Viser innlegg med etiketten film. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten film. Vis alle innlegg

mandag 21. april 2014

Stompa forelsker seg

Når gamle klassikarar ein såg som lita går på fjernsynet, blir ein fort særs nostalgisk. Og so blir ein gjerne sittande utover kvelden og lytte til songane som høyrer til.

søndag 8. desember 2013

Málá Morská Víla (1976)

Eventyret om den vesle havfrua på tsjekkisk. Den vakraste adaptasjonen eg har sett, med kostymer og musikk som skapar eit stemningsfullt univers du får lyst til å stige inn i og pakke rundt deg.
(Kjelde 1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8, 9, 10)

søndag 27. oktober 2013

Casablanca

Fram til i går var klassikaren Casablanca frå 1942 eit ukjent verk for meg, og det var verkeleg høgt på tide at eg såg den. Denne filmen har verkeleg alt ein treng av spenning, kjærleik, uventa vendingar, moralske dilemma, kostymer og skodespelarar.
1, 2, 3, 4, 5, 6, 7

lørdag 23. februar 2013

Treasure Planet

Dette er sjørøvarklassikaren omgjort til science fiction-teiknefilm.

I denne versjonen får Jim Hawkins hand om eit kart i form av ei kule som, når ein vrir på den riktige måten, opnar seg og syner vegen til Sjørøvarplaneten. Saman med familievenen Dr. Doppler, og med assistanse frå kaptein Amelia og hennar skip, fer han av garde for å i løyndom finne skatten til den legendariske sjørøvaren kaptein Flint. Men mannskapet på skipet, under leiing av kokken og kyborgen John Silver, er vel klar over målet med reisa og har ingen planar om å late Hawkins, Doppler og Amelia få ta del i rikdomen.

Treasure Planet er ein varm film, og etter mi meining har filmskaparane klart å overføre essensen i Stevenson si bok  til det ytre rom. Vennskapet som utviklar seg mellom Jim Hawkins og John Silver er nydeleg portrettert med dei vanskane og den usikkerheita som følgjer med. Disney skal dessutan ha skryt for at dei  ikkje gav Hawkins ei jente å redde og gifte seg med, noko som gjer forholdet som utviklar seg mellom Doppler og Amelia overkomeleg. Å gjere Silver si papegøye om til eit morfande vesen, og å late den forlatne og gale Ben Gunn vere ein robot er interessante vriar som gjev filmuniverset ein spennande kompleksitet.

I tillegg skal det nemnast at reint estetisk er filmen veldig vakker, og både fargar, utforming og detaljar, og ikkje minst korleis scenene er sett saman, gjer det heile til ei riktig so god oppleving.
1, 2, 3, 4, 5, 6, 8, 9

Translation: I finally got around to watch the film Treasure Planet, Disney's science fiction adaption of the classic Treasure Island. And what a film!

søndag 20. januar 2013

"Measure your life in love"

Musikalen Rent handlar om å klare seg, trass i personlege konflikter og ulikskapar, dårleg råd og sjukdom. Den handlar om å stå saman, om å støtte kvarandre og om å miste kvarandre for ei tid eller for alltid.
1, 2, 3, 4, 5, 6, 7, 8

Translation: Rent is about getting through despite personal conflicts and differences, little money and illness. It is about being together and support one another, and it's about losing a loved one, be for just a year or for the rest of your life.

torsdag 3. januar 2013

It's a Wonderful Life (1946)


Når den unge mannen George Bailey, som har ofra eventyr og reiser til fordel for kvinna han elskar og borna dei har saman, er på veg til å bli ruinert på grunn av åtte tusen dollar som er sporlaust forsvunne, då er det gødt at der ute i universet er ein engel som endå ikkje har fått vengjene sine og derfor treng nokon å hjelpe.

1, 2, 3, 4, 5, 6, 7

Translation: When the young man George Bailey, who chose the love of his life and their children before the exciting life he would've had if he had left home to study and travel, finds himself in financial trouble at the disappearance of eight thousand dollars, it is good to have an angel up there who has to earn his wings by helping someone.

onsdag 14. november 2012

Lembasbrød

I helja var planen å ha Ringdrotten-maraton (altso Ringenes herre-maraton). Diverre vart det litt kluss med filmane, slik at vi måtte nøye oss med å sjå dei tre fyrste Pirates of the Caribbean-filmane i staden, noko som jo òg var grådig triveleg. Og vi åt no litt av lembasbødet eg hadde baka likevel.
Etter litt å ha leita litt rundt på nettet fann eg ei oppskrift som verka overkomeleg. Eg halverte den og tilpassa til det eg hadde i skåp og skuffer. Resultatet vart det scones-aktige brødet de ser over.

Du treng (til eit brød på 20 x 30 cm):
- 2 dl grovt (kveite)mjøl
- 2 dl fint mjøl
- 1/2 ss bakepulver
- 1 krm salt
- 4-5 ss flytande Melange
- 0,4 dl sukker
- 2-3 ss honning
- 0,5 dl mjelk
- 0,5 dl eplenektar

Slik gjer du:
1. Set bakaromnen til omlag 200 grader.
2. Bland mjøl, bakepulver og salt i ein bolle. (Eg føretrekk å bruke tresleiv under heile bakinga.)
3. Ha i flytande Melange.
4. Set til sukker og honning og rør til massen er jamnt kornete.
5. Rør inn væska. Deiga skal vere rimeleg blaut og seig.
6. Hell deiga på eit bakepapir og smør den utover til den er omlag 1,5 cm tjukk over det heile. Det kan vere lurt å skjere deiga opp i ruter før du steiker det, slik at ein lett kan rive seg eit stykke.
7. Steik brødet i 12 minutt midt i omnen. Det kan vere vanskeleg å sjå akkurat når det er ferdig, for det forblir mjukt all den tid det er i omnen, men når den har fått avkjølt seg blir det fast. Ikkje lat det stå so lenge at det blir svart i kantane (slik som mitt blei), for då får delar av brødet ein besk smak!

Translation: Me and some friends were planning to watch the Lord of the Rings film last weekend, and for that occasion I baked some lembas bread, starting out with this recipe, bur ending up with something slightly altered.

torsdag 1. november 2012

De andre

I kveld gjekk Margreth Olin sin film De andre på kino her, og filmskaparen var til stades og snakka litt om filmen før og etter framsyninga. Olin tek her føre seg einslege born som søkjer asyl i Noreg, og som ved avslag blir plasserte på mottak for å førebu seg på å returnere til heimlandet etter fylte 18 år. Ho let oss få møte nokre unge gutar som av ulike grunnar lever i frykt for å måtte reise attende.

Dette er ein utruleg sterk, sår og vond film. Månge stader kan den verke overveldande, delvis på grunn av at Olin har nytta effektar som musikk og nærast poetiske bilete og filmvinklar, men historiene som blir fortalt og tankane som dei unge mennene deler er gripande og det som er mest overveldande av alt. Og det at det som blir fortalt er sant, det er det som gjer mest inntrykk, at noko so tilsynelatande fjernt som krig og menneske på flukt har so vanvittig stor innverknad på nokre menneske sine liv og kjensler. Her, i Noreg.

Translation: This evening I saw Margreth Olin's film De andre (meaning "The others"), concerning the uncertain fate of youths who flee their countries and seek a better and safer life in Norway, only to be placed in institutions and kept there until they turn 18 and can be transported back to their native country. This happens despite the dangers these humans face in the places they fled from.

This is an incredibly strong and hurtful film, and yes, it is a film made to move the watcher and therefore it has music and scenes that might appear to be mere effects, but the stories that are told, and the thoughts that are shared by these young men are the most devastating parts of this film, and these are the parts that make the most remarkable impact on you. It is an important film. Watch it.

søndag 14. oktober 2012

Quest for Camelot

Ein gong eg var lita såg eg ein film på fjernsynet. Eg likte filmen, men eg visste ikkje ka den heitte, eller korleis eg kunne sjå den igjen, so det vart med den eine gongen. So vart eg større og gløymde alt. Nesten. Frå tid til anna ville ei scene dukke opp i hovudet mitt, ei scene der ein blind ung mann stod med eit fiskegarn og sa noko slikt som "det tok meg seks veker å reparere det garnet", og eg ville ikkje ha aning om kor den scena var frå. Fram til no.

I filmen Quest for Camelot møter vi Kayley, dotter til ein av riddarane av Det runde bord, som må flykte frå den onde Ruber og heren hans for å advare kong Arthur og innbyggjarane i Camelot om angrepet som ventar. Men når Kayley får vite at Excalibur, Arthur sitt magiske sverd, er skjult ein stad inne i den Forbudte skogen, då legg ho av stad for å finne det. Og det hastar. Dersom Ruber får tak i sverdet før henne, vil han ha Camelot i si hule hand.

På ferda si møter ho Garrett, ein blind, ung mann som bur i skogen og kjenner alle farer og mogelegheiter, Ayden, ein falk med sølvvengjer, og Devon og Cornwall, to drakar som deler kropp, men har kvart sitt hovud. Saman (som i dei fleste eventyrlege teiknefilmar) reiser dei gjennom skogen i jakta på kongen sitt sverd, med mange farer som lurer framom dei, og bak dei.

Dette er ein film med fleire logiske og mytologiske bristar, men eg kan ikkje gjere anna enn å elske den likevel. Teikningane er vakre, og det er noko spesielt med stemninga. Og truleg har det litt å gjere med at eg likte den som lita.

Translation: I just recently came across the film Quest for Camelot and realized I saw it once as a child and loved it. As I grew older I forgot about the film, but there was one scene (the one where the blind Garrett complains over his broken fish net) which would occasionally appear in my mind, without me knowing where it was from. But now I know, and I have found that I still love this film, despite its logical and mythological flaws.