søndag 27. april 2014

Ein blir aldri for vaksne

 I påska bar eg ei stor kasse opp på rommet til bror min, kor vi opna den og tok ut det lenge etterlengta innhaldet.
So tok vi til å byggje. Broren las brukarrettleiinga, medan eg gjekk inn i rolla som litt utolmodig syster som helst berre ville setje saman med ein gong utifrå intuisjonen (den fungerte for øvrig fint på takbygginga!).
Etter kvart kom både veggar og golv på plass, og ein kunne bjynde å fantasere om korleis ein skulle innreie herlegheita.
 Og plutseleg (etter tid vi ikkje talde) stod borga klar, og vindebrua kunne senkast.
 Og so kunne Playmo-figurane og vi feire at alt var sett i stand!

onsdag 23. april 2014

Ein dag å feire

I dag er det bokdagen! Og det lyt feirast, til dømes med å ta til på ei ny bok og bli bokforelska (Saman er ein mindre aleine av Anna Gavalda), eller so kan ein markere dagen med å tipse om ei fin bok. Eg gjer begge deler.
Miss Rumphius er forteljinga om lupin-dama som reiser verda rundt før ho sler seg ned i eit hus ved havet. Men noko står endå att å gjere: Å gjere verda vakrare.
 Illustrasjonane er etter mi meining heilt fortyllande, og ein kan sitje lenge og berre sjå på dei.

mandag 21. april 2014

Stompa forelsker seg

Når gamle klassikarar ein såg som lita går på fjernsynet, blir ein fort særs nostalgisk. Og so blir ein gjerne sittande utover kvelden og lytte til songane som høyrer til.

søndag 20. april 2014

God påske!

I påskeferien vart det til at vi halvvegs budde i støvlar og uteklede. Og sola kom fram.
Og krokusane skaut fram i hopetal.
Og Natanja døste lukkeleg mellom klappande hender, matbitar og sol.
 Og kråkebolleskal gløda som juvelar frå havdjupet.
Og isopor og rekved vart til båt som segla nedover farlege stryk.



søndag 6. april 2014

"Syv historier om noe bortenfor"

For litt sidan lånte eg novellesamlinga Tryllestaven av André Bjerke, og eg blir gong på gong overvelda og glad av dei vakre, kloke formuleringane og bileta som blir skapte med bokstavar svart på kvitt.

tirsdag 25. mars 2014

Under vårhimmelen

1. Natanja som passar på at alle kjem seg ut av huset for å vere med på tur.
 2. Snøfonner i det fjerne.
 3. Rødmande raklar.
 4. Hasselblomar (eg likar dei nesten endå betre enn kirsebær- og plomeblomar).
 5. Døgnflugelarve i pappahand.


onsdag 19. mars 2014

Pust av tid

Dagane blir natt og til dag igjen før ein får sukk føre seg, og når ein lurer på kor alle dagane forsvann lyt ein smile. For tinga og minutta var so mange og so bra og so næringsrike, slik at ein kjenner seg styrkte, slik at ein som menneske har blitt større.

Og so er det i grunn berre på grunn av heilt ordinære, ikkje-sensasjonelle ting: Å forsøke seg på eit gamalt gitarriff for fyrste gong og få det til, å lese ein av Borges sine tekstsnuttar nesten kvar morgon, å bake brød med oliven og kvitlauk, å høyre fuglane øve seg til den store vårsymfonien, å ete gresk yoghurt med honning i og ha mørk sjokolade i kjøleskåpet, å stå framfor ei niandeklasse og forsøke og lukkast fleire gongar enn ein mislukkast, å lese bøker i senga med lommelykt når vinden bles ut det elektriske lyset, å smile.

Og om bloggen er litt stillfarande, so er det greit. For horisontane faldar seg ut.