For lenge, lenge sidan (ein tidleg kveld seint i juni), møttest ni bygde(og by-)ungdomar og pakka seg inn i to bilar for å køyre til fjells.
Med i sekken var reker, muffins og anna snadder som dei ni eventyrarane gladleg momsa i seg for å gjere seg feite, medan praten gjekk livleg der dei mimra om både gamalt og nytt, laust og fast.Med fyr på bålet, fleece- og ullpledd både under og over seg og strikkajakker kring kvar ein kropp, var det ingen som fraus. Etter kvar kom der fleire til som ville få heten i seg, anten det no var den som kom frå pledd eller av hjartevarme.
Kvelden vart lang og lenger enn lang, og himmelen og fjella synte seg frå si vakraste side. Då vatnet tok nattsløret på, var det på tide å forevige stunda i ei rekkje bilete i einsemd og i flokk.
Og er dei ikkje komne attende, so er dei der oppe framleis.
I alle fall i tankane.
6 kommentarer:
Så utrolig herlige bilder du tar! Skikkelig god stemning her inne på sida di :) Er mitt første besøk her, men kommer definitivt tilbake!
Ååå så ufattelig hyggelig! nydelige bilder som alltid, tenker så ofte på deg når jeg ser ekstra fine ting ute i naturen.
Dette så herlig ut! Kjempefint det siste bildet.
Å <3
Bildene! ♥ Særlig det siste!
Vakre ord, vakre bilder.
Og hei, du vant konkurransen, send meg adressen din.
Legg inn en kommentar