Dei fleste veit at tistlar kan vekse seg ganske høge (høgare enn meg på mine 1 meter og 62 centimeter). Dei har lilla-rosa blomar. Dei stikk om du prøvar å plukke dei. Men det viktigaste eg veit om tistlar er at dei tiltrekk seg insekt. Vakre insekt.
1. Humlebille (Trichius fasciatus)
2. Brunflekka perlemorsommarfugl (Clossiana selene)
3. Spretthale (uidentifisert art)
4. Foranderleg blåvinge (Plebejus idas)
5. Bjørkeblomsterbukk (Leptura maculata)
Translation: Thistles are great when you're looking for insects. Here are some of the creatures me and my brother found the other day.
tirsdag 31. juli 2012
mandag 30. juli 2012
Sommardagar
Lange, kvite strender med rullesand og -steinar med spor av to- og firbeinte.
Sand under føtene og på leggane etter å ha vassa til knea på mjuk botn i akkurat passe varmt vatn.Bølgjer som samlar kraft og sler ned mot steinane for å tilintetgjere seg sjølv.
Translation: Long white beaches of sand and pebbles. Feet and shins covered in sand after having walked in water up to the knees. Waves that crash towards the pebbles to annihilate themselvers.
lørdag 28. juli 2012
Midshipman Hornblower
I året 1794 kjem syttenårige Horatio Hornblower om bord på skuta HMS Justinian for å starte i vervet som midshipman. England er i krig med Frankrike, og det er urolege tider i Kanalen. Som mannskap i den britiske marinen må ein kvar dag vere rede til å bli angrepne av (eller angripe) fiendtlege skip, noko som kan resultere i anten fangenskap eller død. Men om ein har eit oppvakt hovud og er lærevilleg i sjømannsfaget, kan ein håplaus situasjon med sjøsjuke og utrivelege skipskameratar forandre seg til triumf og respektfylde vennskap.
Hornblower kan vere både usikker og tvilande på seg sjølv og sine eigenskapar som framtidig marineoffiser, men når farer truar og til og med kaptein Pellew av Indefatigable er i tvil om kva som skal gjerast, syner aspiranten seg som ein intelligent og handlekraftig ung mann med ei veldig pliktkjensle ovanfor Hans Majestet George III, so vel som sine under- og overordna på skipet.
Translation: Read the books about young Horatio Hornblower. They are wonderful.
fredag 27. juli 2012
Strandfunn (I høve forlis)
Tøg (tau). Det er jo veldig greit å finne slengande, for då veit du at du er litt tryggare dersom du skulle forlise og må byggje ei hytte eller lage eit våpen eller kva no som måtte bli nødvendig. Då er det best å ha noko å feste ting saman med.
Kaprifol. Botaniske studiar høyrer jo med viss ein skulle hamne på ei aude øy ein ukjend stad.Skrukketroll. Om provianten tek slutt, so kan ein lyte ty til drastiske tiltak (heldigvis hadde vi kapteinkjeks, so vi trong ikkje gå so langt som å ete småkryp).
Solbriller. Slek at du kan speide ut over horisonten sjølv med sola i andletet, for å speide etter skip som kan kome og redde deg.
Drivved. I fine fargar. Slek at du både kan kveike opp eit varmt bål, og bygge og pynte opp den provisoriske bustaden, sånn i tilfelle du skulle bli buande dar ei lengre stund.
onsdag 25. juli 2012
Spring Creek Barbeque
I dag hadde pappa plutseleg kokkelert og sett fram grillribbe, ris og hickory-saus på kjøkenbordet, og det tok meg tilbake til ein av kaféane vi var på i Texas, nemleg Spring Creek Barbeque.
Den einsame Texas-stjerna var ein viktig del av inventaret (skjønt den på duken var langt frå einsam).
Matordninga var på den måten at du gjekk fyrst bort til ein disk, der du fekk ei viss mengde grillkjøt (kylling, ribbe o.l.) som du betalte for. Etter det gjekk du over til ein annan disk, der du la på alt du ville ha av salat, makaroni og ost, dressing, og (Hickory)saus. Tilbehøret kunne du fylle på so månge gongar du følte behov for det. I tillegg kom det rett som det var ei jente forbi med ferske rundstykke som du fekk med på kjøpet.
Grunnen til at dei kunne servere fers bakst, var at dei hadde eit eige hjørne til nettopp tillaging og steiking av rundstykka, noko som førte til at den liflege dufta av ferskt brød blanda seg med lukta av grilling og middagsmat som fylte rommet elles.
Heldigvis var det mogeleg å ta med seg restane heimatt slek at vi nordmenn, som ikkje heilt visste kva vi gjekk til (og på langt nær kor mektig maten var!), ikkje måtte ete opp alt saman.
Translation: Some pictures from the barbeque place we went to when we were in Texas. Every time I eat Hickory sauce, I think of that place.
tirsdag 24. juli 2012
"So you better run
Run fast for your mother and fast for your father
Run for your children for your sisters and brothers
Leave all your love and your longing behind you
Can't carry it with you if you want to survive."
Florence + the Machine
(Sånn ser altso hunden vår ut når ho spring etter ein førekongle)
mandag 23. juli 2012
Garderoberydding (lydspor)
Når ein hiv alle klea ut av klesskåpet for å sortere vekk ting som har hopa seg opp i årevis, då treng ein eit litt energisk lydspor. So får det heller våge seg om bretting og systematisering av den gjenverande garderoben blir litt hulter til bulter. Det blir i alle høve ei forbetring frå slik det var før.
Translation: I'm sorting out the clothes in my warderobe. For such a task, an energic soundtrack is needed.
Translation: I'm sorting out the clothes in my warderobe. For such a task, an energic soundtrack is needed.
søndag 22. juli 2012
fredag 20. juli 2012
5 bokbytips + nokre skattar
1. Den fyrste tingen du må vete før du byrjar på bokjakta di, er at du ikkje kan rekne med å få sett gjennom alle bøkene og alle utsala heilt skikkeleg på eitt besøk.
2. Skriv ned ei liste over forfattarar, titlar eller emne du kunne tenkje deg å ha i bokhylla, då blir det lettare å vete kor og korleis du skal leite. Utsala har veldig god skilting av hyller og rom, so om du har gjort deg nokre tankar om kva du leitar etter, so vert jakta lettare.
3. Der er tolv utsal (kart finn du her), og det løner seg å prioritere eit par av dei i gongen og heller kome att ein gong seinare for å sjå gjennom dei andre. Det er så mange bøker at det skal noko til for å fordøye alle titlane, forfattarane og emna i løpet av ein tur. Dessutan er det betre å gå gjennom to-tre utsal grundig, heller enn å skumme gjennom alle. På den måten er det større sannsyn for at du finn ein skatt som ligg litt gøymt mellom nokre tilsynelatande uinteressante titlar.
4. Besøk Straumsvågs antikvariat fyrst. Her kan du finne ubrukte bøker til halva av det dei kostar i butikken. Dei brukte bøkene er gjerne (30 - 50 kroner) dyrare enn i dei store utsala Tusund og ei natt og Odin, men utvalet ber preg av at det er plukka med litt meir kritisk hand, og som regel er bøkene i veldig god stand. Dei har dessutan nokre hyller ved inngangen der du får gode bøker for 30-60 kroner.
5. Når du har vore innom nokre av dei store utsala (der prisane stort sett varierer frå 50 - 150 (sjeldan opp mot 200)), so finst dar sjølvplukk-boder, der du kan kjøpe bøker for ti kroner stykket. I utsalet som heiter Gamleposten er alle bøkene 20 kroner, med mindre det står noko anna. Du kan vere utruleg heldig her.
Eg fann meg ni bøker dinna gongen, personleg rekord i bokby-handling.
- Samlede dikt av Rolf Jacobsen (30 kr på Straumsvågs antikvariat)
- Hässelby av Johan Harstad (60 kr på Straumsvågs antikvariat)
- Bikubesong av Frode Grytten (130 kr på Straumsvågs antikvariat)
- Tristan og Isolde av Joseph Bédier (75 kr på Tusund og ei natt)
- Midshipman Hornblower av C.S. Forester (20 kr på Gamleposten)
+ tre minibøker med van Gogh-måleri i, samt ei litt større bok om den surrealistiske målarkunsten (20 x 3 + 60 kr på Bok & bilde.
++ ein plakat med vakre kvinner i georgianske kjolar (30 kr på Bok & bilde)
Translation: I went shopping for second hand books today, and am incredibly satisfied with my finds. Two classics, one collection of poems, two newer novels and four small art books + a poster of women in georgian dresses were allowed to come home with me.

torsdag 19. juli 2012
Sommardagar
- Å utforske musikken til Florence + the Machine.
- Å ete dei fyrste moltene.
- Å klare å setje saman nokre ord på ein fin måte.
- Å gjere avtaler med framtidig hybelvert om når eg kan flytte inn.
- Å observere nesledyret hydra i elva ein fiskar i.
- Å få 14 fiskar på to timar.
- Å skrive brev til gode veninner.
- Å gå med den nye tordivel-t-skjorta.
- Å glede seg til bokbyen i mårå.
Translation: The past few days, I've been exploring the music of FLorence + the Machine, I've eaten some knotberries, put together nice words, made important calls, observed a couple of hydras in the river, catched 14 fish on the same trip, written letters, and worn my new t-shirt.
onsdag 18. juli 2012
Litt bille-kjærleik
I går innsåg eg endeleg kva motiv eg ynskte å ha som bakgrunn på bloggen, nemleg omrisset av ein gullbasse. Gullbassar er ei gruppe biller som har tre artar her i Noreg. Den er ganske spesiell og fyk berre i sollys og kan under dei rette forholda kravle rundt på purpurfarga tistlar som komplimenterer den gull- og grønglinsande rustninga til billa. Når den fyk, treng den ikkje løfte dekkvengjene sine.
Forresten, på sommarleiren i NMU var det på fredagen t-skjorte-verkstad, der eg laga ein sjablong av ein tordivel med anatomiske feil:
Translation: I finally got a blog background that feels right. It's the silhouette of a flower chafer, a subfamily of the family of scarab beetles. The latin name of the flowers chafers is Cetoniinae (which is also my name on Twitter). Last Friday I made a dor beetle print on a t-shirt, and I think I'll use that t-shirt quite a lot, even though I made a serious anatomic mistake.
(På latin heiter denne billegruppa Cetoniinae, som òg er namnet eg har på Twitter)
Translation: I finally got a blog background that feels right. It's the silhouette of a flower chafer, a subfamily of the family of scarab beetles. The latin name of the flowers chafers is Cetoniinae (which is also my name on Twitter). Last Friday I made a dor beetle print on a t-shirt, and I think I'll use that t-shirt quite a lot, even though I made a serious anatomic mistake.
tirsdag 17. juli 2012
Vissheit
I dag fekk eg meldinga om at eg skal få gå i Volda på grunnskulelærarutdanninga, slik eg har drøymt om ei god tid no, og no kan skuldrane senke seg litt, føtene kan trakke litt lettare, og hender og auge gjer seg klare til å snart, om ein liten månad, ta til seg av ny lærdom, nye inntrykk, nye erfaringar.
Translation: Today I recieved the message which read that I am to go to the college which I applied to this spring, and now my shoulders are relaxing, my feet are walking lighter and my eyes and hands are ready to learn. In barely a month I will start the last part of my journey towards becoming a teacher, and I can hardly wait.
mandag 16. juli 2012
Frå sommarleiren
Då har eg søve i mi eiga seng ei natt og vore heime ein dag, og det er i grunn deileg. Som ein målungdom uttrykte det (omlag): "NMU sin sommarleir har mange kvalitetar, søvn er ikkje ein av dei". Men eg tenkte likevel at de skulle få eit lite innblikk i dei tilstadeverande kvalitetane. Her kjem tre høgdepunkt.
1. Sosiale konkurransar som Ticket to Ride. Og fotballturnering som baud på spenstige og uforutsigbare vendingar, der ein aldri heilt visste om ballen vart sendt i mål eller i sida på ein av tilskodarane.
2. Tur til Jostedalen og Nigardsbreen, etterfølgd av lunsj ute i det fri med bål, såpebobler og volleyball.
3. Den store sommarleirfesten, med fin bordpynt og interessante samtaler. I tillegg til velsmakande mat og loddtrekking, er melodikappleiken omlag det ein ser mest fram til med heile greia (eg og tre andre deltok med to nye vers av "Hanen stend på stabburshella").
(4. Duken var forresten slek at ein kunne teikne på, og fargestifter var lagde fram til det bruket.)
Translation: Now I'm back from a long weekend with splendid people. To illustrate how much fun we had, I'll show you some photos.

søndag 15. juli 2012
lørdag 14. juli 2012
fredag 13. juli 2012
torsdag 12. juli 2012
4
(Medan eg er på Norsk Målungdom sin sommarleir i Sogndal, so kjem de til å få ein ny episode av I Mummidalen kvar dag fram til søndag, sånn heilt automatisk.)
Translation: (While I'm away for a couple of days, I'll automatically post new episodes of Moomin every day until Sunday.)
Translation: (While I'm away for a couple of days, I'll automatically post new episodes of Moomin every day until Sunday.)
onsdag 11. juli 2012
Mummi
No når sommarregnet sler lett mot ruta og ein kjenner seg litt nostalgisk, så passar det fint å bjynde å sjå verdas beste barne-TV om att.
Translation: When the summer rain beats softly against the window and you feel nostalgic, what's better than to start watching Moomin?
Translation: When the summer rain beats softly against the window and you feel nostalgic, what's better than to start watching Moomin?
mandag 9. juli 2012
Den var ein gong oppe ved støylen
... at skyene låg som ei hue over fjella, og silkje( slik vi seier "silke")-graset bølgja seg på støylskvia i det vinden bles gjennom det. Ein flott dag for støylsslått.
Hunden var svolten, og i desperasjonen byrja ho å tygge på alt ho kom over, til og med tørre stubbar.
Der var òg eit anna dyr som hadde lyst på mat, og som kravla rundt i hundepelsen. Men det varte ikkje lenge.
Til slutt vart det mat til både hund og folk, då grillen vart kveikt og karbonader lagt på.
Translation: This is how my day went by.
Abonner på:
Innlegg (Atom)