Viser innlegg med etiketten bøker. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bøker. Vis alle innlegg

fredag 22. august 2014

Sjeleleg materialisme

1. Bokfangst frå loppemarknad og supertilbod på bokhandelen.
2. Ein lyseblå kval med knappeauge som venta på meg i postkassa, fordi inspirerande Terese hadde ein konkurranse på bloggen sin der ein skulle dele eit bra sitat. Om du lurer på kva eg delte, kan du gå inn her. Kvalen fekk selskap av ein annan kval (ein spekkhoggar) og ein hekla bamse, begge gåver frå viktige menneske i livet mitt.
3. Ein kvast peppermynte som er større enn noko år tidlegare, og som no heng til tørk i bestestova heime.

onsdag 23. april 2014

Ein dag å feire

I dag er det bokdagen! Og det lyt feirast, til dømes med å ta til på ei ny bok og bli bokforelska (Saman er ein mindre aleine av Anna Gavalda), eller so kan ein markere dagen med å tipse om ei fin bok. Eg gjer begge deler.
Miss Rumphius er forteljinga om lupin-dama som reiser verda rundt før ho sler seg ned i eit hus ved havet. Men noko står endå att å gjere: Å gjere verda vakrare.
 Illustrasjonane er etter mi meining heilt fortyllande, og ein kan sitje lenge og berre sjå på dei.

søndag 6. april 2014

"Syv historier om noe bortenfor"

For litt sidan lånte eg novellesamlinga Tryllestaven av André Bjerke, og eg blir gong på gong overvelda og glad av dei vakre, kloke formuleringane og bileta som blir skapte med bokstavar svart på kvitt.

lørdag 18. januar 2014

Uoppdaga magasin

Der ute finst det ei enorm mengd magasin og tidsskrift, og eg tenkjer ofte at eg skulle so gjerne ha abonnert på nokon av dei, eller kjøpt dei regelmessig. Men so veit eg aldri heilt kva for eit eg skal satse på og få i postkassa regelmessig, og eg finn sjeldan noko i butikkane når eg no og då ser etter. Men eg veit at dei finst der ute, desse inspirerande hefta som kan få ein til å bla og bla, eller som får ein til å sitje ein halvtime på ei og same side fordi ein ikkje klarer å sjå seg mett. Til dømes:
                              
1, 2, 3
1. Print som tek føre seg grafisk formgjeving som er til å drøyme seg vekk i. 
2. Rattle som er stappfullt av ny lyrikk, og som heldigvis har ei nettside for dei som ikkje tingar.
3. Hjartemagasinet som er inspirerande og fint.

Har de føreslag til noko de har glede av og kan vere verdt å kike nærare på, og som ikkje er for vanskeleg å få tak i?

tirsdag 14. januar 2014

Leseplanar

books
books
bileta er lenka
Av og til prøver eg å lage stablar og lister av bøker som eg skal lese i løpet av ein viss tidsperiode, gjerne i ei viss rekkjefølgje. Men etter mykje prøving og tilsvarande mykje feiling, har eg no utarbeidd eit leseplan-system som vonarleg skal gjere det mogleg å vere spontan og impulsiv i kva eg les, samtidig som eg held eit visst fokus. Planen er slik at eg skal lese:

- minst 3 bøker med russisk forfattar
- minst 3 science fiction-bøker
- minst 3 noveller av ulike forfattarar
- minst 3 bøker av filosofisk karakter
- minst 3 bøker eg er skeptisk til på grunn av omslaget
- minst 3 italienske bøker
- minst 3 biografiske bøker

Talet tre er so fint med det at, dersom eg ikkje likar kategorien (eller at eg finn so mange bøker utanom som eg heller vil lese), so kan eg likevel seie at eg har vore innom. Dessutan er det heller ingenting som hindrar meg i å forsdjupe meg endå meir dersom eg kjem over fleire lokkande bøker.

torsdag 28. november 2013

Pausebøker

Dette er ei liste over bøker som høver gødt som pausebøker mellom oppgåveskriving og pensumlesing: Skriv 200 ord, les nokre sider her; Les eit kapittel, ta til deg (og omset?) eit vers eller tre der; Fyll margen med notat, sjå på nokre vakre illustrasjonar innimellom.

- Den store mummiboka
- Paul Géraldy: Toi et Moi
- Olav H. Hauge: Dagbok 1924-1994. I utval.
- Shaun Tan: The Arrival
- Collins dictionary of Astronomy

søndag 3. november 2013

Uventa skattar

Då auga mine vandra langs titlane og forfattarnamna i Bokmannen-hyllene, stansa dei då dei kom over namnet Erik Bye. Ein kjær songar og songskrivar, men for min del var det eit ukjent faktum at han òg hadde skrive romanar. Med ei nyfiken han valde eg ut ei av bøkene som sto der og byrja å sjå litt nærare på den.
Det fyrste eg kom over var eit skeptisk ugleblikk på lysegrøn bokmerkebakgrunn, som kunne fortelje meg at boka var kjøpt hjå Giertsen i Småstrandgaten ein gong i tida.
Då eg bladde to sider vidare, var det dette som møtte meg. Forfattaren sin eigen signatur i blått blekk.
Det er klart at denne boka skulle bli med meg heim for 45 kroner!

tirsdag 29. oktober 2013

5 gode ting

1. Lupinar som dannar små felt av djup lilla farge i vegkanten.

2. Boka The Great Gatsby av F. Scott Fitzgerald. Hadde ein berre hatt denne vakre utgåva frå 2012, i staden for Wordsworth Classics-utgåva med blått omslag.

3. Nettstaden nobrow.net, som er full av rare, fantasifulle og finurlege bøker og illustrasjonar. Eg er spent på å sjå korleis The New Ghost er å halde og bla i.

4. Songen til grankrossnebben


5. Elevar ein blir meir og meir glad i til meir ein blir kjende med dei.

søndag 25. august 2013

Med 35 kroner i lomma

Eigentleg hadde eg ein tohundrelapp, sånn i tillefelle eg fann veldig mykje på loppemarknaden. Men eigentleg fekk eg jo ganske mykje likevel, utan å måtte betale meir enn femogtredve kroner.

mandag 15. juli 2013

Ein eventyr-roman

Om du ikkje har lese Momo av Michael Ende endå, har du ei fabelaktig oppleving føre deg. Momo, som bur i eit gamalt amfiteater og går rundt i si alt for store herrejakke og sin lappete kjole, har den eigenskapen at ho kan lytte. Verkeleg lytte. Det er eit talent som gjer at mange blir glad i henne og søkjer hennar selskap, både når livet er fint og når ting er vanskeleg, anten dei har mykje å fortelje eller ikkje heilt veit korleis ein skal finne dei rette orda. For alle i nabolaget er løysinga på det meste å "Gå til Momo!".

Etter kvart byrjar dei vaksne å kome sjeldnare og sjeldnare på besøk til Momo i dei gamle ruinane, Den prateglade frisøren blir sur og grinete, og byen blir utvida med store betongbygg som får alle delar av byen til å sjå like ut. Foreldra stoppar ikkje lenger opp for å leike med borna sine, og askegrå menn vandrar rundt i gatene med dei blygrå dokumentmappene sine. Det er mest som om tida er blitt mindre og ikkje strekk til, og Momo finn ut kva som ligg bak, byrjar endå meir uhyggjelege ting å skje.
"Såvidt jeg kan huske har jeg levd bestandig."

onsdag 3. juli 2013

På tre dagar

Når leselysta verkeleg set inn, har eg funne ut at det er best å berre la den få bruke seg. Og når du har korte bøker, går det fort å lese ut ei bok om dagen.

Translation: When I really get in the mood for reading, I have found that I should do just that. so at times that might be one book a day.

torsdag 30. mai 2013

Over the Anvil We Stretch

Postkassa kan frå tid til anna skjule mange gode skattar, og dei gledar like mykje om det er uventa eller venta. Og ekstra fint er det når det er noke du har gleda deg til. Og ekstra, ekstra fint er det når den kjem på eit slikt tidspunkt at du blir endå litt meir motivert for å lese til eksamen, slik at du med gødt samvit kan lese i den etterpå.

Anis Mojgani er ein spoken word-poet som, i tillegg til å reise rundt og lese opp dikta sine, har gjeve ut tre diktsamlingar. Over the Anvil We Stretch er den fyrste i rekka, og er hundre sider dikt (både korte og litt lengre) som har det til felles at dei syner Mojgani si evne til å måle fabelaktige bilete med ord, anten du skjønar ka du ser eller ikkje. Eg gler meg til å utforske poesien hans meir, og om du er litt nyfiken òg, kan du jo lytte til poeten sjølv som framfører diktet "Shake the Dust"

Translation: Anis Mojgani's ability to draw and paint pictures with words have captured me. I look forward to reading more from him, exploring his universe.

tirsdag 23. april 2013

Bokdag


I høve verdas bokdag (som eg gjekk nesten ein heil dag utan å vite at var), so let eg meg inspirere av Regndrope og lagar ei lita bokliste. Her følgjer nokre bøker som eg tykker høver til lyse vår- og sommardagar i graset under eit epletre, eller på sengekanten med ope vindauge som slepp inn den lune nattelufta, i von om at desse dagane og nettene snart er i emning.

Forester, C. S.: Midshipman Hornblower
Grahame, Kenneth: Det suser i sivet
Hamsun, Knut: Victoria
Hansen, Erik Fosnes: Beretninger om beskyttelse
Hardy, Thomas: Under the Greenwood Tree
Hemmingway, Ernest: The Old Man and the Sea
Jansson, Tove: Farlig midtsommer
Lewis, C. S.: Prins Caspian
Petterson, Per: Ut å stjæle hester
Vesaas, Tarjei: Fuglane


Translation: A list of books which I find suitable for sunny days of spring and summer, preferably read while sitting beneath an apple tree, or just before you go to sleep with the mild night air seeping through your open window. I hope those days and nights will be here soon.

fredag 19. april 2013

The Bell Jar

Esther Greenwood har dei mest fabelaktige utsikter ei ung jente kan ynskje seg: toppkarakterar i alle fag, ei gryande karriere som skribent, eit luksuriøst liv i New York med perler og pelsar, og ein ung mann som står klar til å gifte seg med henne. Men er det verkeleg mogleg for ei kvinne, i midten av det tjuande hundreåret, å ha alt dette og samtidig leve eit fullverdig liv? Esther må velje kva veg ho vil satse på, ho må velje kva frukt på fikentreet ho vil klatre etter. Og greinene er ikkje so solide som ein skulle tru.

The Bell Jar er ein mørk roman om det å gradvis nærme seg botnen av juvet for so plutseleg å ligge der, kjenslemessig paralysert, i ein tilstand der det einaste som lever er ynskjet om å gjere det slutt. Det er ein roman som hånar både eg-et si maktesløyse ovanfor det å ende sitt eige liv, so vel som av samfunnet si handtering av "nevrotiske" kvinner og kvinner som ynskjer noko anna enn å ende som slavar i eiga hushaldning.

I delar av boka er det som om det er du sjølv, og ikkje Esther, som opplever alt det vonde som skjer. Skrivestilen, og tonen i historia, er ulik før, under og etter samanbrotet, noko som gjer det heile veldig truverding og gripande. Plath syner ei imponerande evne til å vere vittig og bitter på same tid, og ho kontrollerer språket på ein nydeleg måte. Til og med når hovudpersonen opplever mental stillstand, florerer forfattaren sitt språk i vakre, vonde bilete og formuleringar som tidvis sler ned heile livet. Nesten. For sjølv om dette er ei forteljing om å rase ned i tomheit og motløyse, er det òg ei forteljing om å få tilbake håpet og livet. Kanskje.


Translation: I recently read Sylvia Plath's novel The Bell Jar, and I am astonished and devastatingly touched. Read it, please.

søndag 31. mars 2013

Brødrenes sanger

For ei lita æve sidan, kjøpte eg ei bok på bibliotekutsal. Boka var ei samling av buddhistiske tekstar av eit kvart slag, og eg tenkte eg skulle sjå litt i den når det overhengande skulearbeidet var gjort. Det er jo alltid interessant å lære om andre tenkemåtar og livssyn. Då eg kom heim la eg boka i ein bokbunke på rommet mitt og gløymde den litt. No tok eg den fram, og det viste seg at boka er proppfull av dikt (omsett til norsk av Tone og Kåre A. Lie) som buddhistiske munkar skreiv for 2500 år sidan, samt ei kort bakgrunnshistorie til kvart av dei. Ein litteraturskatt, rett og slett.

22* Påfugler skriker i skogen
når morgenvinden kjæler
med sølvblå fjær: vekker
den sovende til meditasjon.
*Dikt nummer 22. Dikta er oppsett med nummer i starten av fyrste verseline.

Translation: I found a book filled with poems by Buddhist Monks, written 2500 years ago.

mandag 18. mars 2013

Til den nette sum av kroner 117

(19 + 19 + 10 + 25 + 19 + 25)
Når ein tek turen innom bruktbokhandelen og sidan oppdagar at den andre bokhandelen har nittenkroners-sal, då blir det fort ein liten bokoverdose.

Translation: These books were mine for 117 NOK (£13.37).

tirsdag 29. januar 2013

Out of the Shelter


Den sommaren Timothy er seksten forlét han eit krigsherja England for fyrste gong i sitt liv for å besøke systra Kath som bur i Heidelberg i Tyskland der ho arbeider som sekretær for amerikanarane. Han reiser frå eit tilvere med rasjonering og stilleståande dagar til eit liv fylt av utflukter, sløsing og ei svimlande overflod av mat og luksusvarer. Den amerikanske livsstilen verkar overveldande og på månge måtar lokkande på den unge guten, det er nesten som han kan forstå Kath som ikkje har vore heime i England på tre år.

Men under den blånke og glitrande overflata ligg det minner og vonde historier som tidvis trengjer seg fram, og Timothy oppdagar at det ikkje berre er hans eige heimland og hans eigen barndom som er prega av den andre verdskrigen: utanfor Heidelberg er der framleis ruinar etter bombeangrep, den ein-arma Rudolph må jobbe hardt for å kunne støtte foreldra sine på landet økonomisk, og elva, der dei tyske borna må bade fordi dei ikkje har tilgong til dei amerikanske bassenga, er kraftig forureina. Dessutan kan det verke for at livet som Kath og venene hennar fører er langt i frå so harmonisk og lettlevd som det fyrst kan sjå ut til.


onsdag 2. januar 2013

Bokåret 2012

- The Lost World (Arthur Conan Doyle)
- Drep ikke en sangfugl (Harper Lee)
- Pan (Knut Hamsun) vart byrja på og utlest på flyet til Texas
- Bølgene (Virginia Woolf)
- The Old Man and the Sea (Ernest Hemmingway) las eg som pause frå eksamenslesing
- Brødre i blodet (Ingvar Ambjørnsen)
- Tsarens Kurér (Jules Verne)
- Erec og Enide (Chrétien de Troyes)
- Forrådt (Amalie Skram)
- Barnepiken (Kathryn Stockett)
- Bleikeplassen (Tarjei Vesaas)
- Stormenes tid I - Sverdet og korset (Ken Follett) var fyrste boka eg las i Volda
- Stormenes tid II - Katedralen (Ken Follett)
- Medmenneske (Olav Duun)
- Roskilde (Linn Strømsborg)
- Being There (Jerzy Kosinski) som fyrste pensumbok i studentlivet
- Gourmeten (Muriel Barbery)
- Tonje Glimmerdal (Maria Parr)
- Hässelby (Johan Harstad)
- Lys (Eva Figes)
- After Dark (Haruki Murakami)
- Brødrene Løvehjerte (Astrid Lindgren)

Translation: These are the books I've read in 2012.

søndag 23. desember 2012

Tex Willer

Jula er som skapt for eventyr og forteljingar og spenning, det vere seg filmar, bøker og ikkje minst teikneseriar. Ettersom bror min har ei rimeleg stor samling teikneseriar liggande her heime er det ekstra stas å ha god tid til å lese gamle og nye historier av favorittane. Då eg var litt mindre hadde eg ein periode då eg las ein del Tex Willer, og denne jula skal eg fordjupe meg litt meir i dette teikneserieuniverset.

Tex Willer (eller Nattens Ørn blant indianarane) er ein ranger, som regel ikledd gul skjorte, som på midten av 1800-talet ferdast rundt i Arizona og andre delar av Amerika saman med Kit Carson, eller "gamle kamel" som Tex kallar han. Med sin sterke sans for rettferd, tek dei seg av kjeltringar av alle tenkelege slag.

Translation: This Christmas I will be reading some more Tex Willer, as I remember reading the stories when I was younger and I used to love them back then. I still do.