frå ein kjele sidan ein ikkje likar kaffi.

Translation: To be invited to coffee (and get tea since you don't drink coffee) in an old house where you spent some of your childhood days is one of the best things in the world.

søndag 17. juli 2011

lørdag 16. juli 2011

Vicia

Vikker er ei slekt med veldig månge fine variantar, syns eg. Dei e litt smårare men samtidig veldig vakre. Kanskje eg ville valgt ei vikke dersom eg skulle ha vore ein blome?
 Fuglevikke (Vicia cracca) og skogvikke (Vicia sylvatica).

Translation: I think vetches are very beautiful, even though they're quite funny-looking. Perhaps that's how I'd like to be if I could be a flower.

onsdag 13. juli 2011

Femten ting

- Stå opp klokka eitt.
- Vasse.
- Plukke urter frå eigen hage.
- Spele Age of Empires for fyrste gong på fleire år.
- Låne ukulele på biblioteket.
- Skissere jasminblomar.
- Drikke kvit te.
- Sitte i ei (nesten) tørr elv med fuglesong i tra rundt.
- Plukke blåbær.
- Ha blåklokker bak øyret.
- Sjå piggsvin.
- Lese masse i "Lasso rundt fru Luna".
- Kjøpe skriveblokk.
- Leite gjennom klesskåpet etter å ha vore her og her.
 - Synge.
(No prøver eg forresten å redigere bileta litt, med darge/kontrast. Har liksom ikkje heilt likt å tukle med det før, men kanskje den blir meir.)

Translation: Fifteen things to do in summer. I also tried editing the photos a little. Previously I haven't really been so fond of it, but perhaps the times they are a-changing.

tirsdag 12. juli 2011

Kvitt

Det er den tida då ein sit på trappa med halvlang kjole og berre leggar,
 finn at hjartet ditt ligg gøymd under rosene,
medan sjela viklar seg om kvasse hjørne og gjer dei venlege.

Translation: It is the time when you sit by the front door, with bare legs and feet, and you realize your heart is hidden under the rose tree, while the soul makes the corners soft.

lørdag 9. juli 2011

Eg har plukka myrull

Eit av yndlingseventyra mine då eg va lita var dei tølv villendene. Ho va so utruleg uthaldande og flink, og so va det synd i ho, sidan ho ikkje fekk snakke. Eg prøvde sjølv å ikkje snakke på ei stund, men det gjekk aldri. Tenk om ein hade hatt ein kjole av myrull. Den måtte ha vore som mjuk, tettpakka luft rundt ein.
Og Ditta bildet av Theodor Kittelsen har eg forresten på veggen heime, og det e eit av dei finaste måleria eg veit om:

Translation: As a child I loved this fairy tale, and the illustration by Theodor Kittelsen has been hanging on my bedroom wall since I was little.

fredag 8. juli 2011

Insekt x 3

1. Lita bille med flekkar som ein ikkje finn i insektboka.
 2. Tordivel (med grønt skjær, slek Fosnes Hansen skildrar den)
3. Kjempetrekveps.
Eg likar eigentleg å vere i vedaskojen (slek vi seier "vedskogen").

Translation: I kind of like gathering wood for the winter, at least when pretty creatures keep us company.

onsdag 6. juli 2011

Jordbær x 3

1. Jordbær i skål.
 2. Jordbærkjole.
 3. Jordbærdukvekt.

 Translation: Three strawberry things.

tirsdag 5. juli 2011

Om å fylle sommardagane

I dag har eg leita etter livets kjelde blant haiar og sunkne skuter (hurra for barnehagar!), og eg har for fyrste gong i mitt liv følt meg som ein vaktmestar ved å vippe på ein brytar i eit sikringsskåp, og dermed gjort slek at slekta kan koke tevatn til kvelden. Eg har dessutan helst på ei gul åme i dag, som leika pinne, men eg fortalde ho at eg ikkje skulle ete ho, og då smilte ho litt og fann ut at eg eigentleg var ganske morsom å gå på, og kanskje litt varm på grunn av solstrålar eg hadde fanga under huda mi.
Eg vil fly drakar.
Happy Kids Kites by ►CubaGallery

Translation: I fill the summer days with great adventures in the kindergarten, chats with the catepillars, and the wish for kite running.

søndag 3. juli 2011

Postkortsommar

Viss berre sola kjem att,
og sanden blir varm mellom tena (dialektord for "tå" i fleirtal, bestemt form),
 so kanskje ein kan ha stirrekonkurranse med jettegryter og kvarandre.


Translation: Pretty much how a summer day looks like in the novels. I wouldn't mind if such a day came again.

lørdag 2. juli 2011

Om matfear

Sånn omlag ser det ut når ein let ein matfe styre litt på kjøkenet:
Kjenner de nokre matfear?

Translation: This is how it looks like when you let a food fairy have the kitchen for a few minutes.