Eg hadde fått to brev om pakkar som venta på Posten, so eg for no nedom med handlenettet mitt i dag for å hente det eg trudde var to pakkar. Det var visst litt fleire, ettersom det eine pakkebrevet gjaldt for sju.
Innimellom alle dei firkanta pakkane (bøker og eit GENI-spel) var det ein mønstrete gebuspakke som vart ganske kaotisk i kontakt med skjørtet. Inni var det ein minitermos med ugler på, perfekt til kveldar på lesesalen eller små utflukter i skogen.
Og innimellom pensumbøker låg den finaste utgåva av Pride and Prejudice eg noken gong har sett, og som eg difor fann ut at skulle vere mi gåve til meg sjølv for ei veke sidan. Frå Penguin Books, sjølvsagt.Ettersom det var skikkeleg sol for fyrste gong på fire veker sat eg i parken ovanfor steinkirka og las dei fyrste kapitla i Austen-boka, medan sola varma andletet. Etterkvart kom det små lette regndropar av den typen som ser ut som diamantar når dei festar seg på ullstrømpebuksa, og som får den solvarme lufta til å dufte.
Då kløkka kort tid etter vart fire traff eg ei fin ei for å prøve ut restauranten Det Grøne Treet. Eg vart litt forelska i tapeten der inne, i den grad det går an å forelske seg i ein tapet.
Frå menyen fall valet på kyllingsalat til 117,- og den var knakande god, med rykande, sprøtt brød attåt.
Translation: I went to pick up what I thought was two packages that were waiting for me at the Post Office, but I soon figured there were eight of them. Inside the patterned package, which did not blend too well with my skirt, was an adorable mini thermos with owls on, and in one of the other packages I found the most beautiful version of Pride and Prejudice I've ever seen. Seeing it was the first real sunny day in four weeks, I sat outside in the park, reading the first chapters of the book. After a while it started raining, the kind of rain that turns into small diamonds as they hit your wool tights, and that gives the sunny air a wonderful fragrance. When the clock turned four I met up with a nice one and had dinner at a place we'd heard of. The chicken salad was delicious!
1 kommentar:
Åh. Mange pakker!!!! Så mye fint i ett innlegg! Jeg har Austen-bøkene på lestelista, må bare lese de øverst på lista først....
Legg inn en kommentar