Viser innlegg med etiketten tankar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tankar. Vis alle innlegg

fredag 26. desember 2014

A sense of time passed

Vekene fer forbi, anten det er som skyer på ein vindfri dag, eller som sildrande bekkar etter kraftig regn. Men dei forsvinn ikkje. I staden smyg dagane og augneblinkane seg bakom ryggen, kitlar nakken og øyra, passar på at blikket vender framover mot det som kjem, men let herdane støtte seg mot det som har vore og framleis er der bak ein og inst i hjarterota. Minner ein på at ein er ikkje det same mennesket som ein var for tre månadar sidan, fem dagar sidan, i går, men samtidig er det lite som har endra seg.

mandag 1. september 2014

September

No er det haust, og eg går under gule lauv og plukkar opp eit, eit bjørkelauv som nyleg er falle. Eg studerer den trekantliknande forma som skil hengebjørk frå vanleg bjørk, før eg legg lauvet i bukselomma. Om eg ein eller annan gong i løpet av dagen skulle vere i tvil, so kan eg berre kjenne etter og bli viss på at ja, no er det haust.

Men eg treng eigentleg ikkje å forsikre meg noko meir: bjørkene har tydeleg gullstenk i lauvpryden, vinden bles og får greiner og gras til å danse, regnet ligg grått og mjukt i det fjerne, magen er fyld med te og rotgrønsaker, Markens grøde ligg ekstra godt i handa og hjartet dunkar med ny glede.

torsdag 7. august 2014

Stjernesong

Kvart år, når sommaren er på sitt lysaste, gløymer eg kor vakker stjernehimmelen er. Kvart år, når sommaren langsamt glir over mot haust, oppdagar eg kor mykje eg har sakna den. Det blåsvarte djupet med millionar av funklande små lys på, det duse lerretet med ei einsleg stjerne på. Lengten er like stor, same kor mange dei er. Og lengten veks seg større og større inne i bringa til det kjennest ut som om ein må anten sveve eller sprekke.

So syng eg stjernekikkarsongen og får til begge deler på same tid.




Bileta er lenka

tirsdag 1. juli 2014

Å ta til seg og å dele

Før ein fekk sukk for seg var ein inne i den andre sommarmånaden. Det har so langt vore ein strålande sommar, og varmen og finvêret (og det forfriskande ruskevêret innimellom) har gjeve ein fleire høve til å nyte livet, innimellom eksamenslesing og -utøving. Og når livet byr på mange gleder (både kvardagslege og litt ekstra), lyt ein tidvis berre nyte og konsentrere seg om det som er der og då: late kameraet ligge so ein har begge hender fri til å plukke blomar, gestikulere eller klemme, late glimt og episodar lagrast som filmar i si eiga hjerne for so å spele dei om att for seg sjølv og smile av det, late inntrykka forbli uformulerte setningar som aldri blir publiserte nokon stad. Det har vore ganske tynt med innlegg på denne bloggen ei stund, og det har vore godt.

Men samtidig merkar eg at eg har sakna det å dele av alt det fine eg ser og får ta del i. Og no trur eg at eg er klar til å bruke overskotet til ikkje berre å ta til meg, men òg til å dele. Då startar eg like so godt med nokre bilete frå den fyrste fjordturen i juni.

Det er eit faktum at det ikkje blir skikkeleg fjordtur med mindre båtshunden er med, gjerne med snuten retta anten mot sjøsprøyten eller spennande lukter frå land.
 Når vêret er fint, sjøen roleg og dagen ung, høver det fint å utforske litt mindre kjende strender langs fjorden, og jau vart det ein ny favorittplass under asketre.
 Når ein går i fjæra eller sit i sanden, får ein ofte auge på vakre ting.
 Når ein er på steinkobben sitt teritorium, med alle dei luktene det inneber, skal det meir til enn tang og glatte fjæresteinar får å skremme firbeiningen vår.

mandag 5. mai 2014

Spelande vatn

Sola og vatnet syng so fint saman, lydlaust og leikande. Anten det er på berg, over sand eller mot torv, blir musikken uimotståeleg og før du anar det er verda forsvunnen og æva forbi.

onsdag 5. februar 2014

Som ein mumrik

Av og til er det luraste ein gjer å kle seg opp som ein mumrikk eller ein annan slags vandringsmann og berre gå og ikkje halde fast på viktige tankar og idear som er gått i stå. Late tankane kome til ein utan å tenkje, late auga sjå dit ingen seier dei skal sjå, late smilet danse litt for ingen spesifikk grunn.

onsdag 16. oktober 2013

Haustspegel, havspegel

Når verda held pusten og hjartet bankar eit ekstra slag, når ein er midt oppi alt og likevel kjenner seg som ein einaste heilskap utanfor tid og rom. Når skarvane lyfter veng og bryt stilla, stillare enn det brotne.

fredag 30. august 2013

Raudnande bær

No heng rognebæra mørkeraude og tunge ytterst på greinene. Medan du går gjennom kjende gater og stiar, enten på veg mot eller på veg vekk frå noko fint (eller kanskje med noko fint i begge endar), kan du putte ei av dei små raude kulene i munnen og kjenne den svakt bitre, forfriskande smaken som siv ut gjennom skalet når du suttar på den, og du kan smile til deg sjølv eller den som går ved sida di. Du kan tenkje på og ta innover deg alle fargane, smakane og impulsane som den komande hausten lokkar med, med ein palett av fargar som frydfullt utfordrar sansane som har dovna litt vekk i løpet av sommaren.
Og sånn i tilfelle rognen ikkje klarer å produsere nok raudt til lerretet, trør raudhyllen til med sine bær om er litt meir metalliske på farge.

torsdag 22. august 2013

Og ein månad seinare

Av og til er det utruleg deileg å ha ein ting mindre å tenkje på i den store verdsveven, og særleg om ein elles i verda har litt fleire ting å ta seg til og sikte tankane mot enn vanleg. Men no når kvardagen smått om senn er tilbake, er det fint å kunne setje seg ned og få ut bilete og ord no og då. Og ikkje minst ta igjen all den blogglesinga ein har forsømt. Som ein bloggoppstart etter ferien, kjem no nokre bilete frå ein Fjærlandstur i byrjinga av juli, der eg vitja gode folk og kanskje den nest finaste hunden i heile verda, der sommaren var grå og veldig fin med skodde og japanske turistar, og der eg la att ein femhundrelapp og fekk elleve boktitlar tilbake.

torsdag 18. juli 2013

"Crab claws and bottles of rum [eller te] / That's what I'll have"

Desse små augneblinkane som ligg der, lette og skjøre som eit tomt krabbeskal, men like fullt med skarpe, detaljskapande konturar og ei merkbar tyngde, sjølv om den er mindre enn ein pust.

søndag 30. juni 2013

Syrinnetter

Det er i desse lune sommarkveldane når lufta og lyset, som skimrar so svakt at du aldri heilt får det med deg, at konturane blir meir flytande og litt mindre tydelege enn vanleg. Dei blir mjukare, slik at det kjennest rett og lindrande sjølv om du ikkje hadde oppfatta at der var noko som trengde lindring.

 God kveld, vesle bille!

Translation: In these soft summer evenings the light shimmers (as does the air) so vaguely that you never quite manage to catch the glimpse of it, you just sense it is there. The outlines are smudged, less clear than usual, and they grow smoother in order to heal the things which sickness you were not aware of.

fredag 21. juni 2013

Tolmod

Vi hadde eigentleg gjeve opp håpet på at valmuesystra skulle kome. Etter tre år utan blomstring hadde vi tenkt å overgje plassen til ein ny plante. Men so gløymde vi å spa ho opp når sommaren var over, og so tykte vi liksom det var litt gale å ta ho vekk når ho hade bjynt å spire no i vår. Og av og til, dersom ein berre held ut litt lenger enn ein trur ein har tolmod og styrke til, so skjer det vakre ting.

Translation: After three years without blooming, we had decided to give the space of the blue poppy to a new plant. However, having neglected to dig up its root in the autumn, we did not have the hearts to remove it when it displayed its sprouts this spring. And sometimes, if you just linger on things a bit longer than what you expected your patience to endure, beautiful things happen.

onsdag 19. juni 2013

Hattefineri

Eg skulle ynskje alle kunne finne ein hatt som passa ein perfekt, slik at alle hadde blitt so glade i å gå i hatt at ein gjekk i det heile tida og overalt.
Cloche hats (undated) by pellethepoet

Translation: I wish everyone would find the perfect hat to that everyone would wear one all the time.

fredag 7. juni 2013

Sommarstjerner

Har du noken gong lurt på korfor der er so få stjerner å sjå på himmelen no om sommaren?
Det er fordi dei har flytta inn i oss og gjort oss til sommarstjerner

Translation: Have you ever wondered why there are so few stars in the sky in the summer?
It's because they've travelled into us and made us summer stars.

søndag 26. mai 2013

Høgare

Alt søkjer oppover, kvart på sitt vis.
The city's been bled white.
Untitled
sea spray
bileta er lenka til  fotografane

Translation: Everything longs to go higher.

onsdag 24. april 2013

"I am flying on a star into a meteor tonight"

Eller, ikkje akkurat i natt. Men natta som kjem fører ein nærare den kvelden som ligg der framme og får smaragdmålarar og slørhalar til å fyke og symje rundt i magen, litt smånervøse for at alt er eigentleg berre ein tankeleik, ein dagdraum som har gått litt for langt. Slik som i den filmen eller romanen der hovudpersonen fyrst lever eit fantastisk eventyrleg liv, for so å oppdage at alt berre var inne i hans eige hovud. For so å oppdage at han eigentleg lever eit miserabelt og stilleståande liv som aldri går vidare.

Men av og til blir dagdraumar omgjort til realitetar, til konkrete sanningar som er urokkelege og dynamiske på same tid, og som ligg der som eit fast haldepunkt å navigere etter.



Translation: The approaching night will bring one closer to the evening ahead. Essex Emeralds and fantails are flying and swimming in my stomach, worrying whether it is true or whether I will soon wake up to find it to be a stupid daydream. But even daysdreams can become realities.

søndag 21. april 2013

Vinden og eg

Dei siste dagane har det vore so kraftig vind at hengebjørkene svaiar konstant, og lauvverket på rhododendronbusken rett utanfor vindauget mitt kviler aldri. Når ein er ute, bles vinden gjennom håret og ruskar det til, og i krappe kast prøvar den å vrenge av meg jakka, og når eg hentar posten prøvar den å snappe postkortet frå London ut av handa mi.

Det er fyrst no eg innser at vi ikkje har hatt skikkeleg vind på over tre månadar. Eg håpar det ikkje blir like lenge til neste gong, for vinden er so god. Særleg om du føler at du pustar inn den same lufta som du pusta ut, og du treng nokon som kan puste litt saman med deg.
   Winter Winds by Viola Cangi
It's time to live, free, despite wind opposition. by Siréliss
Untitled by Aubry Aragon

Translation: Wind is here, and I just realized it hasn't been around for three months. I have missed it so.

onsdag 10. april 2013

Woodsmoke


No har eg trua på at vinteren har sloppe taket på ordentleg, at blomar og lauv kan spire og dekkje marka, at insekt vaknar frå dvalen so ein kan fare på ekspedisjonar for å observere dei, at sola gjer ein lov til å ha på vårjakke.

Translation: Now I believe the winter has loosened his grip, so that flowers and leaves can start covering the ground, so that insects awake, and so that one can wear light spring jackets instead of heavy winter coats.

søndag 7. april 2013

Medan ein ventar

Medan ein førebur seg til varmare tider ved å forsøke å sy om sommarkjolen som er litt for stor nokre stader og litt for lang andre stader, medan ein les om havet og ynskjer ein kunne krysse det ein gong snart, medan ein et solsikkefrø og tenkjer at det hadde vore moro om ein hadde blitt forvandla til ei vandrande solsikke (i alle fall for ein dag), medan ein drikk chai-te til pensumlesinga som går so treigt fordi det er so inspirarande at ein må stoppe opp for annakvart avsnitt fordi ein får ein idé eller ein annan god tanke som må skrivast ned før den forsvinn, og medan ein oppdagar finurlege og vakre bilete (til dømes dei Johanne sel her): då ventar ein.
                        

(Desse motiva kan du kjøpe i ulike utformingar her.)

Translation: Waiting is best if you make yourself occupied. For instance by eating sunflower seeds, drinking chai tea, reading about the ocean, and discovering the most lovely print you've seen in ages, available for purchase here.

fredag 8. mars 2013

8. mars

Kvinnedagen, dagen då verda rettar litt ekstra merksemd mot oss kvinner og kor flotte, trivelege og viktige vi er. Det er dagen då ein tek på seg raud strømpebukse for å starte praksistimen med å fortelje elevane kva dag det er. Det er dagen då vi smiler til og gratulerer kvarandre med den veksande sigeren vi nyt i samfunnet vårt i dag. Det er dagen då vi unner oss eit kakestykke eller ein kakao fordi vi er kvinner og fordi det er dagen vår i dag. Til lukke med dagen!

Men det er òg dagen for å tenkje på at det ikkje alltid har vore like enkelt å vere ein del av det andre kjønnet. At om vi på papiret har klatra ut av mørkret, so er der framleis fleirfaldige kvinner som har ein lang og vanskeleg veg å gå før likestilling, likeverd og tryggleik som kvinne og som individ er ein realitet. For nokre kan desse tinga knapt kallast ein draum.

Men det går framover, og vi tek aldri pause. Og det er noko å feire.