torsdag 10. november 2011

Pusekattar (+ konkurranse?)

På veg til ein fin hybel høyrde vi små tassande føter bak øss, og so hoppa ein svart pelsdott opp på muren ved sidan av og og sprang heilt til den kom litt føre oss. Då gjorde den seg fin og kosete og viste fram dei vakre, gulgrøne augene og den bustete halen, sånn at vi berre måtte klappe og klø den litt bak øyret. Pelsen va veldig mjuk og varm.
Men pusen va' 'kje so flink til å posere lenge nok om gongen.
So litt konkurranseprat: eg kunne tenkt meg at bloggen fekk seg ein ny bunad, ein som er litt meir spesiell for akkurat dinna bloggen her. Sidan eg ikkje har so veldig god peiling på sånt, so lurte eg på om du er flink til å lage blogglayoutar og kunne tenkje deg å hjelpe?
Sidan det er konkurranse vil det bli premie til det forslaget eg likar best, og eg håpar det blir noke litt mjukt og lunt, noke som kan få ein til å smile.
Endå er ikkje premien heilt ferdig uttenkt, står mellom eit par alternativ, men viss eg blir fornøgd med det resultatet som blir levert, so blir det endå kjekkare å premiere deg med ein triveleg premie.

Translation: A cat me and my friend met here the other day.

1 kommentar:

Maria sa...

Høres awesome ut. Desverre er jeg helt elendig til sånne ting selv, haha