I starten av dette semesteret tok eg til å skrive på bacheloroppgåva mi (om korleis fortlejingar kan brukast for å fremje læring), og i månadane som følgde var kvardagen min i hovudsak sentrert rundt det å forske, analysere og skrive. Men om det var aldri so spennande, so måtte eg sjølvsagt gjere litt andre ting òg, om eg skulle halde fram med å vere eit nokonlunde oppegåande menneske. Her er nokre ekstra lyspunkt frå dei siste månadane:
- Å få Fantomet-bladet i posten kvar månad
- Å vere innom både X2-festivalen og Den norske dokumentarfilmfestivalen i Volda
- Å sjå gjennom og redigere bilete frå Spania
- Å finne ut at podcast eigentleg er ein veldig fin ting
- Å lære seg å strikke boblemønster
- Å bli introdusert for musikken til Sufjan Stevens
- Å bruke timesvis i skogen for å filme til kortfilmprosjekt i norsken
- Å lage grautmiddag for ti personar (og invitere til grautfrukost dagen etterpå)
- Å handle blomar til hagen heime saman med mamma og pappa
- Å feire vener som fyller år
- Å oppdage Gro Dahle si diktsamling Regnværsgåter
- Å lage seg kakao til frukost før ein lang arbeidsdag
Viser innlegg med etiketten lister. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten lister. Vis alle innlegg
søndag 31. mai 2015
torsdag 22. januar 2015
15 i 2015
- Godkjent tema til bachelorgoppgåva
- Høgfrekvente bibliotekbesøk for å finne litteratur til eiga forsking
- Fredrik William Olsen på øyret
- Nye ullunderklede
- Forelesningar om norske dialektar
- Pannekakerøre på flaske
- Ettermiddagste hjå gode menneske
- Det perfekte vinterskjørtet x 2
- Svarttraster i nakne vintertre
- Ein serie som er nett høveleg mellom arbeidsøkter (Pushing Daisies - sjå den!)
- Gamle brosjer på kragen og på jakka
- Masse grønsaker i kjøleskåpet
- Eit skåp som snart er tomt for te (og som snart skal fyllast opp att)
- eric av Shaun Tan
- Ein strikkagensar som er 1/3 ferdig

tirsdag 14. januar 2014
Leseplanar
bileta er lenka
Av og til prøver eg å lage stablar og lister av bøker som eg skal lese i løpet av ein viss tidsperiode, gjerne i ei viss rekkjefølgje. Men etter mykje prøving og tilsvarande mykje feiling, har eg no utarbeidd eit leseplan-system som vonarleg skal gjere det mogleg å vere spontan og impulsiv i kva eg les, samtidig som eg held eit visst fokus. Planen er slik at eg skal lese:
- minst 3 bøker med russisk forfattar
- minst 3 science fiction-bøker
- minst 3 noveller av ulike forfattarar
- minst 3 bøker av filosofisk karakter
- minst 3 bøker eg er skeptisk til på grunn av omslaget
- minst 3 italienske bøker
- minst 3 biografiske bøker
Talet tre er so fint med det at, dersom eg ikkje likar kategorien (eller at eg finn so mange bøker utanom som eg heller vil lese), so kan eg likevel seie at eg har vore innom. Dessutan er det heller ingenting som hindrar meg i å forsdjupe meg endå meir dersom eg kjem over fleire lokkande bøker.
torsdag 28. november 2013
Pausebøker
Dette er ei liste over bøker som høver gødt som pausebøker mellom oppgåveskriving og pensumlesing: Skriv 200 ord, les nokre sider her; Les eit kapittel, ta til deg (og omset?) eit vers eller tre der; Fyll margen med notat, sjå på nokre vakre illustrasjonar innimellom.
- Den store mummiboka
- Paul Géraldy: Toi et Moi
- Olav H. Hauge: Dagbok 1924-1994. I utval.
- Shaun Tan: The Arrival
- Collins dictionary of Astronomy
- Den store mummiboka
- Paul Géraldy: Toi et Moi
- Olav H. Hauge: Dagbok 1924-1994. I utval.
- Shaun Tan: The Arrival
- Collins dictionary of Astronomy
tirsdag 29. oktober 2013
5 gode ting
1. Lupinar som dannar små felt av djup lilla farge i vegkanten.
2. Boka The Great Gatsby av F. Scott Fitzgerald. Hadde ein berre hatt denne vakre utgåva frå 2012, i staden for Wordsworth Classics-utgåva med blått omslag.
3. Nettstaden nobrow.net, som er full av rare, fantasifulle og finurlege bøker og illustrasjonar. Eg er spent på å sjå korleis The New Ghost er å halde og bla i.
4. Songen til grankrossnebben
5. Elevar ein blir meir og meir glad i til meir ein blir kjende med dei.

mandag 16. september 2013
Gebushelg-liste
- Nonstop-tekøpp på den tradisjonelle gebuskaka
- Hagerunde som resulterte i ein bukett av blå kornblomar og raude nellikar mellom lupin-blad
- Lag på lag med ull for å fare på fisketur på føremiddagen
- Å få fem gongar so mykje fisk som pappa
- Hundehale med krøll
- Orientalsk gull (te) i køppen
- Levering av det fyrste arbeidskravet i haust
- Latterkrampe etter midnatt
- Vedafyring i støva

onsdag 28. august 2013
Ei Volda-veke
- Nye skrivebøker med blånke ark
- Loppemarknad
- Feiring av vener som fylde år om sommaren, med ballongar og cookies og grilling
- Rognebær som heng tungt på greinene
- Gründercamp på fireogtjue timar
- Symaskindur
- Pensumbøker i postkassa
- Lærarar som spanderer pizza på heile klassa
- Brevfåing og -skriving
- Spaserturar langs stiar og vegar
- Siste rest av yndlingsteen
- Pakistansk mango
- Kafébesøk der ein må slå saman fleire bord for å få plass til alle

tirsdag 9. juli 2013
Sommarsyslar
- Vitje Bokbyen og ta med seg elleve titlar i bagasjen (og kanskje gløyme att kameraet hjå veninna ein vitja)
- Få sommarvakre brev i posten, fylde med von og gode tankar
- Konkludere med at Lighthousekeeping kanskje er ei av dei vakraste bøkene ein har lese på lenge
- Finne den perfekte blomen på hagesenteret, som ikkje fekk plass i bilen
- Rydde rom i farmorhuset, so ein er eit steg nærare ei eiga skrivestove

- Bake karvekringler og ingefærkake
- Handle på Søstrene Grene for fyrste gong
- Plukke årets fyrste markjordbærstrå
- Forete seg på det som kanskje er dei beste dyrka jordbæra i fylket
- Finne att den elektroniske skrivemaskina frå åttitalet
- Kjøpe nye frimerker
- Lengte litt etter sola
mandag 24. juni 2013
Jonsok (og andre sommargleder)
- Lesnad som ikkje er relatert til pensum (t.d. Tess of the D'Urbervilles og Tex Willer)
- Å få til å slå graset i bakkane med stuttørve (ein kort ljå)
- Jonsokkveldar som ser ut til å vere tekne rett ut frå eit Nikolai Astrup-måleri
- Ny fjellbukse som gjer lengre turar endå meir freistande
- Hundepotar som trippar av glede kvar morgon, når ein går ut på trappa for å helse på
- Å oppdage nye plantar på nye stader (den under heiter myske, eller Galium odoratum)
- Fine steinar i elver og vatn som blir putta i lomma før dei får pynte opp glaskarmen i støva (stova)
- Dyfta av ryllik og syriner
- Toreskyer som ikkje er svarte og skremmande, men blå og nærast lokkande
- Å kunne søve so lenge ein vil, eller til ein blir vekte av lukta av frukost (eller middag)- Bloggkonkurransar som er til å smile av (slik som Siv sin)
- Kjensla av at ein er komne so langt i livet som ein aldri før har vore, samtidig som at heime er slik det alltid har vore, trygt og lunt og kjært.
fredag 14. juni 2013
Heimkoma
- Bø med midjehøgt gras
- Blomstrande, lyseblå iris
- Ny klassikar å lese
- Mjukt sommarregn som akkurat ikkje når det øvste trappetrinnet der ein sit og ser på
- Peppermynte som overlevde vinterfrosten likevel
- Rabarbragraut
- Hundehår på kleda etter etterlengta hundekos
- Meldingar til dei ein saknar allereie

søndag 2. juni 2013
Midt mellom eksamenar
- Blåse løvetannfrø utover verda
- Kjøpe lys som luktar kirsebær
- Få foreldrebesøk som har med blåbærpai, heimefiska fisk og te
- Lese ut ei halv og ei heil bok på ein dag
- Ha vindauget ope heile dagane
- Gå tur i regnsvale kveldar
- Ete vassmelon
- Lytte til Nick Cave,Tim Buckley og PJ Harvey sine stemmer om einannan
- Plukke liljekonvall og humleblom ved elva
- Gå berrføtt
- Spele ukulele
- Øve seg på å ha gullsoler med smilande andlet festa til øyreflippane
- Lese til eksamen

søndag 5. mai 2013
Gleder tidleg i mai
- Lauv som snart faldar seg ut
- Kvitveisøyer på veg til veninnebesøk
- Samtaler om kor sær, men samtidig fascinerande, koreansk populærkultur er
- Is og sjokoladecookies
- Forteljingar frå Den store mummiboka
- Fine hårknutar
- Ny, hekla ven frå ei fin veninne- Lyse kveldar med lett vårregn
- Mimring saman med gamle vener
Translation: It is quite good to have reached the month of May.
mandag 29. april 2013
Nokre fyrste gongar
- Å ete kjøpte makronar (og finne ut at heimelaga er betre).
- Å gå langs bokhyllene i Maritabutikken i over ein halvtime, heilt åleine med seg sjølv og titlane.- Å fare på søndagsmarknaden på Birkelunden.
- Å skode på pastellhusa medan ein ventar på trikken på Høyskolesenteret.
- Å gå so nære Slottet før ein tek vegen gjennom Slottsparken.
- Å finne ein kjole som har tilnærma likt mønster som voksduken på farmorkjøkenet.
- Å motta Fridtjov Oos' legat (under blir eg gratulert av Marta Norheim, som delte ut prisen og var i juryen).
- Å ete lunsj på Åpent Bakeri.
Translation: I've been enjoying Oslo with a lot of new experiences.
tirsdag 23. april 2013
Bokdag
I høve verdas bokdag (som eg gjekk nesten ein heil dag utan å vite at var), so let eg meg inspirere av Regndrope og lagar ei lita bokliste. Her følgjer nokre bøker som eg tykker høver til lyse vår- og sommardagar i graset under eit epletre, eller på sengekanten med ope vindauge som slepp inn den lune nattelufta, i von om at desse dagane og nettene snart er i emning.
Forester, C. S.: Midshipman Hornblower
Grahame, Kenneth: Det suser i sivet
Hamsun, Knut: Victoria
Hansen, Erik Fosnes: Beretninger om beskyttelse
Hardy, Thomas: Under the Greenwood Tree
Hemmingway, Ernest: The Old Man and the Sea
Jansson, Tove: Farlig midtsommer
Lewis, C. S.: Prins Caspian
Petterson, Per: Ut å stjæle hester
Vesaas, Tarjei: Fuglane
Translation: A list of books which I find suitable for sunny days of spring and summer, preferably read while sitting beneath an apple tree, or just before you go to sleep with the mild night air seeping through your open window. I hope those days and nights will be here soon.
onsdag 17. april 2013
50 grunnar til å like engelsk
amend gnaw
elucidate perpetual
mortification succumb
moult conglomeration
soar smug
mesmerizing mollify
foliage endorse
conundrum murmurous
annahilate petrichor
meticulous enrapture
chalice diligence
forfeit moist
ascent elquence
demure impetuous
marvel current
ordain solace
squander tendril
amass intersperse
undulate accuracy
mirth infernal
ambrosia amid
illuminate relegation
vulpine ardently
protrude adamant
insolence impede
Translation: 50 reasons why English is a beautiful language

torsdag 4. april 2013
Mellom påskeferie og skule kan ein
- Bruke femti kroner på frimerke som klistrast på brev til gode folk
- Fare på helsekost- og asiatbutikkar og raske med seg te, ris, frø og tørka sopp
- Følgje ordkjensla og plukke med seg ei bok ved namn Hjem til havet (Salje), i tillegg til Anne Franks dagbok og Gift (Kielland). Sjølvsagt til den nette sum av kroner 30
- Bli kalla "dame" av 70-årige kvinner
- Klemme hybelsambuarar og vener
- Lese pensum
- Føre inn viktige datoar på kalendaren
- Drikke ettermiddagste medan ein et middag
- Sitje i pysjbukse og hettejakke og tjukkelabbar
Kom gjerne med utvidingar til denne lista!

onsdag 27. mars 2013
Pauseliste
- Time på time ute i frisk luft
- Litt mindre roman-lesing enn planlagt
- Dagar som blir kveld og som blir morgon i litt ujamne intervallar
- Nye Willer-favoritthistorier
- Kråkebollekikking (og -fisking)
- Veksande vedhaugar
- Meir eller mindre frivilleg skigåing
- Oppdaging av nye holer og hus under og mellom steinar
- Sjokolade
- Tjukkegensar og ullstilongs
- Dompap og gråsisik på brettet
- Gamle andlet

onsdag 6. mars 2013
Vårsmileliste
- Hybelrom som luktar krydderte etter at ein ikkje rakk å drikke opp tekøppen i dag tidleg.
- Rosa jus til middagen.
- Våren som blir sterkare (snøfnugga som dalte gjennom lufta forsvann før dei tok i jorda).
- Svart- og kvitflekkete kattar som snik seg forbi vindauget om morgonen.
- Stripete sokkar.
- Fisherman's friend.
- Blyantstrekar som går saman til fine motiv.
Translation: Things that makes me smile now as it's almost spring: Finding my room smelling wonderfully because of the spiced tea which I forgot to drink as I left for school this morning, Pink juice for dinner, the spring growing stronger, cats sneaking past my window, striped socks, Fisherman's friend, pencil line which meet and cross in pretty pattern and motifs.

tirsdag 12. februar 2013
Gleder framover
- Å bli ferdig med det siste av tre arbeidskrav som har okkupert heile helja og fyrste delen av veka
- Å planleggje valentinsdag med flotte jenter
- Å fare hyttetur til helja, med dei same jentene som nemnt over
- Å byrje førebuinga til tre veker i praksis i slutten av februar og nesten heile mars
- Å ha planleggingsmøte i Amnesty angåande markering av 8. mars
- Å søve lenge på torsdag

onsdag 23. januar 2013
Korfor onsdagar er ekstra bra
- Ein ekstra time å vakne på
- God tid til å finne ut at ein vil gå i kjole
- Leonard Cohen på øyret ("There is a crack in everything / That's how the light gets in)"
- Jasminte i køppen
- Walcott-dikt for auget
- Ord i bringa
- Kjapt repetere engelskleksa (om vokalar)
- Sjå himmelen gå frå blågrå til lyseblå til gull
- Handlelisteskriving

Abonner på:
Innlegg (Atom)