Viser innlegg med etiketten reise. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten reise. Vis alle innlegg

fredag 17. februar 2012

"It's easier to leave than to be left behind"

Omtrent no sit eg på flyet til Frankfurt, for so å reise vidare over Atlanteren. Eg skal sveve over ope hav i mange timar, og vere framme i den nye verda til nesten same tid som eg reiste frå Europa. Eg skal sjå nye horisontar, puste framand luft, og eg skal bli betre kjend med dei menneska som eg helste på ein gong eg var lita jente, men som eg ikkje heilt forsto, sidan eg ikkje kunne snakke engelsk då. Eg skal møte tre femmeningar for fyrste gong og gå på museum, kanskje sjå langhorna kveg, og generelt sett bli betre kjend med Dallas/Fort Worth-området.
(Det kan hende eg blir utan tilgong på nett og blogg i ei veke/ti dage)

Translation: Now I'm heading over the Atlantic to the promised land, to visit my relatives in Texas. Until I return in a week or so, I will probably not have access to the blog.

tirsdag 7. februar 2012

Vil du ha postkort?

postcards by pearled
Eg har vore ganske elendig på å sende brev den fyrste månaden dette året, men i vinterferien vert det annleis, for då skal eg sende månge postkort frå der eg skal. Viss noken av dokke har lyst til å få kort frå eit anna land i posten i vinter, so er det berre å gje beskjed, so får de mest truleg det. Kanskje du til og med får utan å spørje òg.

Translation: Soon I'm heading off to a new country, and I want to send lots of postcards from there!

fredag 24. juni 2011

Hadi

Klokka hal eitt sit eg på bussen til Drammen. Kjem tilbake måndag kveld. Medan eg er vekke, kan jo de smile av ein sommarfugl.

Translation: Half past twelwe I'm on my way to Drammen. I'll be back monday evening.

søndag 20. mars 2011

Hegrekjærleik

Fordi eg syns tradisjonell kinesisk kalligrafi e fantastisk fint. Viss eg skulle reist ein plass berre på inspirasjonreise, so hadde det nok blitt Kina. Der skulle eg ha budd i eit lite hus i ein passe stor landsby i nærleiken av nokre fjell med vakre elvar, og bambusskogar like ved. Kvar dag skulle eg gått på spasertur gjennom gatene eller opp i høgda, saman med det eldre ekteparet som eg bur med. Ho skulle vere søt og varm, og ei sånn som finn på grunnar til å synge heile tida. Han skulle kunne namna på alle dyr, plantar og fuglar vi ser, samt forteljingar om kvar einaste ein. Når vi kom heim skulle ho hjelpe med med å trekke te, for eg skulle kunne det nesten, etter å ha prøvd sytten gongar. So skulle han invitere nokre naboar på besøk, slik at alle kunne smake den fyrste skikkelege teen min. Etterpå skulle eg kanskje ha måla litt saman med han og barnebarnet som av og til kom på besøk, eller kanskje høyrt på henne som spelte erhu om kvelden, etter at sola hadde gått ned.

Translation: I want to go to China, to learn how to brew tea, paint traditional calligraphy, and to listen.

onsdag 23. februar 2011

Oslo (i litt mat)

Syskenbarnet mitt og eg laga middag: tagliatelle med sopp- og kyllingsaus (fyrste gong vi laga det),
 donut med kvit glasur (fyrste gong eg prøver slik glasur),
 og varm sjokolade med mønster (fyrste gong eg har fått) på Liebling i Markveien,
 ilag med tunfisksalatsmørbrød på tøffe fat (fyrste gong eg har smakt tunfisk, og det va namn),
 og Kjersti hadde eit morsomt eple. Ho har forresten ei av dei snillaste stemmene, og den søte trillelatteren!

Translation: some of the food-first-times in Oslo, except the apple, which was Kjersti's.

torsdag 17. februar 2011

Au revoir (for eit par dagar)

I dag, når eg kjem heim frå skulen, so ska eg ete middag, før eg har to timar på meg til å pakke ned det eg treng til fire eller fem eller seks dagar i hovudstaden. Hadi gødt, so lenge.
Vintage Suitcases

I'll be in the capital for four or five or six days, starting tomorrow. So long.

torsdag 23. september 2010

Linerlevennen min

I dag lurer eg på om linerlevennen som eg traff for nokre dagar sidan e reist sørover til varmare land for vinteren, slik som Snusmumrikken, eller om ho framleis gjer dei siste førebuingane til den lange reisa. Det e fyrste gongen ho ska reise. Eg lurer på kor ho skal. Når ho kjem tilbake vil ho nok ha blitt heilt vaksa, og fått eit mørk hette. Og vere endå flinkare te å fyke.

Translation: I wonder if my white wagtail friend has gone off towards the south, like Snufkin, or if she's still packing for the long journey. It's her first time leaving. I wonder where she'll go. When she comes back, she'll probably be all grown-up, and be great at flying.

lørdag 7. august 2010

Om å hauste oregano

No sit eg med hovudet i eine handa, fordi handa luktar fersk, nyplukka oregano. Lukta får meg te å tenke på varme land ved Middelhavet som e so langt vekke, og reiser som kan bli.

torsdag 5. august 2010

Bokbyen

Reisa starta med at eg spurde bror min i forbifarten om dar kanskje va eit brev te meg, og det va det, med litt fransk, teogmed!
Etter halvannan time, kanskje litt meir, va vi framme i bokbyen i Fjærland, og eg ska la bilda tale litt for seg sjølve (skjønt dei berre syner eit par av romma og eine bokhuset) :
Sjølvsagt tok eg litt av bokbyen med meg heim.

Då eg skulle kjøpe "Cinq semaines en ballon", so trudde han so skulle ha pengane at eg var fransk, fordi har sa "trente?" istaden for "tredve" og såg usikkert opp på meg, og eg smilte litt og nikka, og då eg gav han pengane sa han "merci", og kunne ikkje meir fransk, so då spurde han ikkje om eg ville ha kvitteringa eller ein pøse.

fredag 3. april 2009

Draumekrøniker, Del 5 - Gjennom veggen

Eg stodi eit middels stort rom. Det var høgt under taket, hyllene var fyllte med gamle klede og ting. Etter å ha leita i alle krikar og krokar fann eg endeleg noko eg ville ha (for når eg hadde først gått inn i ein slik butikk, så måtte eg jo kjøpe noko). Det var ein blå/turkis kjole til 50 kroner; akkurat det beløpet eg hadde i lomma! Fornøgd gjekk eg bort til kassadama, og la kjolen på disken. "80 kroner," sa ho med eit likegyldig uttrykk. Eg protesterte, men då ho viste meg ein annan lapp der det stod "80 kr,-" skjønte eg at eg hadde tatt feil.
Eg kunne ikkje la den kjolen gå ifrå meg! So fort eg berre kunne, sprang eg ut i Oslos gater og leita etter mamma. Ho hadde sikkert tredve kroner, slik at eg kunne kjøpe det blå klesplagget. Det varte ikkje lenge før eg fann ho, og hadde returnert til butikken. Men... Alt var forandra! Dama bak disken var vekke, og no hadde butikken blitt overteke av ein mann. I eine enden av rommet var det stabla nokre kasser. Fortvila byrja eg å leite, men den blå kjolen var vekke. Då eg spurde en noverande innehavaren av butikken, sa han at han aldri hadde sett noko til ein slik kjole som eg beskreiv. Skuffa gjekk eg.

Neste dag var eg tilbake. Eg kunne rett og slett ikkje gløyme kjolen, og leita endå meir. Og underleg nok fann eg den, og betalte for den.
Ettersom eg no hadde funne det eg hadde leita so desperat etter, begynte eg å leggje merkje til alle dei andre vedunrelege tinga rundt meg. Sia eg ikkje hadde noke betre å ta meg til, gjekk eg likesogødt igjøna alle hyller og skap ein gong til. Der va utruleg mykje spennande! Gamle bilder og pyntefigurar og anna. Då eg trudde alle øskjer og skåp var endtevendte, spurde mannen, som no var blitt ganske gamal, om eg ville sjå endå meir. Klart ville eg det!

Han gjekk bort til eit gammaldags skrivebord med små hyller og skuffer, og opna ei lita luke for so å ta ut ei bok. Plutseleg begynte veggen til høgre for oss å opne seg, og eit kraftig lys strøymde utover rommet. Frå opninga høyrde eg ei stemme som sa namnet til den gamle (i skrivande stund er det umogeleg for meg å gjengje dette namnet. Kanskje var det for farleg for dei at eg visste det? Det einaste eg hugsar, er at det begynte p "O").
Veggen lukka seg, og alt vart stille. Men no var det ikkje berre eg og mannen i butikken; ved veggen som hadde opna seg, stod ein indisk gut, og saman med han var Peter, Kong Peter Den Store av Narnia! Mannen gjekk bort til Peter og la ei hand på skuldra hans. "Du tilbake til Narnia, Peter. Dei treng deg," sa han, og dytta oss tre inn i veggen, som på ny hadde opna seg. han såg redd ut.
Så vart det mørkt, og den indiske guten leda oss opp og ned trapper, og snart visste eg ikkje om vi var på veg framover eller bakover. Etter det som verka som ei æve, stoppa han. "Eg håpar De kjem Dykk heim att," bukka han og opna ei luke over oss. Vi steig opp, og plutseleg var vi i ei gate med yrande folkeliv, men ingen bilar. "Bangkok," tenkte eg, men for å vere på den sikre sida, fann eg det lurast i å spørje ein forbipasserade om kvar vi var.
"Hong Kong," svara han

lørdag 8. november 2008

Draumekrøniker, Del 1 - Amazonas

Eg tør påstå at natta, eller meir skumring, er mi favorittid av døgnet. Alt kan skje på berre få timar, minutt eller sekund; du kan reise jorda rundt, oppdage nye stadar og menneske, eller forsovidt møte dei du allereie kjenner og finne på noko absurd saman med dei.

Ein gong reiste eg foreksempel til ein regnskog, eg trur det var Amazonas, saman med ein forskar. Vi vart sett av ved ei elv som glitra av skinande gullfarga steinar, eller kanskje dei var grøne? Iallefall, vi stod no ved sidan av ei elv og vi bestemte oss for å gå vekk frå elva, og inn i jungelen. Etter ei stund stod vi framfor noko som kunne ligna på eit prisme som var bygd opp av store steinblokker, om du føresteller deg ei pyramide med prismeform som ligg på eine langsida, så skulle du forstå omlag kva eg meiner.
På ein eller anna måte kom vi oss opp på denne konstruksjonen, det vil seie, eg sto plutseleg på den, forskaren såg eg ikkje nokon stad. Framfor meg låg det nokre slags hytter. Dei var mørke, og nokre av dei hadde hovudskallar frå noko som ligna ein bøffel. Eg gjekk innimellom dei, men før eg visste ordet av det var eg nede på bakken att, på ei anna side av prismet. Då eg hadde gått eit par steg var den underlege konstruksjonen langt bak meg, og eg stod mellom tørre gamle tre, og ut frå ingenting sprang det ei løve og nokre andre kattedyr. Det eine dyret prøvde å angripe meg, men løva, som forøvrig var brun, hoppa framfor meg.
Så var eg vel tilbake ved elvebreidda og skulle gifte meg med ein innfødd indianar. Eg hadde aldri sett han før, men kvifor ikkje?

Ogso vart det dag.