Eg har vore student i Volda i to år no, og fram til i dag hadde eg, trass store planer, ikkje komt meg opp på toppen av Rotsethornet. Men i dag var vêret perfekt for fjelltur i ukjent terreng: ikkje skodde, ikkje våt mark, ikkje regn i sikte, ikkje steikande sol, ingen vind i låglandet, og passeleg temperatur å gå seg varm i. Dermed drog eg og ei veninne på oss turkleda og traska av garde etter lunsj.
Dei fyrste tre timane hadde vi fjellet heilt for oss sjølve, desse tre krabatane var dei einaste vi møtte på. Vi slo følgje eit stykke på vegen, men so fann dei noko som var meir interessant, kanskje saftig gras?
"Tenk om vi kjem opp på toppen og sola bryt gjennom skydekket akkurat då," sa eg medan vi gjekk nede i skogen, og då vi kom over tregrensa gjekk sanneleg ynsket mitt i oppfylling, og landskapet ikring vart lyst opp av små solflekkar.Då vi var komne opp i høgda lyste det både raudt (av tytebær) og blåsvart (av krekling), ei kjærkoma forfrisking, og ein god grunn til å ta hyppige plukkepausar.
Fjorden låg etterkvart bada i sollys, og frå tid til anna såg vi ferja og små båtar som for forbi, langt, langt under oss.
Då vi akte oss frampå den vesle klippa nede til høgre på biletet over (bak dei store steinane, so vi var utanfor fare) og såg ned i Torskegjølet, fekk vi eit talande bevis på kor svimlande dei norske fjella kan vere.
Noko av det beste med turen var å sjå korleis dei blådisige fjella langt borte sto i kontrast til det skarpe haustgraset, dei grøne einebærbuskene og bjørkene, og ikkje minst dei raude bæra og lyngen.
Til vår store overrasking var der til og med eit lite vatn der oppe, og det var so umåteleg vakkert å sjå korleis skyene spegla seg i det, innimellom det gule graset.Og det var so fint på toppen! Det blir nok ikkje ein tur ein tek so ofte (med roleg og utforskande gange brukte vi seks timar opp og ned), men det var vel verdt det.