onsdag 31. august 2011

Haustfint #3: Fuglane

No er det snart tid for trekkfuglane å breie vengjene og snu nebbet mot sørlegare trakter, og rundt overalt kan ein høyre ein fuglemamma som forsøker å gjere ungane sin fyketeknikk endå litt betre, eller fuglekarane møtast og organiserer formasjonane. Det er lyden av oppbrot, og Snusmumrikken i meg vil følgje på og berre vandre, vandre.
Kanskje tek eg på meg snøreskoa og fer på ei lita reise, under greiner og mellom steinar, over møse (mose) og små åsar. Det er då det sler meg at det er ingen vakrare stad om hausten enn akkurat her, og eg tek ei liten sving og endar opp inne på tunet til foreldre, vener og ein hund.
(Øvst ser du ei laksandmor med åtte ungar, og sidan vi ikkje ser dei so gødt, so får dokke sjå ein bokillustrasjon av dei òg.)

Translation: The birds readying themselves for the southern lands.

mandag 29. august 2011

Haustfint #2: Stjernehimmelen

Regnet og skodda ligg som eit lok frå dalside til dalside og gjer det bleikt her nede. Men, når mørkret kjem kan det vere ein idé å sjå ut ein gong til, etter at du har sløkt lyset for natta. For det kan nemleg hende at skodda har vaska himmelen rein for forstyrrande støvpartiklar som til vanleg skjuler ein stor del av stjernene. Det er i slike haustnetter at du innser kor mange dei er.
I natt såg eg og mamma fem meteorar som fauk om kapp gjennom atmosfæren vår.
Dreamscape by gainesp2003

Translation: Another thing I enjoy about autumn: the clear nightsky after a day of rain and fog. Last night, my mother and I witnessed five meteors racing through our atmosphere.

søndag 28. august 2011

Haustfint #1: Ull

Eg likar ull, i alle fall om hausten. Og no er det haust. So no kan eg ta fram ullsingletane, strikkagensarane og ullstrømpebuksene, og begynde å gå med skjerf og tjukkelabbar. Det blir fint.
Untitled by nikolinelr

Translation: Autumn means wool. I've already dragged out my wollen shirts and aunt-knitted sweater, as well as my thick stockings. I'm looking forward to wearing them.

fredag 26. august 2011

Hausten

"No er det oss," det var det han kviskra, i det han la eit kjede av raude rognebær rundt halsen min. Varsamt breidde han kappa si rundt herdane mine,
og saman gjekk vi arm i arm opp vegen, som var pynta med gullgilmande lauv. "Du... blir vel lenger?" spurde eg forsiktig og såg opp på han, og han smilte. Men han sa ikkje noko, og det er jo det eg veit,
at han kan ikkje seie noko heilt sikkert, og då er det betre at han ikkje seier noko i det heile teke. "Men no er det oss," gjentok han, kysste panna mi, og det er kanskje akkurat nok.

Translation: "It is you and me now," he said and wrapped his cloak around my shoulders. I asked if he would stay, and he looked down at me lovingly as he repeated "It is you and me now." Perhaps that is all we need.

onsdag 24. august 2011

Sinéad O'Connor

Det er dama med det skalla hovudet, dei store augene og den klåre stemma. Ho eg ein gong som lita såg på fjernsynet og høyrde syngje ein song so eg vart sitjande framfor fjernsynet sjølv om eg ikkje klarte å få med meg det ho sa, for det var framleis då engelsk var eit vanskeleg språk. Ho som hadde eit namn eg ikkje klarte å kome på før eg såg det fleire år etterpå. Ho som syng vakre songar, til dømes One More Day, A Perfect Indian, The Foggy Dew. Høyr, er de snille.

Translation: Please listen to her singing.

mandag 22. august 2011

Tre smileting på ein måndag

1. Studie med jordbærte og sukker + historie&filosofi om fortid, notid og framtid.
 2. Hybelpizza utan oppskrift, so vart verdas beste hybelpiza nokon gong.
 3. Piggsvin som kanskje er litt for små til å forstå kor stor verda er.

Translation: Three things to make you smile on a Monday.

lørdag 20. august 2011

Seinsommar

- Ete stikkelsbær.
- Filme raudstrupar.
- Legge kinnet mot møsen (mosen) på eikestammen.
- Gre fingrane gjennom mjuk hundepels.
- Plukke tørre strå.
- Syngje nye ord og tonar.
- Brette opp buksebeina i fuktig gras.
- Lytte til tørt lauv som fell mot bakken.
- Lukte på gamle bøker

Translation: Autumn is approaching in a gentle manner. So says the oak.

fredag 19. august 2011

For 25 kroner

Loppemarknadar med kuffort (sånn vi seie "koffert") og tun med yndlingshund er to ting som gjer meg glad.

 

Translation: Flea markets with suitcases and yards with one's favourite dog makes me happy.

onsdag 17. august 2011

Fyrste skuledag

I dag er eg tredjeklassing, størst på skulen med helar og bestemorskjørt.
I dag har eg ete min fyrste kebab nokonsinne.
 I dag har eg truffe att Frøken Ingvaldsen, som hadde stort kamera,
og lettsykkelelgen som hadde endå større kamera.
og dessutan var det i dag lærarar som smilte, og vener i og utafor klassa som gav gode klemmar.

Translation: first day of my last year of high school. It felt good.

tirsdag 16. august 2011

Switchfoot

Fordi eg ikkje klarar å la vere å høyre på dei:






Translation: Because I can't stop listening to them.

søndag 14. august 2011

Litt meir matprat

Når ein har ei hytte dar turistar frå Tyskland og Danmark bur ei veke eller to sommar gjennom, so er det av og til at ein får litt uvante matvarer om hende.
1. Nokre frøaktige korn som eg ikkje heilt veit kva er.
2. Kornblanding med kveite, rug, havre og to ting til. Vi fann ut at det blir veldig gødt om ein blandar litt i vaffelrøra.
3. Frukostblanding som umogeleg kan vere særleg sunn, men som både eg og mamma er blitt særs glade i.
4. Brunt farin. Vi har jo slekt i Noreg òg, men eg anar eigentleg ikkje kva ein brukar det til? Det var gødt på vaflene, då.
(Kom gjernegjerne med erfaringar og tips!)

Translation: When you have tourists from abroad staying in your cabin, you sometimes get your hands on food you're not really used to.

torsdag 11. august 2011

Nye smakar og sånt noke

- Akkar for fyrste gong i mitt liv, frityrsteikt med sursøt saus og ris (og hurra: mitt andre måltid eg fekk i meg berre ved hjelp av etepinnar!) på restauranten Bambus i Førde.
 - Diplomis-is med sommarbær, slett ikkje verst.
 - Mi heilt eiga ukulele, som er kvit, fordi utrifrå raud, svart og kvit, so var sistnemnde det mes uvanlege, og kanskje eg kan dekorere den sjølv?
- Tråling av butikkbokhyller gav endeleg den fangsten eg har leitt etter, og det til berre ein kvart hundrelapp. Eg likar NMS gjenbruk!


Translation: New tastes (squid in sweet and sour sauce and a new type of ice cream) and belongings (an ukulele and a book I've looked for for a long time.

onsdag 10. august 2011

Lydspor: "Chiraoscuro" av Einar Stray

paper dreams by Anna Inghardt
Anna Inghardt

Untitled by v.a.l.e.n
v.a.l.e.n

Untitled by lieke romeijn
lieke romeijn

362.365 by kameron elisabeth
Høyr songen her. Eg har planar om å skaffe meg CDen so snart eg finn den.

Translation: In my opinion, the song "Chiraoscuro" makes a nice soundtrack to these photos. You can listen to the song here, and I'm planning on buyin the CD as soon as I can find it.

tirsdag 9. august 2011

Om å få jord under neglene

Eg likar hagen vår, særleg i august. Oreganoen var passe klar til å takast i dag, fann eg ut, og sjølv om eg lot noko stå att, so vart det ein rimeleg stor bukett. No heng krydderet til tørk i bestestøva vår (vi treng eigentleg ikkje ei bestestøve anna enn til best, so no er bestestøva vår gjord om til tørkestøve), ilag med kantarellen.
Då vi litt seinare gjekk kveldstur, møtte eg ein tordivelven.
"Vi er visst litt like, eg og du," sa eg, og han måtte seie seg einig i det, for jord under neglene hadde vi begge to. "Skjønt, vi er nok litt ulike òg, for eg skimrar ikkje like vakkert som du, tordivel-ven."
"Folk seier eg skimarar vent," sa han, "Men eg har aldri sett det sjølv. Det er vel det same med deg tenkjer eg."

Translation: Today, after having harvested the oregano from our garden, I met with a dor beetle friend.
"We're a little bit alike, you and I," said I, and he agreed as we both had earth under our nails, "though we are perhaps not so very much alike after all, as I do not shimmer as beautifully as you do."
"They say I shimmer rather nicely," said he, "but I have never really seen it for myself. I presume the same goes for you."

mandag 8. august 2011

Blomkålglede

Ein gong i vår var vi innom ein gartnar og fekk med oss åtte små blomkålspirer som vi sette ut på skuggesida av huset, ved sidan av rabarbrane på hjørnet, og i dag var dar tre kvite fine som helste på.
(Blomkål frå hagen smakar tredobbelt so gødt som dei frå butikken, altso!)

Translation: Cauliflowers from your own garden taste trice as good as the ones from the grocery shop!

søndag 7. august 2011

fredag 5. august 2011

Ein regnveirsdag

Etter å ha vore ute i regnet og helsa på froskar og ender, og gått utan hette fordi då blir alle lydar klårare og ein ser meir enn berre rett fram, då ser ein fort slek ut:
 So når ein då smått om senn kjem heimatt, so byter ein av seg alle våte klesplagg og set seg ned og skriv med ein sånn i nærleiken:

Translation: After having walked outside in the rain, meeting with frogs and ducks and ingoring the hood because that way you hear and see verything better, it's nice to come home and change into dry clothes and write a little while drinking green tea.

torsdag 4. august 2011

Fargemoro

- Vassfargar på tube
- Mjuke penslar som formar seg finfint
- To gamle aviser
- Eit yoghurtbeger med vatn
- Ei teikneblokk
- Ingen idé (det kjem av seg sjølv)

Og ein kan gjerne leggje til grøn te og ein japansk film, eller grøn omelett (berre ha i eit par moste blåbær, so blir den grøn på eit vis).

tirsdag 2. august 2011

Glimt

Frå dagens langtur. No er herdane (bestemt form fleirtal av hokjønnsordet herd, som tyder "skulder") mine ganske raude, og eg har funne ut at det å hoppe frå stein til stein kan vere ein smule risikabelt, i alle fall viss du er berrføtt of har bretta buksa opp so langt som råd er. Men det går fint når ein kan sitte nesten heilt ytterst på den store steinen som liksom heng i dalsia, og når ein kan kjøle seg ned med snøv, og studere plante- og insektlivet, og pappa lagar bål so ein kan grille litt.

Translation: Today I walked, got a light sunburn, studied plants and insects, climbed on rocks with bare feet and admired the snow.