fredag 20. juli 2012

5 bokbytips + nokre skattar

1. Den fyrste tingen du må vete før du byrjar på bokjakta di, er at du ikkje kan rekne med å få sett gjennom alle bøkene og alle utsala heilt skikkeleg på eitt besøk.

2. Skriv ned ei liste over forfattarar, titlar eller emne du kunne tenkje deg å ha i bokhylla, då blir det lettare å vete kor og korleis du skal leite. Utsala har veldig god skilting av hyller og rom, so om du har gjort deg nokre tankar om kva du leitar etter, so vert jakta lettare.

3. Der er tolv utsal (kart finn du her), og det løner seg å prioritere eit par av dei i gongen og heller kome att ein gong seinare for å sjå gjennom dei andre. Det er så mange bøker at det skal noko til for å fordøye alle titlane, forfattarane og emna i løpet av ein tur. Dessutan er det betre å gå gjennom to-tre utsal grundig, heller enn å skumme gjennom alle. På den måten er det større sannsyn for at du finn ein skatt som ligg litt gøymt mellom nokre tilsynelatande uinteressante titlar.

4. Besøk Straumsvågs antikvariat fyrst. Her kan du finne ubrukte bøker til halva av det dei kostar i butikken. Dei brukte bøkene er gjerne (30 - 50 kroner) dyrare enn i dei store utsala Tusund og ei natt og Odin, men utvalet ber preg av at det er plukka med litt meir kritisk hand, og som regel er bøkene i veldig god stand. Dei har dessutan nokre hyller ved inngangen der du får gode bøker for 30-60 kroner.

5. Når du har vore innom nokre av dei store utsala (der prisane stort sett varierer frå 50 - 150 (sjeldan opp mot 200)), so finst dar sjølvplukk-boder, der du kan kjøpe bøker for ti kroner stykket. I utsalet som heiter Gamleposten er alle bøkene 20 kroner, med mindre det står noko anna. Du kan vere utruleg heldig her.

Eg fann meg ni bøker dinna gongen, personleg rekord i bokby-handling.
- Samlede dikt av Rolf Jacobsen (30 kr på Straumsvågs antikvariat)
- Hässelby av Johan Harstad (60 kr på Straumsvågs antikvariat)
- Bikubesong av Frode Grytten (130 kr på Straumsvågs antikvariat)
- Tristan og Isolde av Joseph Bédier (75 kr på Tusund og ei natt)
- Midshipman Hornblower av C.S. Forester (20 kr på Gamleposten)
+ tre minibøker med van Gogh-måleri i, samt ei litt større bok om den surrealistiske målarkunsten (20 x 3 + 60 kr på Bok & bilde.
++ ein plakat med vakre kvinner i georgianske kjolar (30 kr på Bok & bilde)

Translation: I went shopping for second hand books today, and am incredibly satisfied with my finds. Two classics, one collection of poems, two newer novels and four small art books + a poster of women in georgian dresses were allowed to come home with me.

3 kommentarer:

Maren sa...

Så masse fint du fikk med deg!

Steffen sa...

Eg må presisere at når det gjeld lyrikk er utvalet faktisk betre på Odin enn Straumsvågs antikvariat, samt at prisane er lågare. Eg fann der to bøker frå Aschehoug sin serie med omsett poesi til halvparten av prisen på Straumsvåg.

motionocean sa...

ehhhh - jeg har ikke hørt om noen av dem........ Men gamle bøker er alltid så spennende! Hva om man finner gamle skattekart eller hemmeligheter? Magiske bøker!