1. Vi var so heldige at vi kom til byen under York Food and Drink Festival. Det var utruleg månge lekre saker på borda i sentrum, og då eg fann rabarbrafugde var det ikkje tvil om kva eg skulle kjøpe med meg.
2. Då vi på måndagen for innom supermarknaden Morrisons for å handle inn mat til opphaldet, var det er fryd å oppdage at det gjekk an å kjøpe rabarbra i lausvekt. Det er nesten grunn god nok til å flytte dit.
3. I bakvaresavdelinga fann eine veninna mi ei rekkje paiar, og vi kjøpte med oss ein med rabarbra fordi den såg so god ut. Det var den for øvrig òg.
4. I Storbritannia har dei eit enormt utval av Activia-yoghurtar. Og ja, òg her var rabarbraen teken med i smaksutvalet.
Og nei, eg er endå ikkje lei rabarbra.
4 kommentarer:
Så masse godt!
Åh, rabarbrasmak er undervurdert her til lands! For et herlig utvalg!
Rabarbra er bra, og allerbest heilt ny"plukka" på trappa til bestemor når ein har fått eit eggeglass med sukker å duppe den i :-)
Det har jeg faktisk ikke tenkt over før! Men når du sier det, så har de jo faktisk det! Her ser jeg aldri noe med rabarbra....! Men det gjør meg ikke såååå mye, spiste meg lei av rabarbra da jeg var lita!
Legg inn en kommentar