Eg hadde bestemt meg for at 2012 skulle blir det beste året i livet mitt so langt, og det vart eit år med månge nye erfaringar, nye opplevingar og nye tankar. Til dømes fór eg til
Texas saman med mamma og pappa for å besøke slekta (eg som aldri har vore utanfor Noreg ein gong!), eg oppdaga kor kjekt det er å vere på leir med målungdomen og eg var russ før eg tok mine siste eksamenar som vidaregåande elev. I løpet av sommaren utforska eg nye gater i hovudstaden, fotograferte nye insekt og signerte leigekontrakt for fyrste gong. Eg fann ut at eg likar studentlivet og at det å spørje nesten-framande menneske om ein skal gå tur eller lage middag saman er heilt i orden, ja, det er faktisk veldig bra, for dei kan vise seg å bli nokre av dine beste vener som du ikkje skjønar at ikkje var ein del av livet ditt tidlegare, for det er jo so riktig!
Eg trur at det viktigaste eg har lært dette året er at so sant du gjer ein liten innsats og vågar litt meir enn du eigentleg tør, so går mykje av seg sjølv. Bestill flybilletten, meld deg på, hev blikket mot himmelen, sei ei regle for å bestemme deg for kva gate du skal gå eller kva saus du skal kjøpe, smil. Sei "hei".
Translation: 2012 was a year filled with new experiences and new things to see and think. Looking back, I believe that the most important thing I've learned during the past year is that as long as you do a slight effort to go a bit further than you really dare, most good things will happen by themselves.
2 kommentarer:
Så fint skrevet. Og for et spennende år! Håper det neste blir minst like flott.
2013 får det travelt om det skal slå 2012, sier jeg bare!
Legg inn en kommentar