Viser innlegg med etiketten mat. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten mat. Vis alle innlegg

lørdag 31. januar 2015

Spania | Frukthagen

Den månaden eg var i Spania, budde eg og dei andre studentane i ein liten oase mellom byen og dei karrige fjellsidene. Vi fordelte oss på seks småhus og leilegheiter på ein heller stor eigedom, og rundt og mellom husa var det fullt av tre som gav skugge og som spreidde ei mjuk, svakt krydra og frisk lukt. Der var store furutre og kaktusar, mimosa og pecantre, og til og med silketrådtre og bambus. Men dei trea eg vitja mest på mine små hagevandringar, var frukttrea, og særleg etter at husverten vår oppfordra oss til å plukke so mykje frukt vi berre orka.

Dei mest talrike trea var dei som bar lime. Fruktene var ikkje modna då vi kom, og seinare gløymde eg diverre av å prøvesmake dei, sjølv om eg er viss på at dei hadde fått det spanske vatnet til å smake merkbart friskare.Men fine var dei, trea! Å ete på restaurant i gamlebyen like ved, var for øvrig ikkje heilt risikofritt: Ein gong var ein lime ti-tjue centimeter frå å treffe ein engelsk turist i hovudet.
I tillegg til limetre var der òg to tre som bar noko med litt meir farge, nemleg mango. Eg er litt usikker på om det var to ulike mangosortar, eller om det hadde med næring og stell å gjere, men det eine treet hadde mange og små frukter, medan det andre hadde store og fåtalige. Dei minste mangoane var lette å få tak i, og var dessutan modne før dei i nabotreet, og det var ei god kjensle å hauste sin fyrste mango.
 Dei siste frukttrea var heller blyge av seg i starten, men i midten av oktober hadde sharonfruktene (som òg ber namna persimon og kaki) fått ein freistande, glødande oransjefarge, og dei losna velvillig frå stilken so eg fekk smake. Sharon er desidert ei av mine favorittfrukter, so det var eit lite eventyr å kunne gå og plukke etter som ein fekk lyst på. Dessutan fungerer dei utmerka å steike saman med kylling, eller til å ha saman med ris og krydder. Og husverten delte gjerne tips og idear til korleis ein kunne tilberede dei.
Og for å kome litt tilbake til dei store mangoane: Etter kvart tok toppfruktene til å dette ned slik at eg nådde tak i dei òg, so sant eg kom til frukta før hønene, grisane, eselet og ponniane. Og det var verkeleg blant dei beste mangoane (som òg er ei favorittfrukt) eg har smakt.


torsdag 17. juli 2014

Grøde

Grønsaker, bær og frukt modnar fort i år, men smakar ikkje mindre av den grunn.

søndag 6. oktober 2013

York: Rabarbra

Min bror, som har vore i York fleire gongar tidlegare, hadde fortalt meg at rabarbra som smak og ingrediens i diverse matvarer er meir vanleg i Storbritannia enn her i Noreg. Eg tykte det høyrdest veldig bra ut, so i løpet av dei to fyrste dagane gjekk eg på rabarbrajakt.

1. Vi var so heldige at vi kom til byen under York Food and Drink Festival. Det var utruleg månge lekre saker på borda i sentrum, og då eg fann rabarbrafugde var det ikkje tvil om kva eg skulle kjøpe med meg.
 2. Då vi på måndagen for innom supermarknaden Morrisons for å handle inn mat til opphaldet, var det er fryd å oppdage at det gjekk an å kjøpe rabarbra i lausvekt. Det er nesten grunn god nok til å flytte dit.
 3. I bakvaresavdelinga fann eine veninna mi ei rekkje paiar, og vi kjøpte med oss ein med rabarbra fordi den såg so god ut. Det var den for øvrig òg.
 4. I Storbritannia har dei eit enormt utval av Activia-yoghurtar. Og ja, òg her var rabarbraen teken med i smaksutvalet.

Og nei, eg er endå ikkje lei rabarbra.

lørdag 11. mai 2013

Med kvitveis på bordet

Nudlar med egg, avocado, rista loff og steikte pølsebitar med opphakka graslauk.

Translation: Noodles with eggs, avocado, toasted bread and sliced sausages with chopped chives.

onsdag 6. februar 2013

Internasjonal dag

I dag er det internasjonal dag, noke som vart markert på storemåten på høgskulen. Vi hadde undervisningsfri etter kløkka elleve og kantina var full av folk. Dei utanlandske studentane på høgskulen diska opp med spesialitetar frå sine land, både i kledning, underhaldning og i matvegen, og tidlegare utvekslingsstudentar frå Noreg deltok òg på programmet. Utruleg spennande og rimeleg mettande. Og eg har oppdaga at Turkish Delight er det beste snopet etter sjokolade, men pass på: før du veit ordet av det blir du lokka i ei felle. Vi måtte posere saman med to lærarar frå Tyrkia-standen.

 Translation: Today we celebrated the International Day at my college, and it turned out to be quite a feast.

søndag 27. januar 2013

Lavendelte

Velduftane og lindrande, perfekt når ein sit med kraftig (men herleg) gangsperre i låra og er stuptrøytt etter å ha hatt jentekveld til kløkka eitt (som jo er veldig lenge når ein føretrekk å leggje seg kløkka ti). Pøsen er snart tom, so eg må anten sende broren til York for å kjøpe inn meir, eller so lyt eg ta meg ein tur sjølv. Til hausten, kanskje. Rimeleg sikkert. Om alt går som planlagt.

Translation: This lavendel tea is perfect when you're tired and sore after hikes in the mountain and conversations to one in the morning.

fredag 18. januar 2013

Enklaste måten

Av og til er det greitt å gjere det veldig enkelt. Her i veka sat vi for eksempel i kantina og var einige om at vi fór til ei av oss til kvelden, og vi trengde ikkje ta med noke, men so hadde noken teke med noke likevel og det vart nysteikte muffins frå pøseblanding og sjokoladeglasur. På enklaste måten.

Translation: Sometimes it's all right to make it simple. The other day, for instance, we sat in the cafeteria after school and agreed on coming to one of my friends' place, with no big plans. And then one of my other friends turned up with the ingredients for cupcakes, and then we made them and poured chocolate icing on them and ate them. Simple as that.

mandag 10. desember 2012

Suppe-måndag

Tips til korleis å få ein god start på veka: samle saman nokre vener, ein handfull instrument og lat vegetarianarveninna di lage middagen. Resultatet er veldig oppløftande.
Supa (2) by RegnbogeSupa (3) by RegnbogeSupa (4) by RegnbogeSupa by Regnboge

Translation: How to make the start of the week better: invite some friends over to your place, gather a handful of instruments and let your vegetarian friend cook dinner.

onsdag 5. desember 2012

Juleverkstad

No har eg laga heimelaga drops for fyrste gong, og du verda kor kjekt det er! Sjølv om ein ikkje alltid får det heilt til, men då er det nesten endå kjekkare. Av fem brett vart berre eitt øydelagt, og det seier vi oss nøgde med. Og dei va himla gode!Candy by RegnbogeCandy by RegnbogeCandy by RegnbogeCandy by Regnboge

Translation: Me and some friends got together to make candy. It was easier than I had thought, and 
the result was incredibly tasty. Perhaps a bit too tasty.

onsdag 14. november 2012

Lembasbrød

I helja var planen å ha Ringdrotten-maraton (altso Ringenes herre-maraton). Diverre vart det litt kluss med filmane, slik at vi måtte nøye oss med å sjå dei tre fyrste Pirates of the Caribbean-filmane i staden, noko som jo òg var grådig triveleg. Og vi åt no litt av lembasbødet eg hadde baka likevel.
Etter litt å ha leita litt rundt på nettet fann eg ei oppskrift som verka overkomeleg. Eg halverte den og tilpassa til det eg hadde i skåp og skuffer. Resultatet vart det scones-aktige brødet de ser over.

Du treng (til eit brød på 20 x 30 cm):
- 2 dl grovt (kveite)mjøl
- 2 dl fint mjøl
- 1/2 ss bakepulver
- 1 krm salt
- 4-5 ss flytande Melange
- 0,4 dl sukker
- 2-3 ss honning
- 0,5 dl mjelk
- 0,5 dl eplenektar

Slik gjer du:
1. Set bakaromnen til omlag 200 grader.
2. Bland mjøl, bakepulver og salt i ein bolle. (Eg føretrekk å bruke tresleiv under heile bakinga.)
3. Ha i flytande Melange.
4. Set til sukker og honning og rør til massen er jamnt kornete.
5. Rør inn væska. Deiga skal vere rimeleg blaut og seig.
6. Hell deiga på eit bakepapir og smør den utover til den er omlag 1,5 cm tjukk over det heile. Det kan vere lurt å skjere deiga opp i ruter før du steiker det, slik at ein lett kan rive seg eit stykke.
7. Steik brødet i 12 minutt midt i omnen. Det kan vere vanskeleg å sjå akkurat når det er ferdig, for det forblir mjukt all den tid det er i omnen, men når den har fått avkjølt seg blir det fast. Ikkje lat det stå so lenge at det blir svart i kantane (slik som mitt blei), for då får delar av brødet ein besk smak!

Translation: Me and some friends were planning to watch the Lord of the Rings film last weekend, and for that occasion I baked some lembas bread, starting out with this recipe, bur ending up with something slightly altered.

lørdag 13. oktober 2012

Med eple- og soppsaus

(innunder all risen ligg det ein snitzel)
Ostesnitzlar, ostepanettar og steaklets smakar stort sett det same, og eg tykkjer at det fort blir kjedeleg å skulle lage noko av det til middag, sjølv om eg berre har ete det ein gong tidlegare i haust. So då eksprimenterer ein litt. Og lagar noko skikkeleg gødt.

Du treng (til to porsjonar som ikkje går an å ete opp åleine):
1/2 - 1 snitzel/panett/steaklet
1 porsjon basmatiris
1-2 sjampinjongar
1/2 grønt eple
Ei klype oregano (gjerne heimedyrka)
Salt og pepar etter smak
Litt mjelk eller matfløyte

Slik gjer du:
1. Kok ris som det står på pakken
2. Skjer soppen i små skiver og kutt eplet i korte stavar.
3. Steik snitzelen/panetten/steakleten slik du likar best.
4. Ta snitzelen/panetten/steakleten ut av panna, og hell soppen, eplet og krydder opp i panna.
5. Røresteik i eit par minutt før du tilset nok mjelk til at det dekkjer botnen på steikepanna, og rør litt meir til mjelka er kokt litt inn.

Et gødt!

Translation: I had a good dinner today. 

torsdag 11. oktober 2012

In the Backseat

macarons by chizuru-bis
But in the backseat, 
In the backseat of the car 
What a place to think things through 
In the backseat, 
You can find out who you are, 
And decide what you should do

                                                           Jonas Alaska

Til dømes er baksetet ein ypparleg plass å smake makronar for fyrste gong, særleg dersom bilen er full av kjekke veninner. Ekstra bonus dersom makronane har vanilje- og sitronsmak og er laga av jenta som sit i førarsetet.

lørdag 29. september 2012

Tre tips

1. Viss du skal ha potetstappe og kalkunkjøtbollar til middag, men tykkjer det er so kjedeleg: lag cherrytomatblomar og strø over.
2. Viss du skal sende ei gebusgåve til nokon, men ikkje har innpakkingspapir: byt ut ein tepose med gåva og legge i ein konvolutt full av tepøsar.
3. Viss du har sett eit boktips på ein fin blogg: stikk innom ein bruktbokhandel og leite i hyllene der. Og kanskje er du so heldig at det akkurat den dagen er siste dagen med septembersal, slik at du får Jules Verne-boka, som du òg hadde tenkt å kjøpe, gratis når du kjøper Far Goriot til 60 kroner.

Translation: Three problems and solutions. 1. If you think mashed potatoes and meatballs are boring to look at: add a couple of flowers made of cherry tomatoes. 2. If you are to send a birthday gift to someone, but do not have wrapping paper: replace the tea bag with the gift and put it in an envelope together with loads of tea. 3. If you've read about a book which you want to read, check the local second hand bookshop and see if you find it there. Maybe you're even as lucky as to get another book for free because of the September sale!

torsdag 6. september 2012

When in America...

Eg unngår hamburgarar og pommes frites når eg et ute. Særleg dersom kafeen er ein del av ei fastfood-kjede. Det er delvis fordi det som regel luktar utruleg rart på slike stadar, og delvis fordi hamburgarane på slike stadar ser grådig uidentifiserbare ut: osten ser ikkje ut som ost, og brødet ser ikkje ut som brød, og so vidare.

Men på den andre sida er eg veldig for å smake på lokale rettar når du reiser til ein ny plass, om maten ser aldri so forstyrrande eller ufordøyeleg ut. Difor hadde eg lova meg sjølv at når eg skulle opphalde meg i Amerika, då skulle eg òg ete som folk i Amerika. Dermed for vi på Braum's.

Middagen besto då av ein liten hamburgar med ost og sylteagurk, ein pøse pommes frites og eit glas sjokolademilkshake. Det smakte litt betre enn frykta, osten var faktisk ost. Milkshaken var som milkshake pla vere. Og det var ubegripeleg mettande. So etter å ha pressa i seg siste biten av burgaren (for våre amerikanske slektningar likar ikkje at vi let noke vere att på tallerkenen) lente eg meg tilbake på den vesle sofabenken og takka for maten og erklærte at no var eg stappmett. "You mean you won't have dessert?" "No thank you, I'm quite full." "But the reason we took you here was because of the ice cream!"
Og då var det ikkje anna råd med enn å gå bort til isdisken, ta imot rådet om å ta den isen med smak av svart valnøtt, og med eit håpefullt smil seie at eg vil gjerne ha ei lita kule, for so å finne ut at ei lita, amerikansk kule tilsvarar to-tre vanlege kuler her i Noreg. Men: svart valnøtt-is er himla gødt.
Eg kjem ikkje til å gjenta eit slikt måltid.

Translation: I usually stay away from fastfood such as burgers, because I find that kind of food rather suspicious. But when in America, do as Americans do. The black walnut ice cream was the best, even though I was so full it's a wonder I managed to eat it.

onsdag 25. juli 2012

Spring Creek Barbeque

I dag hadde pappa plutseleg kokkelert og sett fram grillribbe, ris og hickory-saus på kjøkenbordet, og det tok meg tilbake til ein av kaféane vi var på i Texas, nemleg Spring Creek Barbeque.

Den einsame Texas-stjerna var ein viktig del av inventaret (skjønt den på duken var langt frå einsam).
Matordninga var på den måten at du gjekk fyrst bort til ein disk, der du fekk ei viss mengde grillkjøt (kylling, ribbe o.l.) som du betalte for. Etter det gjekk du over til ein annan disk, der du la på alt du ville ha av salat, makaroni og ost, dressing, og (Hickory)saus. Tilbehøret kunne du fylle på so månge gongar du følte behov for det. I tillegg kom det rett som det var ei jente forbi med ferske rundstykke som du fekk med på kjøpet.
Grunnen til at dei kunne servere fers bakst, var at dei hadde eit eige hjørne til nettopp tillaging og steiking av rundstykka, noko som førte til at den liflege dufta av ferskt brød blanda seg med lukta av grilling og middagsmat som fylte rommet elles.
Heldigvis var det mogeleg å ta med seg restane heimatt slek at vi nordmenn, som ikkje heilt visste kva vi gjekk til (og på langt nær kor mektig maten var!), ikkje måtte ete opp alt saman.

Translation: Some pictures from the barbeque place we went to when we were in Texas. Every time I eat Hickory sauce, I think of that place.