onsdag 13. mars 2013

Dikt og du (Halldis Moren Vesaas)

Alle dei vers eg har dikta til deg!
Dei spring av mitt hjarte som blomar av jord.
Men bad eg deg inn mellom blomane, venn,
drap du kvar ein med eit smil, med eit ord.

Men endå om ingen får synge for deg
av alle dei viser du sår i mi sjel
- å venn, det er dei, meir enn all din eld,
som bergar mitt sinn frå å fryse i hel!

Translation: "Poems and you" by the Norwegian poet Halldis Moren Vesaas, about writing poems to a person who shall not read them, for if he does, the words and poetry will be destroyed.

søndag 10. mars 2013

Frøkapslar

Eit av dei finaste og raraste orda som finst.


Translation: "Frøkapslar" (seed capsules) is one of the prettiest and most peculiar words there is.

fredag 8. mars 2013

8. mars

Kvinnedagen, dagen då verda rettar litt ekstra merksemd mot oss kvinner og kor flotte, trivelege og viktige vi er. Det er dagen då ein tek på seg raud strømpebukse for å starte praksistimen med å fortelje elevane kva dag det er. Det er dagen då vi smiler til og gratulerer kvarandre med den veksande sigeren vi nyt i samfunnet vårt i dag. Det er dagen då vi unner oss eit kakestykke eller ein kakao fordi vi er kvinner og fordi det er dagen vår i dag. Til lukke med dagen!

Men det er òg dagen for å tenkje på at det ikkje alltid har vore like enkelt å vere ein del av det andre kjønnet. At om vi på papiret har klatra ut av mørkret, so er der framleis fleirfaldige kvinner som har ein lang og vanskeleg veg å gå før likestilling, likeverd og tryggleik som kvinne og som individ er ein realitet. For nokre kan desse tinga knapt kallast ein draum.

Men det går framover, og vi tek aldri pause. Og det er noko å feire.

onsdag 6. mars 2013

Vårsmileliste

- Hybelrom som luktar krydderte etter at ein ikkje rakk å drikke opp tekøppen i dag tidleg.
- Rosa jus til middagen.
- Våren som blir sterkare (snøfnugga som dalte gjennom lufta forsvann før dei tok i jorda).
- Svart- og kvitflekkete kattar som snik seg forbi vindauget om morgonen.
- Stripete sokkar.
- Fisherman's friend.
- Blyantstrekar som går saman til fine motiv.

Translation: Things that makes me smile now as it's almost spring: Finding my room smelling wonderfully because of the spiced tea which I forgot to drink as I left for school this morning, Pink juice for dinner, the spring growing stronger, cats sneaking past my window, striped socks, Fisherman's friend, pencil line which meet and cross in pretty pattern and motifs.

tirsdag 5. mars 2013

Origamiglede

No er der åtteogførti fleire born i verda som kan å lage papirtranar. Eg nyt dagane i praksis.
Untitled by brianoldham

Translation: Now there are 48 more children in the world that know how to make paper cranes.

søndag 3. mars 2013

Medan vi ventar på vår

Tonar som fyller rommet medan mjuke snøflak dalar mot jorda utanfor:



Translation: Tunes which fill the air in my room as the snow falls softly towards the ground outside.

fredag 1. mars 2013

Start

Mars starta med nysnøv og slaps i vegane, Ofelaš i dei tre fyrste (og einaste) praksistimane for dagen, samtaler om kinesisk og ukrainsk historie i samanlikning med norsk, postkontormann som, sjølv om han er i motsett ende av rommet og sjølv om eg berre har henta post med han to eller tre gonger, ropar ut "Hola señorita!" som om vi er gamle kjenningar, og i pakken med to malaysiske frimerker (trur nesten eg skal bjynde å samle på dei igjen, sånn at eg i det minste får fyllt ut den eine frimerkeboka eg har heime) var intet ringare enn ei gul R.E.M.-t-skjorte frå Monster-turneen i 1995. Om resten av dagane i mars er berre halvparten so gode og innhaldsrike, so skal eg seie meg utruleg nøgd!

Translation: Marchstarted off with snow, the film Ofelaš, conversations about the history of China and Ukraine compared to Norway, the post office man who, even though I'm at the opposite end of the room, and even though I have only been there twice of thrice before, shouts out "Hola señorita!" as I pick up the package with Malaysian stamps containing a yellow R.E.M t-shirt from the Monster tour in 1995. If the rest of the days in March turn out only half as nice as today, I will consider myself incredibly happy.