onsdag 12. februar 2014

Omslag

Der finst vanvittig mange albumomslag ute i verda, og det er i grunn ein viktig del av heilskapen i det utrykket som er eit musikkalbum. So det er jo rimeleg spennande og inspirerande når artistar har brydd seg med å lage (eller finne folk som kan lage) omslagskunst som høver til musikken, anten den reflekterer, kontrasterer eller opnar opp for alternative tolkingar av lydspora, både enkeltvis og samla. Det er kjekt når platene ser unike, særeigne og vakre ut. Her er tre omslag eg tykkjer om.

Chronic Town av R.E.M.
Into the Flame av Matt Corby
Dear av Keaton Henson

onsdag 5. februar 2014

Som ein mumrik

Av og til er det luraste ein gjer å kle seg opp som ein mumrikk eller ein annan slags vandringsmann og berre gå og ikkje halde fast på viktige tankar og idear som er gått i stå. Late tankane kome til ein utan å tenkje, late auga sjå dit ingen seier dei skal sjå, late smilet danse litt for ingen spesifikk grunn.