lørdag 21. mai 2011

Bambus

Kinarestauranten Bambus i Førde e ein fantastisk fin plass å ete middag. Møblane er mørke med fine utskjæringar, tapeten e vakker, der er eit akvarium, og det e sånn at sjølv om der e litt andre folk, so finn ein seg ein liten krok for seg sjølv. Betjeninga er triveleg (iallefall dei to gongane eg har vore der), og maten er komen på bordet på ein to tre! Eg blei so smått fascinert av dei små, smale og elegante henda til mannen som serverte oss.
I dag hadde eg kylling med brokkoli, gulrøter, vasskastanjar (eg elskar vasskastanjar), cashewneter og sopp (og ris sjølvsagt), og ein ganske so sterk saus, sånn at leppene mine prikka ei stund etter at eg var ferdig med å ete. Trur det var nummer 23 på menyen. Sist gong åt eg karrikylling, og den var endå beire enn dagens. Innbakt kylling haurdest ganske gødt ut, so eg trur eg skal prøve den neste gong.


Translation: There's a China restaurant in the city closest to my home which I absolutely adore, and today we had dinner there. I ate chicken with rice (obviously) and incredibly well-tasting vegetables. The sauce was quite strong though, making my lips sting a little after I was done eating, however, it tasted delicious.

2 kommentarer:

tinekatrine sa...

nå fikk jeg lyst på kinamat! uten kylling da.

Regnboge sa...

Tinekatrine: Det forstår eg gødt, det at du fekk lyst på kinamat, altso:)