Viser innlegg med etiketten menneske. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten menneske. Vis alle innlegg

søndag 17. august 2014

Sommareventyr

For lenge, lenge sidan (ein tidleg kveld seint i juni), møttest ni bygde(og by-)ungdomar og pakka seg inn i to bilar for å køyre til fjells.
Med i sekken var reker, muffins og anna snadder som dei ni eventyrarane gladleg momsa i seg for å gjere seg feite, medan praten gjekk livleg der dei mimra om både gamalt og nytt, laust og fast.
Med fyr på bålet, fleece- og ullpledd både under og over seg og strikkajakker kring kvar ein kropp, var det ingen som fraus. Etter kvar kom der fleire til som ville få heten i seg, anten det no var den som kom frå pledd eller av hjartevarme.
Kvelden vart lang og lenger enn lang, og himmelen og fjella synte seg frå si vakraste side. Då vatnet tok nattsløret på, var det på tide å forevige stunda i ei rekkje bilete i einsemd og i flokk.
Og er dei ikkje komne attende, so er dei der oppe framleis.

I alle fall i tankane.

søndag 10. november 2013

Hauge

For tida er det to bøker som til ei kvar tid ligg attmed hovudputa mi: Dikt i samling og Dagbok 1924 - 1994 (Utval) av Olav H. Hauge. Å lese det som står skrive mellom desse permane er so utruleg vakkert, gjevande og tankevekkjande. Og ofte so veldig sårt. Av og til blir eg berre so overvelda av Hauge si evne til å setje ord saman at eg får klump i halsen og ikkje klarer å ta meg til med noko nyttig. Men det er heilt i orden.

Alltid ventar eg å finna (frå Glør i Oska)

Alltid ventar eg å finna
noko som gjev livet verd,
noko som er verdt å vinna,
som kan lyfta meg og tvinna
stål i viljen, stø mi herd.

Løysa meg frå tvils forbanning
so eg audmjuk bøygjer kne
for ei evig livsens sanning
som kan gje meg rettvis kanning,
mål å gå mot, tru og fred.

Sæl er den som strekt er dregen
og ser Herrens finger skriv.
Orm vert stav, og logeslegen
busk vert grøn att. Leit deg vegen
fyrr den stutte dagen sviv!

torsdag 30. mai 2013

Over the Anvil We Stretch

Postkassa kan frå tid til anna skjule mange gode skattar, og dei gledar like mykje om det er uventa eller venta. Og ekstra fint er det når det er noke du har gleda deg til. Og ekstra, ekstra fint er det når den kjem på eit slikt tidspunkt at du blir endå litt meir motivert for å lese til eksamen, slik at du med gødt samvit kan lese i den etterpå.

Anis Mojgani er ein spoken word-poet som, i tillegg til å reise rundt og lese opp dikta sine, har gjeve ut tre diktsamlingar. Over the Anvil We Stretch er den fyrste i rekka, og er hundre sider dikt (både korte og litt lengre) som har det til felles at dei syner Mojgani si evne til å måle fabelaktige bilete med ord, anten du skjønar ka du ser eller ikkje. Eg gler meg til å utforske poesien hans meir, og om du er litt nyfiken òg, kan du jo lytte til poeten sjølv som framfører diktet "Shake the Dust"

Translation: Anis Mojgani's ability to draw and paint pictures with words have captured me. I look forward to reading more from him, exploring his universe.

torsdag 21. mars 2013

Merksemd

I dag føresler eg at de tek på dokke fargerike sokkar. Om de ikkje har fargerike sokkar, so kan de gjerne gå med fargerike klede. Og dersom nokon spør korfor dokke har fargerike sokkar og klede, so kan du svare at i dag er det World Down Syndrome Day

Translation: Today I suggest that you put on some bright coloured socks or clothing. And if someone asks you why you wear them, simply tell them that today is World Down Syndrome Day.

onsdag 6. februar 2013

Internasjonal dag

I dag er det internasjonal dag, noke som vart markert på storemåten på høgskulen. Vi hadde undervisningsfri etter kløkka elleve og kantina var full av folk. Dei utanlandske studentane på høgskulen diska opp med spesialitetar frå sine land, både i kledning, underhaldning og i matvegen, og tidlegare utvekslingsstudentar frå Noreg deltok òg på programmet. Utruleg spennande og rimeleg mettande. Og eg har oppdaga at Turkish Delight er det beste snopet etter sjokolade, men pass på: før du veit ordet av det blir du lokka i ei felle. Vi måtte posere saman med to lærarar frå Tyrkia-standen.

 Translation: Today we celebrated the International Day at my college, and it turned out to be quite a feast.

torsdag 6. desember 2012

Skjegg

Skjegg får meg til å smile, og då er det jo heilt fantastisk at noken har funne på å lage beardrank.com, ei nettside der folk legg ut bilete av seg sjølv og skjegget sitt slik at folk kan stemme fram det skjegget dei likar best. Verda er herleg rar! (bileta er naturlegvis henta frå beardrank.com)
 

søndag 7. oktober 2012

Peter Buck

Berre eit lite klipp frå 80-talet der Peter Buck frå R.E.M. blir intervjua medan han sit på trappa i pysjamasen, og der han plukkar greiner frå vegkanten og syner fram badet sitt.


Translation: Just a clip from the 80's showing Peter Buck of R.E.M. being interviewed in his pyjamas while sitting on his porch, at least when he's not picking up branches from the side of the road or showing off his bathroom, that is.

onsdag 3. oktober 2012

Utdrag

Han: Nei, dinna bussen går 'kje dit!
Eg: (går inn på bussen likevel og kjøper billett til dit eg skal, og snur meg for å gå bak i bussen og finne meg ein plass)
Han: (stiller seg i vegen)
Eg: Skal eg få kome forbi?
Han: Nei.
Eg: Viss eg spør fint?
Han: ...Ja.
Eg: Kan eg ver so snill å få kome forbi?
Han: Okei. (går til sides)

Han: (ser på neglene mine, som er farga lysegrøne med glitter) Eg òg likar å farge neglene mine.
Eg: Gjer du det? Ka farge likar du best, då?
Han: Ikkje gull, i alle fall.
Eg: Ka med rosa?
Han: Ja, rosa er yndlingsfargen min! Likar du rosa?
Eg: Neh, eg likar beire blå.

Eg: (tek fram nokre gamle bussbillettar og bjynde å brette)
Han: Ka du lagar? (eg ser opp på han, smiler litt lurt, og held fram med brettinga) Det ser ut som ein drake.
Eg: Kanskje no, men det skal bli noke heilt anna.
[pause i fem minutt til vi køyrer inn på ferja]
Eg: (held fram ein papirtrane)
Han: Ka er det?
Eg: Ein fugl (peikar på vengjene og hovudet) Her ser du hovudet og nebbet, og her er vengjer, så den kan fyke rundt.
Han: Kan du lage papirfly òg?
Eg: Eg kan prøve (brettar eit enkelt papirfly og gjev det til han, og han smiler endå meir enn før)
Han: Du må lage eitt til!
Eg: Korfor det?
Han: Sånn at dei to flya kan vere bestevener.
Eg: Ka med fuglen, då?
Han: Alle tre kan vere bestevener, vel. Det gjer ikkje noke at dei er ulike, dei kan vere vener for det!

Han: (held ei flaske Sprite) Dette er ein brus. Det ser ut som vatn. Men det er brus.
Eg: Ja, du ser det er brus på grunn av boblene, og lappen på flaska.
Han: (løsnar korken so det bjynde å bruse litt) Brusen er sint.

Han: No er vi snart der mamma skal hente meg.
Eg: (nikker forståande) Mm.
Han: Er du en mamma?
Eg: Eg? Nei, det er eg ikkje.

Han: (sit på plassen sin tre seter lenger framme, bussen stoppar og mor hans kjem på og skal hjelpe han med tinga han har med seg) Mamma!
Mora: Hei! Skal vi sjå om vi får med oss alt... (byrjar å plukke opp tinga som ligg i setet)
Han: Mamma, du må kome og sjå den snille jenta!
Mora: Ja, ja... (held fram med å plukke med seg ting) No må vi ikkje sinke bussen meir!
Han: (spring bak til der eg sit) Jammen sjå, då, mamma!
Mora: (ser opp og mot meg)
Eg: (ler og hever handa til eit lite vink)
Mora: (smiler)
Han: (ser på meg og smiler før han spring tilbake til mora og ut av bussen)

Dette er utdrag av dei samtalene eg hadde med (den seks-sju år gamle) sonen til bussjåføren i dag.

Translation: I met an adorable boy at the bus today. I think he was about six or seven, and he called me "the nice girl". We had some really good talks.

søndag 8. juli 2012

Bryllaup

I går var eg i bryllaup til tremenningen min. Ho hadde farmora sin brurekjole (som òg mi bestemor gifta seg i) og mora sine sko, blomane på borda var hortensia og kremfarga roser, og der var nok av mat og drikke.

Translation: Yesterday I went to see my second cousin getting married.

mandag 18. juni 2012

Thåström

Her om dagen vart merksemda mi retta mot fjersynet i det dinna karen var på, med live-opptak og nokre spørsmål innimellom. Eg vart visst sitjande ei stund. Musikken og framtoninga hans fekk meg til å tenkje på ei blanding av R.E.M, Madrugada og Tom Waits, berre på svensk, og med eit særpreg som gjer at han likevel ikkje kan forvekslast med noken av dei. Det som traff meg var nok den ru stemma hans og dei ærlege og direkte tekstane, akkompagnert av tonar og akkordar som passar ypparleg inn og dannar ein nydeleg og røff heilskap.

Med songar som "
Kärlek är för dom", "Fanfanfan", "Keops pyramid", "Slepp aldrig in dom" og "Låt dom regna", veit eg at Thåström skal få halde meg med musikalsk selskap ved fleire høve.
(i overimårå svarar eg på spørsmåla de har stilt, og de kan framleis kome med ting de lurer på her)

Translation: I recently discovered the Swedish musician Thåström, and I find his lyrics honest, his voice rough  and the music as a whole is beautiful in its own way.

fredag 8. juni 2012

Religions- og norsklærarar

I dag var siste religionstime, so då vart vi inviterte på frukost til læraren, som hadde kjøpt inn brød, baka horn og skillingsbollar, og funne fram all slags pålegg og drikke for ein kvar smak. Ho hadde fine plantar i vindauget.
Siste norsktimen vart markert med oppsummering av alt det vi har gått gjennom, samt diktlesing og allsong, då sjølvsagt med "songen vår", som læraren pla seie. Diktet ho las opp til oss var "Du skal være tro" av André Bjerke.

Translation: Today we had the last lesson in religion, where we were invited to eat breakfast with our teacher. Her windows were filled with beautiful plants. In Norwegian class, the teacher read poems and we sang together.

torsdag 17. mai 2012

Gratulera med dajen!




Translation: Congratulations!

lørdag 12. mai 2012

Ei dame i ullgensar

Too-Tikki er ei av mine favorittdamer. Ho er barsk og klarar å ta i eit tak, samtidig som ho tek vare på dei små, og passar på at alle ar det bra.

Translation: Too-Ticki is one of my favourite women. She's tough and does what she has to do, but at the same time she's warm and helps anyone in need.

fredag 20. april 2012

Russedåp

Torsdag var det russedåp på skulen, og over 120 raud- og svartruss samla seg for å ta foto, gå i prosesjon, døypast og ha ein triveleg kveld saman. Ikorren (ekornet) var litt skeptisk.
Russepresten hadde brun kjortel for høvet og mista nesten stemma etter å ha døypt den fyrste klassa.
Ettersom russevognene køyrde i gåfart, so vart det mogelegheit for oss som gjekk bak å teikne på ruta.
Russestyret hadde ordna med eingongsgrillar slek at ein kunne få grille seg mat utøve kvelden. Og so det er sagt: iste høver veldig gødt til slike høve.

Translation: Thursday all the seniors at my school gathered in our new outfits and had a nice evening.

søndag 15. april 2012

Vokalistar med gyldne krøllar

Michael Stipe frå R.E.M.:

Robert Plant frå Led Zeppelin:

Chris Martin frå Coldplay:

Joseph Washbourn frå Toploader:

Kjem de på fleire?

Translation: Can you think of more vocalists with golden, curly hair?

onsdag 17. november 2010

Ne me Quitte pas

Dinna songen (og filmen) høyrde (og såg) vi på i fransktimen i dag, og eg trur 'kje eg har sett ei meir rørande og hjarteskjærande formidling av ein so magisk song. Det slitne, sveitte andletet, dei fortvilte auga, den rolege men (åh) so instense stemma og dei nydlegaste orda, den inderlege bøna.

Translation: Watch!