fredag 11. november 2011

Drøymetid

Hendene mine luktar bålrøyk på grunn av såpa som eg fekk av broen etter at han hadde vore i York i september. Trea kler seg i transparente perler som skimrar, sjølv om du ikkje veit kor sola er, eller månen, og ein ser berre dei svarte fuglane mot det tette, mjuke skoddelaget rundt. Fleire tre. Sovande augelok og saueull rundt handledda, hundepels mellom fingrane. Under syng trommene, bakom syng stemmene. Det er drøymetid.

Translation: My hands smel of bonfire smoke. The trees wear their transparent pearls that shimmers even though you can't see the sun nor the moon, only the black birds against the thick, soft fog around. More trees. Sleeping eyelids and wool around the wrists, dog fur between your fingers. Underneath you the drums sing, beyond there are voices. It is dream time.

3 kommentarer:

h sa...

Så fint!

Synne sa...

Godt skrevet! Håper du fikk en drømmende fin helg!

Johanne sa...

Å, vakkertvakkert!