I går vart det kjole med blomar på, og gjensyn med alle flotte. Og pedagogikkarbeid. Og middag på kinesisk restaurant. Og quiz. I dag vart det morgonstudering og te hjå ei bra ei, ogso har eg teke opp tytebærkake frå frysen til eg får besøk til kvelden. Kløkka ni skal vi fare ned på Rokken for å høyre og sjå karane i Kråkesølv. Av og til lyt ein berre nyte dagane (so sant ein gjer skulearbeid innimellom).
Translation: Yesterday consited of a flowery dress, faces I've missed, school work, Chinese dinner and quiz. Today started off with morning studies at a friend's place, and tonight I will have some friends over at my place, and we'll eat som cake and then head down town to see Kråkesølv live.
torsdag 22. november 2012
tirsdag 20. november 2012
"Fifteen men on the dead man's chest"
Translation: I dare say this is the most important pirate novel there is. I suggest that if you have even the slightest interest in pirates and how they appear in litterature and film, you should read this novel.
mandag 19. november 2012
Korall
Alle burde ha minst ei diktsamling liggande i heimen sin. Av og til er det so bra å berre bla gjennom utan mål, og kanskje er det ingen titlar som får deg til å stoppe opp og lese, kanskje set du samlinga tilbake i bokhylla utan å ha fått noke å tenkje på, anna enn "eg var ikkje i humør til dikt no". Men av og til er det noko som tvingar augo dine til å lese, fyrst eitt, so to, so tre dikt, og plutseleg lever orda sine eigne liv inne i hovudet ditt, blir til bilete og fargar, og når du legg frå deg boka har eit smil lurt seg opp i munnvikane, eller kanskje kviler blikket ditt på eit hav langt borte. Dette er diktet "Korall" av Rolf Jacobsen:
Fra sitt feste på bunnen av dyphavet
i lampefiskenes dødsrike
vokser de seg umerkelig oppover
slektledd efter slektledd,
etasje på etasje
gjennom tusen år, kanskje titusen
til plutselig som et jubelrop
tordnende lys bryter frem.
Nå ser de solen.
Småbølgene som lette kyss.
Hvite armer legges omkring.
Muld kommer, regn kommer,
spirende frø kommer blomst
kommer palme, opp, opp
mot lysets krone.
Fra sitt feste på bunnen av dyphavet
i lampefiskenes dødsrike
vokser de seg umerkelig oppover
slektledd efter slektledd,
etasje på etasje
gjennom tusen år, kanskje titusen
til plutselig som et jubelrop
tordnende lys bryter frem.
Nå ser de solen.
Småbølgene som lette kyss.
Hvite armer legges omkring.
Muld kommer, regn kommer,
spirende frø kommer blomst
kommer palme, opp, opp
mot lysets krone.
Translation: A poem written by Rolf Jacobsen, one of my favourite Norwegian poets. I strongly believe that everyone ought to have at least one collection of poems in their home. Sometimes you don't really feel like reading poems, but at other times you might suddenly find that you're really in the mood for it, and it is truly amazing what a small poem or two can do to your day.
søndag 18. november 2012
Eg vil gå i kjole
No er det berre to dagar att med praksis, og det skal bli gødt å kome tilbake til studiekvardagen etter ti dagar med små, unge menneske. Onsdag trur eg eg skal feire med å ha på meg kjole med blomar på, dersom vêret tillét det. Det er alt for lenge sidan sist.
fredag 16. november 2012
onsdag 14. november 2012
Lembasbrød
I helja var planen å ha Ringdrotten-maraton (altso Ringenes herre-maraton). Diverre vart det litt kluss med filmane, slik at vi måtte nøye oss med å sjå dei tre fyrste Pirates of the Caribbean-filmane i staden, noko som jo òg var grådig triveleg. Og vi åt no litt av lembasbødet eg hadde baka likevel.
Etter litt å ha leita litt rundt på nettet fann eg ei oppskrift som verka overkomeleg. Eg halverte den og tilpassa til det eg hadde i skåp og skuffer. Resultatet vart det scones-aktige brødet de ser over.Du treng (til eit brød på 20 x 30 cm):
- 2 dl grovt (kveite)mjøl
- 2 dl fint mjøl
- 1/2 ss bakepulver
- 1 krm salt
- 4-5 ss flytande Melange
- 0,4 dl sukker
- 2-3 ss honning
- 0,5 dl mjelk
- 0,5 dl eplenektar
Slik gjer du:
1. Set bakaromnen til omlag 200 grader.
2. Bland mjøl, bakepulver og salt i ein bolle. (Eg føretrekk å bruke tresleiv under heile bakinga.)
3. Ha i flytande Melange.
4. Set til sukker og honning og rør til massen er jamnt kornete.
5. Rør inn væska. Deiga skal vere rimeleg blaut og seig.
6. Hell deiga på eit bakepapir og smør den utover til den er omlag 1,5 cm tjukk over det heile. Det kan vere lurt å skjere deiga opp i ruter før du steiker det, slik at ein lett kan rive seg eit stykke.
7. Steik brødet i 12 minutt midt i omnen. Det kan vere vanskeleg å sjå akkurat når det er ferdig, for det forblir mjukt all den tid det er i omnen, men når den har fått avkjølt seg blir det fast. Ikkje lat det stå so lenge at det blir svart i kantane (slik som mitt blei), for då får delar av brødet ein besk smak!
Translation: Me and some friends were planning to watch the Lord of the Rings film last weekend, and for that occasion I baked some lembas bread, starting out with this recipe, bur ending up with something slightly altered.
tirsdag 13. november 2012
Nokre gonger kjenner du deg usikker, du lengtar mot noko som ikkje er i livet ditt her og no. Noko som ligg bakover i tida, eller kanskje ligg det ein stad langt der framme, so langt vekke at du ikkje kan sjå det heilt klårt endå. Du berre anar konturane av det, veit at det er der, veit at du ikkje klarer å røre ved det. Ikkje no.
Men det kjem dagar då du er ein plass midt mellom det som ligg før og etterpå. Det kjem dagar der du er heilt sikker på kor du er og at det er der du skal vere, at du er på riktig veg. Du veit at du høyrer til der du er. Akkurat no.
Translation: Sometimes you feel insecure, you long for something that is not a part of your life for the time being. It's something from the past or in the future, somewhere so far away that you can't even make out what it is. You just sense its existence, and you know you can't reach it. Not now.
But there will be days when you are somewhere right in between what has been and what will be. There will be days when you are certain of where you are, and when you know that this is where you ought to be, you're moving in the right direction. You know you belong to where you are. Just now.
Men det kjem dagar då du er ein plass midt mellom det som ligg før og etterpå. Det kjem dagar der du er heilt sikker på kor du er og at det er der du skal vere, at du er på riktig veg. Du veit at du høyrer til der du er. Akkurat no.
Translation: Sometimes you feel insecure, you long for something that is not a part of your life for the time being. It's something from the past or in the future, somewhere so far away that you can't even make out what it is. You just sense its existence, and you know you can't reach it. Not now.
But there will be days when you are somewhere right in between what has been and what will be. There will be days when you are certain of where you are, and when you know that this is where you ought to be, you're moving in the right direction. You know you belong to where you are. Just now.
Abonner på:
Innlegg (Atom)