Omtrent no sit eg på flyet til Frankfurt, for so å reise vidare over Atlanteren. Eg skal sveve over ope hav i mange timar, og vere framme i den nye verda til nesten same tid som eg reiste frå Europa. Eg skal sjå nye horisontar, puste framand luft, og eg skal bli betre kjend med dei menneska som eg helste på ein gong eg var lita jente, men som eg ikkje heilt forsto, sidan eg ikkje kunne snakke engelsk då. Eg skal møte tre femmeningar for fyrste gong og gå på museum, kanskje sjå langhorna kveg, og generelt sett bli betre kjend med Dallas/Fort Worth-området.
(Det kan hende eg blir utan tilgong på nett og blogg i ei veke/ti dage)
3 kommentarer:
Så spennende! God reise og opplevelser! ^^
Så spennende, god tur!
Håper du har hatt det supert der borte denne uken! velkommen hjem når den tid kommer. Forresten så pleide jeg også å elske den Dumbo-sangen i forrige innlegg, hoho!
Legg inn en kommentar