fredag 8. juni 2012

Religions- og norsklærarar

I dag var siste religionstime, so då vart vi inviterte på frukost til læraren, som hadde kjøpt inn brød, baka horn og skillingsbollar, og funne fram all slags pålegg og drikke for ein kvar smak. Ho hadde fine plantar i vindauget.
Siste norsktimen vart markert med oppsummering av alt det vi har gått gjennom, samt diktlesing og allsong, då sjølvsagt med "songen vår", som læraren pla seie. Diktet ho las opp til oss var "Du skal være tro" av André Bjerke.

Translation: Today we had the last lesson in religion, where we were invited to eat breakfast with our teacher. Her windows were filled with beautiful plants. In Norwegian class, the teacher read poems and we sang together.

onsdag 6. juni 2012

Ein siste gong

I dag var det siste kvelden med open skule for i år, og i heile mi tid som vidaregåande elev. Då vart det milkshake med pistasjesmak, kortspeling (eg spelte amerikanar for fyrste gong på lenge, lenge), og på heimvegen skein sola varmt og gult gjennom løvetannslør og grasstrå.


Translation: A last time.

tirsdag 5. juni 2012

I høve venuspassasjen

... lærte vi i biologien i dag å rigge opp utstyr og vitskaplege instrument (kikkert, stege (stige) eller stol, papplate og -bitar, kvitt papir og teip) på ein slik måte at det er mogeleg for oss å sjå venuspassasjen. Diverre gjer fjella og den overskya himmelen her heime til at eg nok ikkje får sett den likevel. Men det er ikkje einstydande med at det vi lærte i biologien i dag var meiningslaust, for ein kan nemleg sjå solflekkar på same måten. Og det er ganske kult.

... fann eg fram Erik Fosnes Hansen si bok Salme ved reisens slutt. Her er det utdraget eg leita etter:

Translation: An excerpt mentioning the transit of Venus, from one of my favourite books by my favourite author Erik Fosnes Hansen. By the way, in biology class we learned how to see the transit. We saw quite a few sunspots while trying it out.

Omlag 20 minutt x 7

1.: Trompet (jazz).
2.: Tuba (klassisk).
3.: Walthorn (klassisk).
4.: Slagverk (rock).
5. Slagverk (klassisk).
6. Saksofon (klassisk).
7. Saksofon (jazz).
Slek er det å gå på ein skule med musikklinje og ha føremiddagen fri ein av dei dagane tredjeklassingane har eksamenskonsert.

Translation: I was lucky today and had the whole morning off, giving me the opportunity to watch seven various concerts that the music students at my school held, showing off their great talents.

mandag 4. juni 2012

Eit tilbakeblikk

Runde er verkeleg vakkert.








Translation: From the field trip in biology class.

søndag 3. juni 2012

Helja (Helga)

... med vakre bregner, perfekte i grøn flaskevase saman med engsoleie og smalkjempe.
Ferns by Regnboge
... med insekt som kastar finurlege skuggar på fjøsveggar.Insect and Shadow by Regnboge
... med foreldre som tek med skattar i form av rypefjør, torvmøse (torvmose), eit ukjendt strå og kvitlyng når dei har vore på fjelltur medan ein sjølve sit heime og les til engelskeksamen.
Treasures by Regnboge
by Regnboge on Flickr.

Translation: My weekend.

fredag 1. juni 2012

Draumekrønike - Del 10: Mannen som fanga brenningane

:) by 333Bracket
Ei rimeleg stor skute, ei slek med solid tredekk og segl som er bitta fast til mastene medan ho ligg til kai, skuta. Vi skal snart kaste loss, fleire av mennskapet (beståande av både kvinner og menn) spring langs dekk, klatrar opp i dei tre mastene, losnar tau og segl. Eg vandrar akterut, eg kan for lite om knutar og vil berre vere i vegen. Eg går heller akterut.

"Du ser treplankane bak det glaset der?" spør han. Skjegget er så stort at eg knapt ser leppene hans, eg berre anar dei som ei lyseraud stripe bak dei gråmelerte krusningane på haka. Ein gong fanga han brenningane i det, skjegget. Han har ei svart skipparhue som dekkjer toppen av hovudet og halve panna hans, og han ser på meg og smiler, slek at tennene syner. Sjølv om han berre har halvparten att, er dei sterke, kvite som bølgjetoppane som sler mot baugen ute på ope hav. "Eg segla ein gong med det skipet," held han fram etter at eg har sett mot glasruta han peikar på. Treet bak er mørkt brunt, prega av lange tider i salt sjø. Oppe langs den øvste planken er restar av måling, ein gong kraftig gul i farge, men no i ein mørk okertone.

Eg står der framleis i døropninga til kahytten der den gamle mannen sit ved bordet og ser på meg. Han er den einaste som ser meg, og det er berre eg som kan sjå han. Han vender andletet halvt bort, slek at det bleike føremiddagslyset famnar om andletet hans, lyset og han er nesten eitt. Det er som om rynkene rundt auga hans blir mjukare, går i eitt med det dovne lyset.

Skyene grånar til, og eg ser ikkje på den gamle mannen lenger, eg ser at skyene er tyngre enn dei var tidlegare. Eg snur og går opp på dekk. Dei andre har auge som blenkjer, ler, har snart fått klare alle segla. Lat oss kaste loss.

Translation: I dreamed of a ship tonight, and an old man showing me the coming thunder. No other saw it, we set sail.