I går innsåg eg endeleg kva motiv eg ynskte å ha som bakgrunn på bloggen, nemleg omrisset av ein gullbasse. Gullbassar er ei gruppe biller som har tre artar her i Noreg. Den er ganske spesiell og fyk berre i sollys og kan under dei rette forholda kravle rundt på purpurfarga tistlar som komplimenterer den gull- og grønglinsande rustninga til billa. Når den fyk, treng den ikkje løfte dekkvengjene sine.
(På latin heiter denne billegruppa Cetoniinae, som òg er namnet eg har på Twitter)
Forresten, på sommarleiren i NMU var det på fredagen t-skjorte-verkstad, der eg laga ein sjablong av ein tordivel med anatomiske feil:
Translation: I finally got a blog background that feels right. It's the silhouette of a flower chafer, a subfamily of the family of scarab beetles. The latin name of the flowers chafers is Cetoniinae (which is also my name on Twitter). Last Friday I made a dor beetle print on a t-shirt, and I think I'll use that t-shirt quite a lot, even though I made a serious anatomic mistake.
2 kommentarer:
Eg elskar den nye bakgrunnen! Så pen og så passande! Gøy med t-skjorta også, tykkjer tordivelen var meget sjarmerande til tross for at det ofte oppstår anatomiske feil i slik trykk.
Jeg ser ikke noe feil, jeg!
Legg inn en kommentar