tirsdag 4. mai 2010

Draumekrøniker, Del 8 - Bjørnebærfyrlys

Bror min og eg sit i bilen på veg til Sandane. Når eg so ser ned på hendane mine, oppdagar at eg driv og filkar med noko rusk, epleskal eller noko i den grunnen. Kanskje har eg funne den under setet og tytkte det va artigt å leike med, eller kanskje eg nett har ete eit eple? I tilleg, so har eg Ingvald si plastklokke i handa, og er heller lei meg for at den er øydelagd. I alle høve, so ser bror min det, og sia det ikkje ser ut som om han tykkjer noko særleg om det. "Vi køyrer på Ivahola med det" seier han, men eg kan ikkje skjønne korfor vi ska måtte ta ein slik lang utstikkar, so eg føresler at vi berre kastar det ut bilvindauget. Då får han eit endå strengare uttrykk i andletet, og sler fast at "Nei, vi kastar det på Ivahola!"
So kjem vi til vegen som fører til Ivahola og svingar opp der. Men når vi kjem på toppen er der slett ikkje nokon søppelplass. Og vi er forresten ikkje på toppen av noko heller. Litt bortanfor oss ser vi ein tamil kome gåande, og han peikar på ei slags metallkorg som ligg på kanten av eit djupt juv som vi ikkje kan sjå botnen av, og denne korga er festa til ei taubane som fører opp til platået ovanfor juvet. Vi set oss oppi, og plutseleg er sjølvsagt hunden vår med.
Tamilen dyttar oss av kanten, og i fyrstninga fell vi ganske so beint nedover, men etter å ha halde seg fast som best ein kan, går det oppover. Vel oppe, og det er verkeleg på toppen denne gongen, ser vi utover ei lita flate, og midt i den flata er der noko som minner om ei vollgrav som omkrinsar ein rund flekk med gras. Og midt på den irrgrøne grasflekken sit eit lite knøtt med gult, bustete hår, og det gret. Naturlegvis går vi nærmare, og eg spør det kva det gret for. Då forklarar det at fyrlyset er sløkt og det får ikkje fyr i det igjen. So flyttar det litt på seg og syner oss noko som ser ut som ei stor, gul lyspære.
Då får eg ein strålande idé! Eg går bort til ei bærbuske og plukkar eit bjørnebær, som eigentleg ser ut som eit bringebær, og plukkar sjølve frøa av, slik at det einaste som e igjen e den harde kjerna som av og til heng med når ein plukkar bjørnebær. "Kanskje dinna kan hjelpe?" seier eg og rekk kjerna til knøttet. Då blir det so glad og tenner lyset med ein eingaste gong.
So fer vi heim att.

Ingen kommentarer: