- Lesnad som ikkje er relatert til pensum (t.d. Tess of the D'Urbervilles og Tex Willer)
- Å få til å slå graset i bakkane med stuttørve (ein kort ljå)
- Jonsokkveldar som ser ut til å vere tekne rett ut frå eit Nikolai Astrup-måleri
- Ny fjellbukse som gjer lengre turar endå meir freistande
- Hundepotar som trippar av glede kvar morgon, når ein går ut på trappa for å helse på
- Å oppdage nye plantar på nye stader (den under heiter myske, eller Galium odoratum)
- Fine steinar i elver og vatn som blir putta i lomma før dei får pynte opp glaskarmen i støva (stova)
- Dyfta av ryllik og syriner
- Toreskyer som ikkje er svarte og skremmande, men blå og nærast lokkande
- Å kunne søve so lenge ein vil, eller til ein blir vekte av lukta av frukost (eller middag)- Bloggkonkurransar som er til å smile av (slik som Siv sin)
- Kjensla av at ein er komne so langt i livet som ein aldri før har vore, samtidig som at heime er slik det alltid har vore, trygt og lunt og kjært.
5 kommentarer:
Fint! Ekstra bra er kombinasjonen av å være ute og å komme hjem, skikkelig hjem.
Så mye koselig! Skyene er flotte, og lukta av syrin er en av fsommer-avorittene mine!
Fint innlegg. Gjør at jeg får lyst til å gå en lang tur i skogen, nyte livet litt.
IIIIK! HURRA! Jeg vil joine sommeren din en gang! Det virker som en sånn skikkelig romantikken/nasjonsbyggings-sommer - gir det noen mening, egentlig?
Veldig fint, uansett!
Veldig fine bilder og fin liste:)
Legg inn en kommentar