Viser innlegg med etiketten skattar. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten skattar. Vis alle innlegg

fredag 22. august 2014

Sjeleleg materialisme

1. Bokfangst frå loppemarknad og supertilbod på bokhandelen.
2. Ein lyseblå kval med knappeauge som venta på meg i postkassa, fordi inspirerande Terese hadde ein konkurranse på bloggen sin der ein skulle dele eit bra sitat. Om du lurer på kva eg delte, kan du gå inn her. Kvalen fekk selskap av ein annan kval (ein spekkhoggar) og ein hekla bamse, begge gåver frå viktige menneske i livet mitt.
3. Ein kvast peppermynte som er større enn noko år tidlegare, og som no heng til tørk i bestestova heime.

søndag 10. august 2014

Farmorkjole

Nett i det vi vart skubba frå land, tok regnet til å dryple ned, og vassmengdene frå skyene auka meir og meir, men ut på vatnet skulle vi, for endeleg var det eg som skulle ro trebåten. Og å vere på vatnet i grått ruskevêr er i grunn like so koseleg som å vere utpå i skinande sol. Men tørt er det ikkje Og då vi kom i land etter roturen, nedanom farmorhuset, med gjennomvåte bukselår og klissblautt hår, var det berre ein ting å gjere for å unngå sommarforkjøling: bryggje seg ein kopp te og finne fram ein av kjolane etter farmor, med ruter, lommar og knappar heile vegen (og som synte seg å passe heilt perfekt!).

Trur aldri eg har fått blemmer på toppen av nedste fingerledd før.

søndag 6. juli 2014

Laksefluger

Med fleire elvar i nærområdet og fiskeglade folk i fleire generasjonar bakover, var eg ikkje overraska då pappa kom berande med tre flugeboksar som hadde vore farfar sine. Då eg opna dei fekk eg derimot noko eg ikkje hadde venta meg. Fiskefluger kan vere vakre, det visste eg jo, men at dei kunne vere so fine (og særleg etter so mange år) hadde eg ikkje drøymt om.

Etter å ha beundra dei ei stund kom vi fram til at dei i grunn var for fine til å bruke. Dessutan var det visst dei brune, mørke flugene som gav mest fisk i si tid, og eg reknar med at laksen sine preferansar ikkje har skifta særleg mykje sidan den gong.

søndag 27. april 2014

Ein blir aldri for vaksne

 I påska bar eg ei stor kasse opp på rommet til bror min, kor vi opna den og tok ut det lenge etterlengta innhaldet.
So tok vi til å byggje. Broren las brukarrettleiinga, medan eg gjekk inn i rolla som litt utolmodig syster som helst berre ville setje saman med ein gong utifrå intuisjonen (den fungerte for øvrig fint på takbygginga!).
Etter kvart kom både veggar og golv på plass, og ein kunne bjynde å fantasere om korleis ein skulle innreie herlegheita.
 Og plutseleg (etter tid vi ikkje talde) stod borga klar, og vindebrua kunne senkast.
 Og so kunne Playmo-figurane og vi feire at alt var sett i stand!

lørdag 8. mars 2014

Flaskepost

Då eg var på vindvandring i dag, gjekk eg eit lite stykke langsmed vatnet for å lytte til bølgjene som slo ivrig innover land. Nett i det eg var i ferd med å snu og gå attende, vart blikket mitt fanga av noko gult som låg i strandkanten, akkurat utanfor bølgjene si rekkevidde. Då eg gjekk bort for å sjå nærare, viste det seg å vere ein flaskepost. Den heilt fyrste flaskeposten eg nokon sinne har fått, faktisk.
På eit vis bar flaskeposten preg av å ha vorten til i ein naudssituasjon, med det at papiret var ein oppriven smågodt-pose. Det var situasjonen der og då som kravde at meldinga vart skriven med det same.
Meldinga, derimot, tyder på at sendaren var utanfor fare då han eller ho skreiv flaskeposten. Språkføringa var ei blanding av sunnmørsdialekt og engelske ord som somme norsktalande har adoptert.


søndag 3. november 2013

Uventa skattar

Då auga mine vandra langs titlane og forfattarnamna i Bokmannen-hyllene, stansa dei då dei kom over namnet Erik Bye. Ein kjær songar og songskrivar, men for min del var det eit ukjent faktum at han òg hadde skrive romanar. Med ei nyfiken han valde eg ut ei av bøkene som sto der og byrja å sjå litt nærare på den.
Det fyrste eg kom over var eit skeptisk ugleblikk på lysegrøn bokmerkebakgrunn, som kunne fortelje meg at boka var kjøpt hjå Giertsen i Småstrandgaten ein gong i tida.
Då eg bladde to sider vidare, var det dette som møtte meg. Forfattaren sin eigen signatur i blått blekk.
Det er klart at denne boka skulle bli med meg heim for 45 kroner!

tirsdag 29. oktober 2013

5 gode ting

1. Lupinar som dannar små felt av djup lilla farge i vegkanten.

2. Boka The Great Gatsby av F. Scott Fitzgerald. Hadde ein berre hatt denne vakre utgåva frå 2012, i staden for Wordsworth Classics-utgåva med blått omslag.

3. Nettstaden nobrow.net, som er full av rare, fantasifulle og finurlege bøker og illustrasjonar. Eg er spent på å sjå korleis The New Ghost er å halde og bla i.

4. Songen til grankrossnebben


5. Elevar ein blir meir og meir glad i til meir ein blir kjende med dei.

mandag 14. oktober 2013

York: Steinandlet

I York såg vi mange andlet, og uvanleg mange av dei var av stein. På grava åt erkebiskop Walter de Gray (d. 1255), som ligg i katedralen, er til dømes eit vakkert portrett i stein.
Det føregår alltid reperasjonar, restaureringar og utbyting av delar av York Minster. Om ein går forbi steinhoggarområdet i riktig tid, kan ein vere so heldige å få sjå eit kunstverk eller to, hogd ut av kalkstein.
I sentrum, ikkje so langt frå vikingsenteret, står St. Mary's Church. Når ein går forbi denne kyrkja, held ein lauvspyande skogmann auge med deg.

lørdag 8. juni 2013

Laurdag

Ein gong kan det kome ein dag då du oppdagar at det er laurdag, og at du ikkje har hatt laurdag med skikkeleg laurdagskjensle på fleire veker. Då føresler eg at du startar dagen med ein gamal episode 20 spørsmål med yndlingsforfattaren din, akkopagnert av iste og ein enkel frukost, før du legg eit skjerf rundt halsen (dersom det er kjølig), sleng på deg ei jakke med hette (dersom det er regn i lufta) og pakkar veska med penn og papir, eit handlenett og to hundre kroner kontant, helst samla i ein stor, blå seddel. Det gjer ein litt nostalgisk og tenkje på at ein i lommeboka har ein papirlapp verdt to hundre kroner, og at dei pengane skal ein bruke på akkurat det ein har lyst til.
Fyrste stopp er kanskje gjenbruksbutikken der dei har bøker til ti kroner stykket og koppar til ein femmar. Og når ein finn ein blå kopp med kvite skyer og to bøker, då gjer det ikkje so mykje at Bokmannen over vegen er stengd. So kan ein vandre litt igjen, svinge innom helsekostforretninga der det finst te og fleire spennande varer, før ein endar runda på Asia-matbutikken der dama bak disken tipsar ein om verdas beste juice, og ein plukkar med seg diverse varer som ser gode ut.

mandag 18. mars 2013

Til den nette sum av kroner 117

(19 + 19 + 10 + 25 + 19 + 25)
Når ein tek turen innom bruktbokhandelen og sidan oppdagar at den andre bokhandelen har nittenkroners-sal, då blir det fort ein liten bokoverdose.

Translation: These books were mine for 117 NOK (£13.37).

fredag 1. mars 2013

Start

Mars starta med nysnøv og slaps i vegane, Ofelaš i dei tre fyrste (og einaste) praksistimane for dagen, samtaler om kinesisk og ukrainsk historie i samanlikning med norsk, postkontormann som, sjølv om han er i motsett ende av rommet og sjølv om eg berre har henta post med han to eller tre gonger, ropar ut "Hola señorita!" som om vi er gamle kjenningar, og i pakken med to malaysiske frimerker (trur nesten eg skal bjynde å samle på dei igjen, sånn at eg i det minste får fyllt ut den eine frimerkeboka eg har heime) var intet ringare enn ei gul R.E.M.-t-skjorte frå Monster-turneen i 1995. Om resten av dagane i mars er berre halvparten so gode og innhaldsrike, so skal eg seie meg utruleg nøgd!

Translation: Marchstarted off with snow, the film Ofelaš, conversations about the history of China and Ukraine compared to Norway, the post office man who, even though I'm at the opposite end of the room, and even though I have only been there twice of thrice before, shouts out "Hola señorita!" as I pick up the package with Malaysian stamps containing a yellow R.E.M t-shirt from the Monster tour in 1995. If the rest of the days in March turn out only half as nice as today, I will consider myself incredibly happy.

mandag 24. desember 2012

Julero

Akkurat slik skal jula vere. Gledeleg jul til dokke alle!

Translation: Christmas, just as it ought to be. Merry Christmas to you all!

onsdag 12. desember 2012

Til å smile av

Av og til blir dagen betre på uventa måtar, til dømes ved at ei i klassa lagar dikt om deg. 

Translation: Sometimes your day turn out better for unthinkable reason, for instance by one of your friends writing a poem about you.

fredag 27. juli 2012

Strandfunn (I høve forlis)

Tøg (tau). Det er jo veldig greit å finne slengande, for då veit du at du er litt tryggare dersom du skulle forlise og må byggje ei hytte eller lage eit våpen eller kva no som måtte bli nødvendig. Då er det best å ha noko å feste ting saman med.
Kaprifol. Botaniske studiar høyrer jo med viss ein skulle hamne på ei aude øy ein ukjend stad.
 Skrukketroll. Om provianten tek slutt, so kan ein lyte ty til drastiske tiltak (heldigvis hadde vi kapteinkjeks, so vi trong ikkje gå so langt som å ete småkryp).
 Solbriller. Slek at du kan speide ut over horisonten sjølv med sola i andletet, for å speide etter skip som kan kome og redde deg.
 Drivved. I fine fargar. Slek at du både kan kveike opp eit varmt bål, og bygge og pynte opp den provisoriske bustaden, sånn i tilfelle du skulle bli buande dar ei lengre stund.

Translation: We had a jolly good day by the fjord today, and found many things that might be useful if you should land on a deserted island and not get away from there. Rope (for tying things together with), rare flowers (to study and examine), woodlouses (jus tin case you should run out of food), sunglasses (so that you can stare out on the horizon, even when it's sunny) and driftwood (to light a fire and to build and decorate your temporary dwelling).

tirsdag 1. mai 2012

Farmorkjole

 Den er rosalilla med lyserosa og lyseblå teikningar på som liknar rare, kantete sjøstjerner (eller kanskje er det slik stjerner eigentleg ser ut bakom det vi kan sjå med teleskopa våre?). Det er so rart at ein må smile og elske den likevel. Den har ein rund V-hals med band som kan knytast som ei stor sløyfe på bringa.
Ermane er akkurat passeleg lange, og puffar seg litt ved handleddet.
 Og skjørtet ligg i brettar og rekk til litt under knea, og snurrar kjempefint ilag med ein.

Translation: This dress belonged to my grandmother.

fredag 27. april 2012

Kreativ post

Nokre av dokke les kanskje bloggen til Tine Katrine, og har fått med dokke at ho har begynt å lage skikkeleg fine brev. Her om dagen var eg kjempeheldig og fekk eit, med søte ting både inni og utanpå.


Translation: I recieved this gorgeous letter from Tine Katrine a few days ago.

søndag 6. november 2011

Om glasflasker

Den fyrste glasflaska eg fekk, var djup blå (djupare enn på bildet under), og fungerte ei stund som flaske til blåbærsafta som eg helte ut nokre dråpar frå på ein stein, for å lage blåveir då eg va lita.
Dei to neste flaskene vart med heim etter å ha funne fram alle dei gamle saftflaskene i farmorkjellaren. Den grøne i midten av biletet og den brune litt nedanfor til høgre, dei står på bordet her heime no.
I dag fann eg ei ny flaske som blir med i samlinga mi av farga glasflasker, og inneheldt tidlegare avalkoholisert kyrkjevin og har ein liten rullring på tuten.
 
Translation: I like bottles of coloured glass very much, and here you see a few bottles that have found their way to my home.

mandag 3. oktober 2011

Hohner

 For ein del år sidan, so stod det ei skykkje (hus som blir brukt til ved, oppbevaring og diverse) på tunet vårt. Då vi skulle rive den, fann vi ei kasse med ein toradar oppi. Verken mamma eller pappa veit kven i familien som hadde eigd den, og den vart liggande kassa si nede i kjellaren.
Belgen har ein del hol, og noko av treverket rundt knottane på eine sida er vekke, og dessutan er råmeverket på belgen ganske rusta. Men. Alle knottane går an å trykke inn, og alle gjev lyd frå seg! Reine og fine lydar òg, so no kan eg spele skala, og eg har nesten funne fram nasjonalsongen.

Translation: Despite the fact that it has been lying in its wooden box for years without being used, simply because we didn't quite know where it came from and how to play, it turned out the diatonic button accordion works. All the tunes are clear, and now I can play scales and almost how to play our national anthem.