Men på den andre sida er eg veldig for å smake på lokale rettar når du reiser til ein ny plass, om maten ser aldri so forstyrrande eller ufordøyeleg ut. Difor hadde eg lova meg sjølv at når eg skulle opphalde meg i Amerika, då skulle eg òg ete som folk i Amerika. Dermed for vi på Braum's.
Middagen besto då av ein liten hamburgar med ost og sylteagurk, ein pøse pommes frites og eit glas sjokolademilkshake. Det smakte litt betre enn frykta, osten var faktisk ost. Milkshaken var som milkshake pla vere. Og det var ubegripeleg mettande. So etter å ha pressa i seg siste biten av burgaren (for våre amerikanske slektningar likar ikkje at vi let noke vere att på tallerkenen) lente eg meg tilbake på den vesle sofabenken og takka for maten og erklærte at no var eg stappmett. "You mean you won't have dessert?" "No thank you, I'm quite full." "But the reason we took you here was because of the ice cream!"
Og då var det ikkje anna råd med enn å gå bort til isdisken, ta imot rådet om å ta den isen med smak av svart valnøtt, og med eit håpefullt smil seie at eg vil gjerne ha ei lita kule, for so å finne ut at ei lita, amerikansk kule tilsvarar to-tre vanlege kuler her i Noreg. Men: svart valnøtt-is er himla gødt.
Translation: I usually stay away from fastfood such as burgers, because I find that kind of food rather suspicious. But when in America, do as Americans do. The black walnut ice cream was the best, even though I was so full it's a wonder I managed to eat it.
3 kommentarer:
Tenk på hva som kunne vært spart om man ikke hadde sånne svære posjoner. DEt er himla sinnsykt. Men det var bra det var NAM - hurra!
Svart valnøtt-is høyres ut som noko eg verkeleg må prøve å få smake! Lurer på om eg finn ein stad som har det!
Dette så ut som et heftig måltid! Så bra at det var bedre enn fryktet, hihi. Isen så og hørtes ordentlig god ut, altså!
Legg inn en kommentar