torsdag 25. oktober 2012

Snø

I dag fann Vinteren meg. Han sat utanfor glaset då eg vakna, og vi såg på kvarandre ei lita stund utan at nokon av oss sa noko. "Det er ikkje desember endå," sa eg. Han sa ikkje noko, såg litt skjemd ut. Kanskje hadde han bladd om for månge veker i kalendaren, eller kanskje var det julebrusen i butikkhyllene som hadde lurt han til å tru at det var på tide å kome. Eg såg på han, såg gjennom han, såg på det eldfarga hausttreet på hi sida av vegen. Det såg fjernt ut gjennom snødrevet, fjernt og vakkert.

So sukka eg oppgitt, men tilgjevande, og tok på ulltrøye, stort skjerf, blågrøn vinterkåpe og raud hue og gjekk ut til han. "Du kan få vere her ei lita stund," sa eg. Sidan det har han dansa utan opphald.

Translation: Winter found me today. He sat outside my window when I woke up, and we looked at eachother, and none of us said anything for a while. "We have not yet reached December," I said. He said nothing, seemed a bit embarrassed. Perhaps he had turned the pages of the calendar in a rush so that he skipped a few weeks, og perhaps was it the Christmas Soda in the shop shelves that fooled him to think it was time for him to come. I looked at him, looked through him, looked at the fiery autumn tree on the other side of the road. It appeared distant through the falling snow, distant and beautiful.

Then I sighed in a forgiving manner and pulled on a wool shirt, a large scarf, my green-blue winter coat and a red hat before I went outside to where he was. "I'll let you stay for a little while," I said. Since then he has been dancing without rest.

5 kommentarer:

Anonym sa...

hjarte.

motionocean sa...

Du, dette er fint skrevet. Veldig fint.

Johanne sa...

Eg leste dette med eit smil om munnen og du er så flink til å skrive ting som treff meg i hjartet. (vinteren kom til meg også i dag)

Maren sa...

Skikkelig skikkelig fint.

Synne sa...

Du vet å sette ord på slikt. Han har ikke kommet hit ennå (og jeg tviler på om han noen gang dukker opp slik vi kjenner ham i Norge), men i dag er det frisk vind her også. Nyt snøen litt for meg også!