torsdag 2. august 2012

Eg pakkar

Tek bøker ut av bokhylla, legg dei i kasser. Likeeins med fat og asjettar, køppar og bestikk. Og ei ause. Eg et kvelds saman med mamma og pappa og vi rundar av måltidet med te og to sjokoladeruter kvar med radioen i bakgrunnen. Pratar. Pappa finn fram ei bok eg ikkje visste han hadde men som eg trur eg kjem til å elske. Vi lagar forresten eigne historier der vi sit. Utdjupar kvarandre sine moment og idear. Eg ringjer broren som er i Bergen for i natt for so å fyke vidare til Skottland og so vidare til York. Minner han på å kjøpe med seg engelsk te heimatt. Hunden tok avreisa hass overraskande bra, kanskje det hjalp å forklare det skikkeleg til ho, det at han blir berre vekke i eit par månadar. Han kjem tilbake i oktober. Om ei veke må eg forklare at eg òg skal reise vekk. Flytte. Men eg skal kome attende. Før oktober ein gong.
Untitled by EYLUL ASLAN

Translation: I'm getting ready to move out next Sunday. I've been emptying my bookshelves and packing plates and cups and forks. I ate supper with my parents before finishing the meal off with two pieces of chocolate and some tea. We talk about books and make stories of our own. I call my brother to remind him to bring with him some tea from York, where he'll be staying for some time. Then he'll return to his studies and come back home in October. In a week I'll be gone too. I'll come home, though, sometime before October.

3 kommentarer:

Synne sa...

Slike prosesser er alltid hyggelige og vemodige på samme tid! Det høres ut som at du og familien din har det veldig fint sammen!

motionocean sa...

Skottland - AWESOME!! skal han studere? Eller bare tomåneders feriering? hihihih

Regnboge sa...

Siv: han studerte dar i fjor vinter, so no ska han besøke nokre vener der. So skal han studere vidare i Noreg ei stund og so kjem han heim til bygda for ei helg.