fredag 22. august 2014

Sjeleleg materialisme

1. Bokfangst frå loppemarknad og supertilbod på bokhandelen.
2. Ein lyseblå kval med knappeauge som venta på meg i postkassa, fordi inspirerande Terese hadde ein konkurranse på bloggen sin der ein skulle dele eit bra sitat. Om du lurer på kva eg delte, kan du gå inn her. Kvalen fekk selskap av ein annan kval (ein spekkhoggar) og ein hekla bamse, begge gåver frå viktige menneske i livet mitt.
3. Ein kvast peppermynte som er større enn noko år tidlegare, og som no heng til tørk i bestestova heime.

søndag 17. august 2014

Sommareventyr

For lenge, lenge sidan (ein tidleg kveld seint i juni), møttest ni bygde(og by-)ungdomar og pakka seg inn i to bilar for å køyre til fjells.
Med i sekken var reker, muffins og anna snadder som dei ni eventyrarane gladleg momsa i seg for å gjere seg feite, medan praten gjekk livleg der dei mimra om både gamalt og nytt, laust og fast.
Med fyr på bålet, fleece- og ullpledd både under og over seg og strikkajakker kring kvar ein kropp, var det ingen som fraus. Etter kvar kom der fleire til som ville få heten i seg, anten det no var den som kom frå pledd eller av hjartevarme.
Kvelden vart lang og lenger enn lang, og himmelen og fjella synte seg frå si vakraste side. Då vatnet tok nattsløret på, var det på tide å forevige stunda i ei rekkje bilete i einsemd og i flokk.
Og er dei ikkje komne attende, so er dei der oppe framleis.

I alle fall i tankane.

torsdag 14. august 2014

Skoddeskumring

Rett før det skumrar er då det er aller finast å gå tur om sommaren. Særleg når skodda kjem snikande.

søndag 10. august 2014

Farmorkjole

Nett i det vi vart skubba frå land, tok regnet til å dryple ned, og vassmengdene frå skyene auka meir og meir, men ut på vatnet skulle vi, for endeleg var det eg som skulle ro trebåten. Og å vere på vatnet i grått ruskevêr er i grunn like so koseleg som å vere utpå i skinande sol. Men tørt er det ikkje Og då vi kom i land etter roturen, nedanom farmorhuset, med gjennomvåte bukselår og klissblautt hår, var det berre ein ting å gjere for å unngå sommarforkjøling: bryggje seg ein kopp te og finne fram ein av kjolane etter farmor, med ruter, lommar og knappar heile vegen (og som synte seg å passe heilt perfekt!).

Trur aldri eg har fått blemmer på toppen av nedste fingerledd før.

torsdag 7. august 2014

Stjernesong

Kvart år, når sommaren er på sitt lysaste, gløymer eg kor vakker stjernehimmelen er. Kvart år, når sommaren langsamt glir over mot haust, oppdagar eg kor mykje eg har sakna den. Det blåsvarte djupet med millionar av funklande små lys på, det duse lerretet med ei einsleg stjerne på. Lengten er like stor, same kor mange dei er. Og lengten veks seg større og større inne i bringa til det kjennest ut som om ein må anten sveve eller sprekke.

So syng eg stjernekikkarsongen og får til begge deler på same tid.




Bileta er lenka

mandag 4. august 2014

Selskap frå dyreverda

No er tistlane for det meste visna, men medan dei sto frodige vart det fleire ekspedisjonar til tistelplassen vår for å leite etter insekt. Og i år traff eg på gullbassen etter å ha gått to år utan å sjå han i området. Det gledar!
Når graset har vakse seg stort att etter den fyrste slåtten, kjem både ein og to og sju hjortar ned på bøen for å få seg noko mat. Då er det fint å stå i vindauget og sjå på korleis dei prikkete kalvane leikar rundt dei beitande kollene. Og om ein er heldige får ein til og med sjå ein hjortekalv die!
Kvar gong eg får eit insekt på handa, prøver eg å få det til å gå over på nasa mi. So langt har eg lukkast med det to gonger. Fyrst var det ein vanleg augestikkar, og sist var det ein brunspraglete liten krabat.
Og eg kan ikkje hugse sist eg hadde so mange frekner. Hurra for sol (og for regnet som no gjev kjølige temperaturar som gjer at ein kan gå i ullabbar)!