torsdag 17. mai 2012
tirsdag 15. mai 2012
Rare kontrastar
Nett no kjennest melankolske bilete bra ut. Kanskje er det slik for at eg ikkje skal lette. Fordi eg er veldig glad, nemleg. Når eg les i eksamenspensumet kan eg ikkje anna enn å smile, fordi det er so flotte fag.
Medan eg gjekk tur i dag, tenkte eg på eksamenar. Då eg kasta eit blikk ned på sida av vegen, vinka denne mot meg:
Translation: I felt that some melancholy would do me some good right now, even though, or possbly because, I'm very happy at the moment.
søndag 13. mai 2012
Morus bassanus
Etter mi meining er havsuler vanvittig vakre fuglar. Dei er grasiøse, samtidig som at det ser ut som om dei har markante personlegdomar.
Translation: The northern gannet really is a most exquisite bird, elegant and yet with a wonderful touch of personality, it appears to me.
lørdag 12. mai 2012
Ei dame i ullgensar
Too-Tikki er ei av mine favorittdamer. Ho er barsk og klarar å ta i eit tak, samtidig som ho tek vare på dei små, og passar på at alle ar det bra.
Translation: Too-Ticki is one of my favourite women. She's tough and does what she has to do, but at the same time she's warm and helps anyone in need.
Translation: Too-Ticki is one of my favourite women. She's tough and does what she has to do, but at the same time she's warm and helps anyone in need.
fredag 11. mai 2012
Runde
Slek er utsikta når du går oppover øya for å kome til sjølve fuglefjellet.
Rundt og over deg kan det plutseleg dukke opp fuglar som glir på vindane.I fjæra på Runde kan du finne eremittkrepsar. Mange.
Du finn dei i littoralbasseng, saman med svabergroser, albogeskjel, grøndusk og tanglopper.
Eg og Ingvaldsen fekk i oppgåve å lage utstilling med utstoppa fuglar, så vel som eigne teikningar.
Og viss du har leita litt, so har du sikkert klart å finne ein vakker blåsnigel.
Translation: Some photos from the trip with my biology class.
mandag 7. mai 2012
Biologistudenteri
I mårå kveld fer eg, saman med biologiklassa, til fuglefjellet Runde for å bli eit klokare menneske.
Eg kjem heim att fredag.
Translation: Tomorrow night I'm going away with my biology class, and I'll be gone until Friday.
Eg kjem heim att fredag.
Translation: Tomorrow night I'm going away with my biology class, and I'll be gone until Friday.
søndag 6. mai 2012
Augneblinkar
- Å drikke den siste porsjonen av Earl Grey Blue.
- Å skrive ferdig to historieinnleveringar.
- Å sjå snøven som kom i natt smelte og renne av taket i små dråpefossar.
- Å lese nyoppdaga, fine, svenske bloggar (døme, døme, døme).
- Å kle opp den kvite billeg-ukulela så den ikkje er så naken.
- Å ete heimelaga blåbærmuffins.
- Å bli forelska i svarte orkidéar og ynskje seg ein eller fem av dei til å ha i glaskarmen.
- Å planlegge gebusgåver til flotte jenter.
- Å høyre på og synge og spele til The Ship Song om att og om att.
Translation: Enjoying the moments.
Abonner på:
Innlegg (Atom)