søndag 8. desember 2013

Málá Morská Víla (1976)

Eventyret om den vesle havfrua på tsjekkisk. Den vakraste adaptasjonen eg har sett, med kostymer og musikk som skapar eit stemningsfullt univers du får lyst til å stige inn i og pakke rundt deg.
(Kjelde 1, 2, 3, 45, 6, 7, 8, 9, 10)

fredag 6. desember 2013

Krystallar

Det er mykje vakkert i verda, og ofte ser vi ikkje venleiken med det blotte auget. Då er det fint vi har fotografar som Don Komarechka som fangar og forstørrar dei bitte små snøkrystallane på to millimeter, slik at vi kan ha glede av snøven på eit mikronivå.
ChromeIce rainbow
Oak leaves or feathers?
Capped Column
Asymmetriad
Almost triangle

torsdag 28. november 2013

Pausebøker

Dette er ei liste over bøker som høver gødt som pausebøker mellom oppgåveskriving og pensumlesing: Skriv 200 ord, les nokre sider her; Les eit kapittel, ta til deg (og omset?) eit vers eller tre der; Fyll margen med notat, sjå på nokre vakre illustrasjonar innimellom.

- Den store mummiboka
- Paul Géraldy: Toi et Moi
- Olav H. Hauge: Dagbok 1924-1994. I utval.
- Shaun Tan: The Arrival
- Collins dictionary of Astronomy

tirsdag 19. november 2013

For tida er dagane fylde med ordleiting og ordsmiing, tekøppar, instrumentalmusikk, filmopplevingar, viktige telefonsamtaler, lengting mot ting som finst der ute, samtidig som det kjennest heilt riktig å vere akkurat der eg er. Eg har tjukkelabbar på føtene kvar dag, og tidvis heng klipsøyredobbar på øyreflippane. Eg tek til meg av gode formuleringar, og prøver å omstille hjerna raskt når nye arbeidskrav skal skrivast. Og so er der stunder, slik som no, når alt ein treng gjere er å sitje med ein køpp grøn te og sjå ut på dei mjuke snøfluksene som legg seg på bakken i eit stadig tjukkare lag.

søndag 10. november 2013

Hauge

For tida er det to bøker som til ei kvar tid ligg attmed hovudputa mi: Dikt i samling og Dagbok 1924 - 1994 (Utval) av Olav H. Hauge. Å lese det som står skrive mellom desse permane er so utruleg vakkert, gjevande og tankevekkjande. Og ofte so veldig sårt. Av og til blir eg berre so overvelda av Hauge si evne til å setje ord saman at eg får klump i halsen og ikkje klarer å ta meg til med noko nyttig. Men det er heilt i orden.

Alltid ventar eg å finna (frå Glør i Oska)

Alltid ventar eg å finna
noko som gjev livet verd,
noko som er verdt å vinna,
som kan lyfta meg og tvinna
stål i viljen, stø mi herd.

Løysa meg frå tvils forbanning
so eg audmjuk bøygjer kne
for ei evig livsens sanning
som kan gje meg rettvis kanning,
mål å gå mot, tru og fred.

Sæl er den som strekt er dregen
og ser Herrens finger skriv.
Orm vert stav, og logeslegen
busk vert grøn att. Leit deg vegen
fyrr den stutte dagen sviv!

torsdag 7. november 2013

søndag 3. november 2013

Uventa skattar

Då auga mine vandra langs titlane og forfattarnamna i Bokmannen-hyllene, stansa dei då dei kom over namnet Erik Bye. Ein kjær songar og songskrivar, men for min del var det eit ukjent faktum at han òg hadde skrive romanar. Med ei nyfiken han valde eg ut ei av bøkene som sto der og byrja å sjå litt nærare på den.
Det fyrste eg kom over var eit skeptisk ugleblikk på lysegrøn bokmerkebakgrunn, som kunne fortelje meg at boka var kjøpt hjå Giertsen i Småstrandgaten ein gong i tida.
Då eg bladde to sider vidare, var det dette som møtte meg. Forfattaren sin eigen signatur i blått blekk.
Det er klart at denne boka skulle bli med meg heim for 45 kroner!

tirsdag 29. oktober 2013

5 gode ting

1. Lupinar som dannar små felt av djup lilla farge i vegkanten.

2. Boka The Great Gatsby av F. Scott Fitzgerald. Hadde ein berre hatt denne vakre utgåva frå 2012, i staden for Wordsworth Classics-utgåva med blått omslag.

3. Nettstaden nobrow.net, som er full av rare, fantasifulle og finurlege bøker og illustrasjonar. Eg er spent på å sjå korleis The New Ghost er å halde og bla i.

4. Songen til grankrossnebben


5. Elevar ein blir meir og meir glad i til meir ein blir kjende med dei.

søndag 27. oktober 2013

Casablanca

Fram til i går var klassikaren Casablanca frå 1942 eit ukjent verk for meg, og det var verkeleg høgt på tide at eg såg den. Denne filmen har verkeleg alt ein treng av spenning, kjærleik, uventa vendingar, moralske dilemma, kostymer og skodespelarar.
12, 3, 4, 5, 67

onsdag 16. oktober 2013

Haustspegel, havspegel

Når verda held pusten og hjartet bankar eit ekstra slag, når ein er midt oppi alt og likevel kjenner seg som ein einaste heilskap utanfor tid og rom. Når skarvane lyfter veng og bryt stilla, stillare enn det brotne.

mandag 14. oktober 2013

York: Steinandlet

I York såg vi mange andlet, og uvanleg mange av dei var av stein. På grava åt erkebiskop Walter de Gray (d. 1255), som ligg i katedralen, er til dømes eit vakkert portrett i stein.
Det føregår alltid reperasjonar, restaureringar og utbyting av delar av York Minster. Om ein går forbi steinhoggarområdet i riktig tid, kan ein vere so heldige å få sjå eit kunstverk eller to, hogd ut av kalkstein.
I sentrum, ikkje so langt frå vikingsenteret, står St. Mary's Church. Når ein går forbi denne kyrkja, held ein lauvspyande skogmann auge med deg.

onsdag 9. oktober 2013

Tilbake til kvardagen

Når overgongen frå det eine til det andre er brå og ein er slengt inn i kvardagen med pensum og arbeidskrav, er det gødt å kunne starte dagen med musikk som liksom held ein eit par millimeter over bakken, og som gjer gråvêret klingande vakkert, med tonar som svirrar rundt kanten av kjoleskjørtet.

søndag 6. oktober 2013

York: Rabarbra

Min bror, som har vore i York fleire gongar tidlegare, hadde fortalt meg at rabarbra som smak og ingrediens i diverse matvarer er meir vanleg i Storbritannia enn her i Noreg. Eg tykte det høyrdest veldig bra ut, so i løpet av dei to fyrste dagane gjekk eg på rabarbrajakt.

1. Vi var so heldige at vi kom til byen under York Food and Drink Festival. Det var utruleg månge lekre saker på borda i sentrum, og då eg fann rabarbrafugde var det ikkje tvil om kva eg skulle kjøpe med meg.
 2. Då vi på måndagen for innom supermarknaden Morrisons for å handle inn mat til opphaldet, var det er fryd å oppdage at det gjekk an å kjøpe rabarbra i lausvekt. Det er nesten grunn god nok til å flytte dit.
 3. I bakvaresavdelinga fann eine veninna mi ei rekkje paiar, og vi kjøpte med oss ein med rabarbra fordi den såg so god ut. Det var den for øvrig òg.
 4. I Storbritannia har dei eit enormt utval av Activia-yoghurtar. Og ja, òg her var rabarbraen teken med i smaksutvalet.

Og nei, eg er endå ikkje lei rabarbra.

torsdag 19. september 2013

Sveve

Sky Light
(biletet er lenka)
Tidleg søndag morgon lettar eg (sjølv om eg svevar litt no òg, i reisefeber), og når eg set føtene mine på landjorda att, er det på ein heilt framand stad. Der skal eg bli omkransa av vakre aksentar, og medan eg sit på toget siste biten skal eg kanskje lese litt, eller berre stirre ut på det ukjende landskapet.

No drikk eg siste koppen med lavendelte, og vonar at eg skal finne ein stad i York som sel den, sånn at eg kan kjøpe med meg eit lite lager heim.

mandag 16. september 2013

Gebushelg-liste

- Nonstop-tekøpp på den tradisjonelle gebuskaka
- Hagerunde som resulterte i ein bukett av blå kornblomar og raude nellikar mellom lupin-blad
- Lag på lag med ull for å fare på fisketur på føremiddagen
- Å få fem gongar so mykje fisk som pappa
- Hundehale med krøll
- Orientalsk gull (te) i køppen
- Levering av det fyrste arbeidskravet i haust
- Latterkrampe etter midnatt
- Vedafyring i støva

torsdag 12. september 2013

Nye siffer

Stille og roleg skal eg nyte mine siste timar som tenåring: Med lesing av fine brev innimellom pedagogikk og Shakespeare, skriving av viktige oppgåver, og kanskje nokre sting i eit søtt og vimsete stoff som har fått den riktige forma og berre treng dei siste tilpassingane. Slik let eg den nittenårige livet mitt gå over i eit anna elveleie med to nye siffer. Det å bli ein dag frå tjue har gått i akkurat passe tempo, og no skal eg late dagen kome, stille og mjukt som ein pust frå haustvinden utanfor.

tirsdag 10. september 2013

September, je t'aime

Ved turstien blir det fleire og fleire gule blad, og når sola skin gjennom dei gråblå haustskyene, blir alt gull. Ein les fag og ler med vener om ein annan, vekslar på å vere innanfor og utanfor husveggane, dreg pusten djupt inn og kjenner på alle luktene som høyrer hausten til. Det er som om hausten hjelper ein å puste, slek at det blir lettare å ta til med ting som ein eigentleg ikkje har sett seg tida til, eller som ein eigentleg ikkje har hatt mot til, men som ein innerst inne har hatt lyst til (sjølv om det er noke som kan verke ganske lite).

fredag 6. september 2013

Målerimagi

Russiske lakkmåleri er so forlokkande og eventyrlege at eg ofte skulle ynskje eg kunne spasert rett inn i dei, berre for å vere ein del av det, for å vere til av sleke vakre fargar og linjer.












































Kjelde 1, 2, 3, 4, 5

søndag 1. september 2013

Haustkveld

No er fyrste haustkvelden her, med regndrypp på graset utanfor og eit nytt bilete på mummikalendaren, med kakao i magen (og ein ullgensar rundt) og lukta av nybakt ingefærkake i alle rom i hybelkjellaren. God haust!
Rainy autumn
Det du har vore,
er berre ein skugge langt inn i kvelden.
Alt du har bore,
sorg og glede frå alle sumrar,
mognast i mørkret til ei underleg makt,
som mennesket ikkje skjønar.
                        (Utdrag frå "Augustkveld" av Tor Jonsson)