lørdag 31. januar 2015

Spania | Frukthagen

Den månaden eg var i Spania, budde eg og dei andre studentane i ein liten oase mellom byen og dei karrige fjellsidene. Vi fordelte oss på seks småhus og leilegheiter på ein heller stor eigedom, og rundt og mellom husa var det fullt av tre som gav skugge og som spreidde ei mjuk, svakt krydra og frisk lukt. Der var store furutre og kaktusar, mimosa og pecantre, og til og med silketrådtre og bambus. Men dei trea eg vitja mest på mine små hagevandringar, var frukttrea, og særleg etter at husverten vår oppfordra oss til å plukke so mykje frukt vi berre orka.

Dei mest talrike trea var dei som bar lime. Fruktene var ikkje modna då vi kom, og seinare gløymde eg diverre av å prøvesmake dei, sjølv om eg er viss på at dei hadde fått det spanske vatnet til å smake merkbart friskare.Men fine var dei, trea! Å ete på restaurant i gamlebyen like ved, var for øvrig ikkje heilt risikofritt: Ein gong var ein lime ti-tjue centimeter frå å treffe ein engelsk turist i hovudet.
I tillegg til limetre var der òg to tre som bar noko med litt meir farge, nemleg mango. Eg er litt usikker på om det var to ulike mangosortar, eller om det hadde med næring og stell å gjere, men det eine treet hadde mange og små frukter, medan det andre hadde store og fåtalige. Dei minste mangoane var lette å få tak i, og var dessutan modne før dei i nabotreet, og det var ei god kjensle å hauste sin fyrste mango.
 Dei siste frukttrea var heller blyge av seg i starten, men i midten av oktober hadde sharonfruktene (som òg ber namna persimon og kaki) fått ein freistande, glødande oransjefarge, og dei losna velvillig frå stilken so eg fekk smake. Sharon er desidert ei av mine favorittfrukter, so det var eit lite eventyr å kunne gå og plukke etter som ein fekk lyst på. Dessutan fungerer dei utmerka å steike saman med kylling, eller til å ha saman med ris og krydder. Og husverten delte gjerne tips og idear til korleis ein kunne tilberede dei.
Og for å kome litt tilbake til dei store mangoane: Etter kvart tok toppfruktene til å dette ned slik at eg nådde tak i dei òg, so sant eg kom til frukta før hønene, grisane, eselet og ponniane. Og det var verkeleg blant dei beste mangoane (som òg er ei favorittfrukt) eg har smakt.


søndag 25. januar 2015

Spania | Sommarfuglar

I fjor fekk eg høve til å reise til Spania og vere der ein heil månad i høve studiet mitt. Det var rart å skulle vere vekke når yndlingsårstida mi gjorde fjella og skogane heime so vakre som dei berre blir om hausten, men saknet var forsvann då eg fann ut at den spanske hausten kunne vere retteleg so fin, den òg. Kroppen tilpassa seg raskt dei (for meg) høge temperaturane, og det var rikeleg med ting å sjå og oppleve, både åleine og saman med dei femten andre eg reiste og budde med.

Noko av det finaste vi gjorde, var å vitje eit summarfuglhus. To tusen kvadratmeter dekt av tropiske vekstar og eit ukjent tal sommarfuglar som okkuperte luftrommet rundt oss. Som regel var sommarfuglane å finne rundt matstasjonane med søt nektar...

... eller på ein trestamme der dei synte dei fargesterke vengjene sine...
... eller på nettingen ved klekkestasjonane der dei klamra seg fast for å tørke vengjene...
... eller i ly under frodig lauvverk...
... eller på ein blome for å få i seg næring på den gamle måten...
... eller på eit lauv der dei var fullt synlege og kunne følgje med på det som gjekk føre seg rundt dei.

Det er mogleg det blir nokre fleire glimt frå Spania-opphaldet utover vinteren og våren, for det vart ganske mange fine inntrykk i løpet av turen som eg gjerne vil dele.

torsdag 22. januar 2015

15 i 2015

- Godkjent tema til bachelorgoppgåva
- Høgfrekvente bibliotekbesøk for å finne litteratur til eiga forsking
- Fredrik William Olsen på øyret

- Nye ullunderklede
- Forelesningar om norske dialektar
- Pannekakerøre på flaske

- Ettermiddagste hjå gode menneske
- Det perfekte vinterskjørtet x 2
- Svarttraster i nakne vintertre

- Ein serie som er nett høveleg mellom arbeidsøkter (Pushing Daisies - sjå den!)
- Gamle brosjer på kragen og på jakka
- Masse grønsaker i kjøleskåpet

- Eit skåp som snart er tomt for te (og som snart skal fyllast opp att)
- eric av Shaun Tan
- Ein strikkagensar som er 1/3 ferdig

torsdag 8. januar 2015

Hjort

Heilt sidan eg fekk spegelrefleks har eg hatt lyst til å fange ein hjort slik. No har eg klart det.

lørdag 27. desember 2014

Kveldshimmel

Den spanske solkysten (oktober).
 Dalen og fjella heime (desember).

fredag 26. desember 2014

A sense of time passed

Vekene fer forbi, anten det er som skyer på ein vindfri dag, eller som sildrande bekkar etter kraftig regn. Men dei forsvinn ikkje. I staden smyg dagane og augneblinkane seg bakom ryggen, kitlar nakken og øyra, passar på at blikket vender framover mot det som kjem, men let herdane støtte seg mot det som har vore og framleis er der bak ein og inst i hjarterota. Minner ein på at ein er ikkje det same mennesket som ein var for tre månadar sidan, fem dagar sidan, i går, men samtidig er det lite som har endra seg.

fredag 5. september 2014

649 m.o.h.

Eg har vore student i Volda i to år no, og fram til i dag hadde eg, trass store planer, ikkje komt meg opp på toppen av Rotsethornet. Men i dag var vêret perfekt for fjelltur i ukjent terreng: ikkje skodde, ikkje våt mark, ikkje regn i sikte, ikkje steikande sol, ingen vind i låglandet, og passeleg temperatur å gå seg varm i. Dermed drog eg og ei veninne på oss turkleda og traska av garde etter lunsj.

Dei fyrste tre timane hadde vi fjellet heilt for oss sjølve, desse tre krabatane var dei einaste vi møtte på. Vi slo følgje eit stykke på vegen, men so fann dei noko som var meir interessant, kanskje saftig gras?
"Tenk om vi kjem opp på toppen og sola bryt gjennom skydekket akkurat då," sa eg medan vi gjekk nede i skogen, og då vi kom over tregrensa gjekk sanneleg ynsket mitt i oppfylling, og landskapet ikring vart lyst opp av små solflekkar.
Då vi var komne opp i høgda lyste det både raudt (av tytebær) og blåsvart (av krekling), ei kjærkoma forfrisking, og ein god grunn til å ta hyppige plukkepausar.
 Fjorden låg etterkvart bada i sollys, og frå tid til anna såg vi ferja og små båtar som for forbi, langt, langt under oss.
Då vi akte oss frampå den vesle klippa nede til høgre på biletet over (bak dei store steinane, so vi var utanfor fare) og såg ned i Torskegjølet, fekk vi eit talande bevis på kor svimlande dei norske fjella kan vere.
Noko av det beste med turen var å sjå korleis dei blådisige fjella langt borte sto i kontrast til det skarpe haustgraset, dei grøne einebærbuskene og bjørkene, og ikkje minst dei raude bæra og lyngen.
Til vår store overrasking var der til og med eit lite vatn der oppe, og det var so umåteleg vakkert å sjå korleis skyene spegla seg i det, innimellom det gule graset.
Og det var so fint på toppen! Det blir nok ikkje ein tur ein tek so ofte (med roleg og utforskande gange brukte vi seks timar opp og ned), men det var vel verdt det.