Viser innlegg med etiketten eventyr. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten eventyr. Vis alle innlegg

søndag 25. januar 2015

Spania | Sommarfuglar

I fjor fekk eg høve til å reise til Spania og vere der ein heil månad i høve studiet mitt. Det var rart å skulle vere vekke når yndlingsårstida mi gjorde fjella og skogane heime so vakre som dei berre blir om hausten, men saknet var forsvann då eg fann ut at den spanske hausten kunne vere retteleg so fin, den òg. Kroppen tilpassa seg raskt dei (for meg) høge temperaturane, og det var rikeleg med ting å sjå og oppleve, både åleine og saman med dei femten andre eg reiste og budde med.

Noko av det finaste vi gjorde, var å vitje eit summarfuglhus. To tusen kvadratmeter dekt av tropiske vekstar og eit ukjent tal sommarfuglar som okkuperte luftrommet rundt oss. Som regel var sommarfuglane å finne rundt matstasjonane med søt nektar...

... eller på ein trestamme der dei synte dei fargesterke vengjene sine...
... eller på nettingen ved klekkestasjonane der dei klamra seg fast for å tørke vengjene...
... eller i ly under frodig lauvverk...
... eller på ein blome for å få i seg næring på den gamle måten...
... eller på eit lauv der dei var fullt synlege og kunne følgje med på det som gjekk føre seg rundt dei.

Det er mogleg det blir nokre fleire glimt frå Spania-opphaldet utover vinteren og våren, for det vart ganske mange fine inntrykk i løpet av turen som eg gjerne vil dele.

lørdag 27. desember 2014

Kveldshimmel

Den spanske solkysten (oktober).
 Dalen og fjella heime (desember).

fredag 5. september 2014

649 m.o.h.

Eg har vore student i Volda i to år no, og fram til i dag hadde eg, trass store planer, ikkje komt meg opp på toppen av Rotsethornet. Men i dag var vêret perfekt for fjelltur i ukjent terreng: ikkje skodde, ikkje våt mark, ikkje regn i sikte, ikkje steikande sol, ingen vind i låglandet, og passeleg temperatur å gå seg varm i. Dermed drog eg og ei veninne på oss turkleda og traska av garde etter lunsj.

Dei fyrste tre timane hadde vi fjellet heilt for oss sjølve, desse tre krabatane var dei einaste vi møtte på. Vi slo følgje eit stykke på vegen, men so fann dei noko som var meir interessant, kanskje saftig gras?
"Tenk om vi kjem opp på toppen og sola bryt gjennom skydekket akkurat då," sa eg medan vi gjekk nede i skogen, og då vi kom over tregrensa gjekk sanneleg ynsket mitt i oppfylling, og landskapet ikring vart lyst opp av små solflekkar.
Då vi var komne opp i høgda lyste det både raudt (av tytebær) og blåsvart (av krekling), ei kjærkoma forfrisking, og ein god grunn til å ta hyppige plukkepausar.
 Fjorden låg etterkvart bada i sollys, og frå tid til anna såg vi ferja og små båtar som for forbi, langt, langt under oss.
Då vi akte oss frampå den vesle klippa nede til høgre på biletet over (bak dei store steinane, so vi var utanfor fare) og såg ned i Torskegjølet, fekk vi eit talande bevis på kor svimlande dei norske fjella kan vere.
Noko av det beste med turen var å sjå korleis dei blådisige fjella langt borte sto i kontrast til det skarpe haustgraset, dei grøne einebærbuskene og bjørkene, og ikkje minst dei raude bæra og lyngen.
Til vår store overrasking var der til og med eit lite vatn der oppe, og det var so umåteleg vakkert å sjå korleis skyene spegla seg i det, innimellom det gule graset.
Og det var so fint på toppen! Det blir nok ikkje ein tur ein tek so ofte (med roleg og utforskande gange brukte vi seks timar opp og ned), men det var vel verdt det.

mandag 14. oktober 2013

York: Steinandlet

I York såg vi mange andlet, og uvanleg mange av dei var av stein. På grava åt erkebiskop Walter de Gray (d. 1255), som ligg i katedralen, er til dømes eit vakkert portrett i stein.
Det føregår alltid reperasjonar, restaureringar og utbyting av delar av York Minster. Om ein går forbi steinhoggarområdet i riktig tid, kan ein vere so heldige å få sjå eit kunstverk eller to, hogd ut av kalkstein.
I sentrum, ikkje so langt frå vikingsenteret, står St. Mary's Church. Når ein går forbi denne kyrkja, held ein lauvspyande skogmann auge med deg.

søndag 6. oktober 2013

York: Rabarbra

Min bror, som har vore i York fleire gongar tidlegare, hadde fortalt meg at rabarbra som smak og ingrediens i diverse matvarer er meir vanleg i Storbritannia enn her i Noreg. Eg tykte det høyrdest veldig bra ut, so i løpet av dei to fyrste dagane gjekk eg på rabarbrajakt.

1. Vi var so heldige at vi kom til byen under York Food and Drink Festival. Det var utruleg månge lekre saker på borda i sentrum, og då eg fann rabarbrafugde var det ikkje tvil om kva eg skulle kjøpe med meg.
 2. Då vi på måndagen for innom supermarknaden Morrisons for å handle inn mat til opphaldet, var det er fryd å oppdage at det gjekk an å kjøpe rabarbra i lausvekt. Det er nesten grunn god nok til å flytte dit.
 3. I bakvaresavdelinga fann eine veninna mi ei rekkje paiar, og vi kjøpte med oss ein med rabarbra fordi den såg so god ut. Det var den for øvrig òg.
 4. I Storbritannia har dei eit enormt utval av Activia-yoghurtar. Og ja, òg her var rabarbraen teken med i smaksutvalet.

Og nei, eg er endå ikkje lei rabarbra.

torsdag 19. september 2013

Sveve

Sky Light
(biletet er lenka)
Tidleg søndag morgon lettar eg (sjølv om eg svevar litt no òg, i reisefeber), og når eg set føtene mine på landjorda att, er det på ein heilt framand stad. Der skal eg bli omkransa av vakre aksentar, og medan eg sit på toget siste biten skal eg kanskje lese litt, eller berre stirre ut på det ukjende landskapet.

No drikk eg siste koppen med lavendelte, og vonar at eg skal finne ein stad i York som sel den, sånn at eg kan kjøpe med meg eit lite lager heim.

torsdag 22. august 2013

Og ein månad seinare

Av og til er det utruleg deileg å ha ein ting mindre å tenkje på i den store verdsveven, og særleg om ein elles i verda har litt fleire ting å ta seg til og sikte tankane mot enn vanleg. Men no når kvardagen smått om senn er tilbake, er det fint å kunne setje seg ned og få ut bilete og ord no og då. Og ikkje minst ta igjen all den blogglesinga ein har forsømt. Som ein bloggoppstart etter ferien, kjem no nokre bilete frå ein Fjærlandstur i byrjinga av juli, der eg vitja gode folk og kanskje den nest finaste hunden i heile verda, der sommaren var grå og veldig fin med skodde og japanske turistar, og der eg la att ein femhundrelapp og fekk elleve boktitlar tilbake.

fredag 28. juni 2013

Ein fyrste og siste gong

Det vart ein ufrivilleg bloggpause frå onsdag kveld då blindtarmsvedhenget byrja å gjere seg til kjenne. Men når ein har legar som raskt gjev rett diagnose, og når ein blir sett som nummer to i operasjonskøen, og når kirurgane er so dyktige at ein blir utskriven frå sjukehuset ein time etter at ein er vakna frå narkosen (under tjue timar etter at ein merka at noke var gale), då er det til å bli veldig glad av. Og å ha Amanda Palmer-songar på hjerna store delar av tida hjelp på humøret, det òg.


Translation: In less than twenty hours from first noticing the symptoms of Appendicitis, I could leave the hospital after awakening from a successful surgery. It is such a good feeling to have doctors and surgeons that are able to identify and remove a problem in such a short period of time. And having Amanda Palmer's songs in my head most of the time made me feel even better.

torsdag 9. mai 2013

Småkjendis (Fridtjov Oos' legat)

Den tidlegare nemnde prisen har ført med seg månge gratulasjonar frå fjern og nær, kjende og litt mindre kjende. Dessutan blir ein gjerne intervjua over telefon, slik at ein får ei heilside i lokalavisa og blir omtala på framtida.no. Og når ein kjem heim, vågar til og med ville hjortar seg litt nærare, kanskje for å gratulere på sin måte?

Translation: Having won a prize a few weeks ago, I have recieved quite some attention in my local area. Even the deer come closer to congratulate.

mandag 29. april 2013

Nokre fyrste gongar

- Å ete kjøpte makronar (og finne ut at heimelaga er betre).
 - Å gå langs bokhyllene i Maritabutikken i over ein halvtime, heilt åleine med seg sjølv og titlane.
 - Å fare på søndagsmarknaden på Birkelunden.
 - Å skode på pastellhusa medan ein ventar på trikken på Høyskolesenteret.
 - Å gå so nære Slottet før ein tek vegen gjennom Slottsparken.
 - Å finne ein kjole som har tilnærma likt mønster som voksduken på farmorkjøkenet.
 - Å motta Fridtjov Oos' legat (under blir eg gratulert av Marta Norheim, som delte ut prisen og var i juryen).
- Å ete lunsj på Åpent Bakeri.

Translation: I've been enjoying Oslo with a lot of new experiences.

mandag 15. april 2013

Om litt

Plutseleg vart det slengt inn ein liten ferie (med pensumbøkene i veska) innimellom all forelesning. Om ti dagar får eg sjå Oslo att. Det blir fyrste gongen eg vitjar hovudstaden om våren, og eg har trua på at byen vil vere like vakker som vanleg. Kanskje til og med litt meir?

Translation: In ten day's I'll say hello to Oslo. This will be the first time I visit the city in springtime, and I believe if will be a nice experience.

torsdag 24. januar 2013

Om å trasse kulda

I går fekk eg selskap av ei veninne og hunden (som ikkje heilt skjønte at bandet følgde etter der den gjekk).
Skog og busker og lyng og bruer var dekte av store snøroser.
Og noken helste til og med på oss då vi kom gåande på vegen. Han sakna sikkert ei hand å sitje på.
Isen var full av bobler og sprekker og var so solid at ein kunne ha dansa polka til langt på natt, sett vekk ifrå det faktum at det var glatt.
På heimvegen følgde vi dei siste solstrålane.

Translation: Yesterday we went on an adventure on the ice and along an unknown road in the wood. We discovered many things.

fredag 21. desember 2012

Den store soljakta

Vi fann ho til slutt.

Translation: We went to look for the sun. We found her at last.