søndag 31. mars 2013

Brødrenes sanger

For ei lita æve sidan, kjøpte eg ei bok på bibliotekutsal. Boka var ei samling av buddhistiske tekstar av eit kvart slag, og eg tenkte eg skulle sjå litt i den når det overhengande skulearbeidet var gjort. Det er jo alltid interessant å lære om andre tenkemåtar og livssyn. Då eg kom heim la eg boka i ein bokbunke på rommet mitt og gløymde den litt. No tok eg den fram, og det viste seg at boka er proppfull av dikt (omsett til norsk av Tone og Kåre A. Lie) som buddhistiske munkar skreiv for 2500 år sidan, samt ei kort bakgrunnshistorie til kvart av dei. Ein litteraturskatt, rett og slett.

22* Påfugler skriker i skogen
når morgenvinden kjæler
med sølvblå fjær: vekker
den sovende til meditasjon.
*Dikt nummer 22. Dikta er oppsett med nummer i starten av fyrste verseline.

Translation: I found a book filled with poems by Buddhist Monks, written 2500 years ago.

fredag 29. mars 2013

Med piggar

No når sjøen er klår og kald, då held kråkebollane seg høgt i fjorden og prydar undersjøiske bergveggar som runde og fiolette, raude, oransje, lilla og gule juvelar. Om litt vil dei søkje attende til djupet og bli der heilt til verda blir kald og grå og treng noke vakkert å sjå på. 

Translation: Sea urchins are quite remarkable creatures, and beautiful in the sun.

onsdag 27. mars 2013

Pauseliste

- Time på time ute i frisk luft
- Litt mindre roman-lesing enn planlagt
- Dagar som blir kveld og som blir morgon i litt ujamne intervallar
- Nye Willer-favoritthistorier
- Kråkebollekikking (og -fisking)
- Veksande vedhaugar
- Meir eller mindre frivilleg skigåing
- Oppdaging av nye holer og hus under og mellom steinar
- Sjokolade
- Tjukkegensar og ullstilongs
- Dompap og gråsisik på brettet
- Gamle andlet

lørdag 23. mars 2013

torsdag 21. mars 2013

Merksemd

I dag føresler eg at de tek på dokke fargerike sokkar. Om de ikkje har fargerike sokkar, so kan de gjerne gå med fargerike klede. Og dersom nokon spør korfor dokke har fargerike sokkar og klede, so kan du svare at i dag er det World Down Syndrome Day

Translation: Today I suggest that you put on some bright coloured socks or clothing. And if someone asks you why you wear them, simply tell them that today is World Down Syndrome Day.

mandag 18. mars 2013

Til den nette sum av kroner 117

(19 + 19 + 10 + 25 + 19 + 25)
Når ein tek turen innom bruktbokhandelen og sidan oppdagar at den andre bokhandelen har nittenkroners-sal, då blir det fort ein liten bokoverdose.

Translation: These books were mine for 117 NOK (£13.37).

søndag 17. mars 2013

Sanningar

Etter oppfordring frå Siv, skal de no få bli litt betre kjent med meg. Her er mine åtte sanningar:


Ein. Eg kan ikkje heilt forstå at månge folk ikkje tykkjer insekt er fascinerande.

To. Eg er elendig på å følgje med på fjernsynsseriar, sjølv dei eg tykkjer er skikkeleg gode. Med mindre eg har noken å sjå dei saman med, gløymer eg heilt av å sjå dei.

Tre. Teikneseriar gjer meg glad. Både franskspråklege teikneseriar som Tintin, Asterix og favoritten Thorgal, so vel som amerikanarane Fantomet og Donald Duck. Dessutan har vi Tex Willer som bør nemnast, og der er i tillegg ein del seriar som eg ikkje kjenner so gødt endå, men som eg likar utifrå det eg har lese so langt.

Fire. Dei få gongane eg er på ein fest eller liknande der dei rundt meg drikk alkohol, då drikk eg te (som oftast får eg den servert utan å måtte spørje).

Fem. Eg brukar ikkje sminke, dels fordi eg ikkje likar tanken på å skulle sjå annleis ut enn slik eg kjenner meg, dels fordi det er ubehageleg å ha på seg, og dels fordi eg heller brukar pengane mine på bøker og frimerker.

Seks. Eg klarer aldri å planleggje ka bok eg skal lese til ka tid.

Sju. Oslo er yndlingsbyen min (det skal seiast at eg ikkje har vore i so månge, men like fullt trur eg at eg kjem til å rangere Oslo høgt, òg når eg får oppleve fleire byar), og eg vil til Oslo minst ein gong i året.

Åtte. Når eg skal avgjere om eg likar ein song eller ein artist/ei gruppe, ser eg etter poetisk og/eller meiningsfullt språk, særeigne stemmer som ber orda bra og eit lydbilete som bitt (bind) det heile saman.

Vidare kunne eg tenkje meg at desse jentene deler åtte sanningar (nokre av dokke har kanskje blitt utfordra allereie, men då får det bli dobbel utfordring):
RegndropeJohanneGitteBenedicteSynneIngeborgFrøydis og Linda Terese

Translation: Here are eight truths about me: Nature is what fascinates me the most. I like playing with words and sounds. Comics make me happy. When I'm at a party where alcohol is involved, I drink tea. I do not wear make-up. I can never plan when to read what book. Oslo is my favourite city. When deciding whether I like a piece of music or not, I look at how the words, the voice and the sound work together.

lørdag 16. mars 2013

Piggpæretreet

Eg veit om eit tre. Det står midt ute på ein liten myrflekk mellom eit par bergknausar som er so lave at tretoppane synest sjølv om du og trea står på kvar si side. Dette eine treet ser stakkarsleg ut, kan ein tykkje, når ein går bort til det i det ein spaserer forbi. Stammen og greinene nederst har liksom vikla seg til ein heilt uløyseleg floke av bork, lauv og kvist med tornar på. Men når du går derifrå og ser deg attende vil du sjå dei mjuke, kvite blomane som strekk seg mot himmelen.

Translation: I know of a a wild pear tree with thorns and tangled branches. But when I tilt my head up while standing under it, or if I'm leaving and stop to turn around to have a last look, I see its beautiful flowers.

onsdag 13. mars 2013

Dikt og du (Halldis Moren Vesaas)

Alle dei vers eg har dikta til deg!
Dei spring av mitt hjarte som blomar av jord.
Men bad eg deg inn mellom blomane, venn,
drap du kvar ein med eit smil, med eit ord.

Men endå om ingen får synge for deg
av alle dei viser du sår i mi sjel
- å venn, det er dei, meir enn all din eld,
som bergar mitt sinn frå å fryse i hel!

Translation: "Poems and you" by the Norwegian poet Halldis Moren Vesaas, about writing poems to a person who shall not read them, for if he does, the words and poetry will be destroyed.

søndag 10. mars 2013

Frøkapslar

Eit av dei finaste og raraste orda som finst.


Translation: "Frøkapslar" (seed capsules) is one of the prettiest and most peculiar words there is.

fredag 8. mars 2013

8. mars

Kvinnedagen, dagen då verda rettar litt ekstra merksemd mot oss kvinner og kor flotte, trivelege og viktige vi er. Det er dagen då ein tek på seg raud strømpebukse for å starte praksistimen med å fortelje elevane kva dag det er. Det er dagen då vi smiler til og gratulerer kvarandre med den veksande sigeren vi nyt i samfunnet vårt i dag. Det er dagen då vi unner oss eit kakestykke eller ein kakao fordi vi er kvinner og fordi det er dagen vår i dag. Til lukke med dagen!

Men det er òg dagen for å tenkje på at det ikkje alltid har vore like enkelt å vere ein del av det andre kjønnet. At om vi på papiret har klatra ut av mørkret, so er der framleis fleirfaldige kvinner som har ein lang og vanskeleg veg å gå før likestilling, likeverd og tryggleik som kvinne og som individ er ein realitet. For nokre kan desse tinga knapt kallast ein draum.

Men det går framover, og vi tek aldri pause. Og det er noko å feire.

onsdag 6. mars 2013

Vårsmileliste

- Hybelrom som luktar krydderte etter at ein ikkje rakk å drikke opp tekøppen i dag tidleg.
- Rosa jus til middagen.
- Våren som blir sterkare (snøfnugga som dalte gjennom lufta forsvann før dei tok i jorda).
- Svart- og kvitflekkete kattar som snik seg forbi vindauget om morgonen.
- Stripete sokkar.
- Fisherman's friend.
- Blyantstrekar som går saman til fine motiv.

Translation: Things that makes me smile now as it's almost spring: Finding my room smelling wonderfully because of the spiced tea which I forgot to drink as I left for school this morning, Pink juice for dinner, the spring growing stronger, cats sneaking past my window, striped socks, Fisherman's friend, pencil line which meet and cross in pretty pattern and motifs.

tirsdag 5. mars 2013

Origamiglede

No er der åtteogførti fleire born i verda som kan å lage papirtranar. Eg nyt dagane i praksis.
Untitled by brianoldham

Translation: Now there are 48 more children in the world that know how to make paper cranes.

søndag 3. mars 2013

Medan vi ventar på vår

Tonar som fyller rommet medan mjuke snøflak dalar mot jorda utanfor:



Translation: Tunes which fill the air in my room as the snow falls softly towards the ground outside.

fredag 1. mars 2013

Start

Mars starta med nysnøv og slaps i vegane, Ofelaš i dei tre fyrste (og einaste) praksistimane for dagen, samtaler om kinesisk og ukrainsk historie i samanlikning med norsk, postkontormann som, sjølv om han er i motsett ende av rommet og sjølv om eg berre har henta post med han to eller tre gonger, ropar ut "Hola señorita!" som om vi er gamle kjenningar, og i pakken med to malaysiske frimerker (trur nesten eg skal bjynde å samle på dei igjen, sånn at eg i det minste får fyllt ut den eine frimerkeboka eg har heime) var intet ringare enn ei gul R.E.M.-t-skjorte frå Monster-turneen i 1995. Om resten av dagane i mars er berre halvparten so gode og innhaldsrike, so skal eg seie meg utruleg nøgd!

Translation: Marchstarted off with snow, the film Ofelaš, conversations about the history of China and Ukraine compared to Norway, the post office man who, even though I'm at the opposite end of the room, and even though I have only been there twice of thrice before, shouts out "Hola señorita!" as I pick up the package with Malaysian stamps containing a yellow R.E.M t-shirt from the Monster tour in 1995. If the rest of the days in March turn out only half as nice as today, I will consider myself incredibly happy.