- Vakne til varmeomn på for fyrste gong i haust.
- Sjå "The Fellowship of the Ring".
- Ete sjokolademousse.
- Lese i "The Colour Purple".
- Flette alvefletter på sidan av hovudet.
- Ha på seg skulehettegensaren frå ungdomsskulen.
- Prøve å lage nye songar.
- Lytte til regnet.
- Gå med tøfler med kyr på.
- Drøyme om mummipappa sine eventyr som ung.
- Spele yatzy.
- Ha på hue når ein ska på søndagsbesøk.
- Ligge på golvet med kjaken inn mot ein hundehals og nesten søve.
2 kommentarer:
Perfekt søndag i oktober. <3
Søndager kan være ganske så fine.
Legg inn en kommentar