onsdag 24. juli 2013

So Real

Det som fascinerer meg mest med Jeff Buckley er at stemma hans kan vere røff og engleklår om ein annan.

mandag 22. juli 2013

DSC_2518
"roar of the wave"
(bileta er lenka)
The grasses and trees
Change their colours;
But to the wave-blooms
On the broad sea-plain
There comes no autumn.
                       (Bunya Yasuhide)

torsdag 18. juli 2013

"Crab claws and bottles of rum [eller te] / That's what I'll have"

Desse små augneblinkane som ligg der, lette og skjøre som eit tomt krabbeskal, men like fullt med skarpe, detaljskapande konturar og ei merkbar tyngde, sjølv om den er mindre enn ein pust.

mandag 15. juli 2013

Ein eventyr-roman

Om du ikkje har lese Momo av Michael Ende endå, har du ei fabelaktig oppleving føre deg. Momo, som bur i eit gamalt amfiteater og går rundt i si alt for store herrejakke og sin lappete kjole, har den eigenskapen at ho kan lytte. Verkeleg lytte. Det er eit talent som gjer at mange blir glad i henne og søkjer hennar selskap, både når livet er fint og når ting er vanskeleg, anten dei har mykje å fortelje eller ikkje heilt veit korleis ein skal finne dei rette orda. For alle i nabolaget er løysinga på det meste å "Gå til Momo!".

Etter kvart byrjar dei vaksne å kome sjeldnare og sjeldnare på besøk til Momo i dei gamle ruinane, Den prateglade frisøren blir sur og grinete, og byen blir utvida med store betongbygg som får alle delar av byen til å sjå like ut. Foreldra stoppar ikkje lenger opp for å leike med borna sine, og askegrå menn vandrar rundt i gatene med dei blygrå dokumentmappene sine. Det er mest som om tida er blitt mindre og ikkje strekk til, og Momo finn ut kva som ligg bak, byrjar endå meir uhyggjelege ting å skje.
"Såvidt jeg kan huske har jeg levd bestandig."

torsdag 11. juli 2013

Bland tomtar och troll

Her i Noreg var det (blant andre) Theodor Kittelsen som illustrerte folkeeventyr og måla mystiske motiv frå eventyruniverset. Men svenskane har òg ein kunstnar med riktig vakre, forlokkande penselstrøk. John Bauer er mannen bak desse magiske kunstverka.
kjelde 1, 2, 345

tirsdag 9. juli 2013

Sommarsyslar

- Vitje Bokbyen og ta med seg elleve titlar i bagasjen (og kanskje gløyme att kameraet hjå veninna ein vitja)
- Få sommarvakre brev i posten, fylde med von og gode tankar
- Konkludere med at Lighthousekeeping kanskje er ei av dei vakraste bøkene ein har lese på lenge

- Finne den perfekte blomen på hagesenteret, som ikkje fekk plass i bilen
- Rydde rom i farmorhuset, so ein er eit steg nærare ei eiga skrivestove
- Bake karvekringler og ingefærkake

- Handle på Søstrene Grene for fyrste gong
- Plukke årets fyrste markjordbærstrå
- Forete seg på det som kanskje er dei beste dyrka jordbæra i fylket

- Finne att den elektroniske skrivemaskina frå åttitalet
- Kjøpe nye frimerker
- Lengte litt etter sola

onsdag 3. juli 2013

På tre dagar

Når leselysta verkeleg set inn, har eg funne ut at det er best å berre la den få bruke seg. Og når du har korte bøker, går det fort å lese ut ei bok om dagen.

Translation: When I really get in the mood for reading, I have found that I should do just that. so at times that might be one book a day.