I dag har eg hatt pysjbukse på og den mjuke jakka som er eit par størrelsar for stor. Eg har drukke te, vandra litt i hagen (Discovery-treet har blomar på no!) og funne noke smilefint.
Veit de forresten kva mat som høver å ha timiam eller rosmarin eller salvie til? Urtehagen e nemleg litt utvida, men eg har ikkje mykje erfaring med dei kryddera som eg no nemnte.
Translation: I've been wearing my pyjamas all day and wandered in the garden from time to time. do you have any tips of which food that goes well with rosemary, thyme or salvie?
Viser innlegg med etiketten lukke. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten lukke. Vis alle innlegg
torsdag 26. mai 2011
onsdag 13. april 2011
Fantastisk
Sånn kjende eg meg i går og i dag tidleg:
So, på bussen, segla ditta ned i fanget mitt då The Flying Dutchman gjekk på bussen, med kommentaren om at Ingvaldsen hadde gjeve han den i går med beskjed om at eg måtte få den før eksamen.
Oppi konvolutten og inni pakken, mellom sylteglaslok og grøn ull, låg denne vesle krabaten (det nærmaste ho kom til ein harelabb), og rett etter at eg hadde sett den på, so høyrde eg "...and if somebeody's going to make it, that somebody ought to be you..." gjennom radioen.
Då smilte eg massemasse, og i tolvtida, då eg hadde eg prata ferdig med sensorane, vart eg omlag sånn:
Og medan eg hugsar det: høyr
No lagar mamma vafler.
Translation: I felt so incredibly nervous yesterday and this morning, but then I recieved an envelope from one of the most amazing friends, with a note that wished me good luck on my exam, and around twelve o'clock (I think) I felt so relieved. The ring had done its duty.
Abonner på:
Innlegg (Atom)