I påska bar eg ei stor kasse opp på rommet til bror min, kor vi opna den og tok ut det lenge etterlengta innhaldet.
So tok vi til å byggje. Broren las brukarrettleiinga, medan eg gjekk inn i rolla som litt utolmodig syster som helst berre ville setje saman med ein gong utifrå intuisjonen (den fungerte for øvrig fint på takbygginga!).
Etter kvart kom både veggar og golv på plass, og ein kunne bjynde å fantasere om korleis ein skulle innreie herlegheita.
Og plutseleg (etter tid vi ikkje talde) stod borga klar, og vindebrua kunne senkast.Og so kunne Playmo-figurane og vi feire at alt var sett i stand!