Eventyret om den vesle havfrua på tsjekkisk. Den vakraste adaptasjonen eg har sett, med kostymer og musikk som skapar eit stemningsfullt univers du får lyst til å stige inn i og pakke rundt deg.
Det er mykje vakkert i verda, og ofte ser vi ikkje venleiken med det blotte auget. Då er det fint vi har fotografar som Don Komarechka som fangar og forstørrar dei bitte små snøkrystallane på to millimeter, slik at vi kan ha glede av snøven på eit mikronivå.