torsdag 13. september 2012

19

Å vakne ein halvtime før vekkarkløkka, lese eit par sider i den boka du nett byrja på, ete frukost medan du høyrer hybelsambuarane dine forte seg av garde for å rekke skulen, å drikke opp teen for so å setje seg ned for å lese pensum, men rett som det er bli avbroten av meldingar frå kjære menneske.

Å oppdage at dei fjernaste fjella har fått snøhetter på, medan trekrunene dansar rundt seg sjølv og attende. Å gå ut og la håret og skjerfet og jakka bli ein del av denne vinddansen i det ein går ut på jakt etter eit eventyr. Eit hausteventyr. Med raudlege bringebærlauv som blir med heim for å leggjast i press under Costume Worldwide, Tusen og en natt, Ringdrotten og den femte utgåva av Norton sin diktantalogi, og med piggete frø som heng seg fast i joggebuksa og lagar grøne prikkar på det svarte.

Å snart skulle ta på seg skoa igjen og gå bakkane nedover til sentrum for å møte vener som ikkje ville ha noke av at du sat heime på hybelen når det er gebusdagen din. Å gå innom ein butikk på veg ned for å kjøpe ein is eller ein muffins, eller kanskje skal du gå inn på bensinstasjonen når kvelden er over og kjøpe deg ein kakao. Etterpå kan du kanskje lytte til Sigur Rós som tek deg inn i ei overjordisk verd av tonar i det sømnen kjem sigande, slik at du ikkje klarer å skilje musikken og bileta som underbeveisstheita manar fram.



Translation: Today I turned nineteen. I didn't have school, yet I woke up early to let the morning pass by slowly, with a cup of tea and a good book to keep me company. From time to time I'd read some homework, occasionaly interrupted by messages from the people I love, wishing me happy birthday. Later today, the weather was perfect for a windwalk, and I found some beautiful leaves that I took with me. In a few hours I'll meet up with some friends, and when I get back I might listen some more to Sigur Rós and let the dreams take me.

2 kommentarer:

motionocean sa...

åh. så fint!

marire sa...

magisk! gratulerer så mye med dagen som var :)