torsdag 19. august 2010

Femmarar og prikkar

Den nye lysegrøne sløyfa med kvite prikkar på fekk i dag lov te å sitte på bringa mi og pynte den dusgrøne kjolen litt.
Då vi hadde ete matpakkane våre, gjekk eg og lukketrollet bort te ei tralle med bibliotekbøker som va utgådde frå samlinga og som ein kunne få med seg heim for fem kroner stykket. Ingen av oss hadde noke store forventningar te at vi skulle finne litterære perler, og då vart jo gleda endå større når eg fann "Peter Pan og Wendy", so eg har hatt lyst til å lese kjempelenge! Ogso berre fem kroner... Eg følte meg litt lukkeleg då, og glad for at lettsykkelelgen kunne låne vekk ti kroner so eg fekk kjøpt den. Eg kjøpte ei bok te: "Lys" av Eva Figes. Grunnen te at eg kjøpte den va at eg såg ho hadde noko med Claude Monet å gjere, so då tenkte eg "korfor ikkje?" og drog ho med meg.
Med andre ord: eg har vore ganske smilande i ettermiddag.

Translation: I wore my new polkadot bow for the first time today, and in the lunch break me and a friend went over to the library to look at some books they'd put up for sale, only £ 0,5 each, and I found "Peter Pan and Wendy". I've wanted to read that book for so long! I also bought "Light" by Eva Figes, because it had something to do about Claude Monet.

2 kommentarer:

Kjersti Dahle sa...

smil. smil er fine. åh. <3
hvilken peter pan bok er dette? det er ikke originalen, men en annen en?

(pene kjolen din)

Regnboge sa...

Det e skrive to Peter Pan-bøker, og den eg kjøpte e den andre, den som Disney-versjonen byggjer på, trur eg (skjønt Disney ofte lagar sine eigne variantar).

Takk:)