lørdag 3. november 2012

Heime

Nett no har eg ei helg heimeheime, ladar opp til to og ei halv veke ute i praksis. Bestestøva luktar røykte hjortesider (det som til slutt blir pinnekjøt til julemiddagen), hunden lograr og trippar og ligg framfor omnen og er varm og god, og mamma og eg står opp kløkka åtte sjølv om det er laurdag. Slik får vi mest mogeleg ut av dagen, både roleg morgonstund, føremiddagsbesøk og eit slag yatzy. Etter middagen er det på tide å nytte det vakre haustvêret.

Skogen og luktene er dei same som då eg var lita, og pappa strekk ut armen, peikar, slik at eg akkurat får snu hovudet og sett geviret på hjortebukken som sto der for ein augneblink sidan. Ein femgreinar. Minst. Og ei stund skulle eg ynskje eg hadde skyteprøve og rifle med meg, slik at eg kunne gått besten og pappa i næringa. Men når hunden på tilbakevegen snusar seg fram til eit hjortehorn (som de veit: sidan hjorten fell geviret sitt kvar vår, so finn ein av og til horn ute i skogen) er det i grunn endå betre, slik at ein slepp å skyte dei elegante dyra.

Ettermiddagshimmelen har vore på sitt vakraste, og eg et ferske, grove rundtstykke med salami. Vi ser fjernsyn, spelar endå eit slag yatzy, eg hentar ved, og vi lyttar til elden i omnen medan eg les eventyr og nyt kvart sekund.

3 kommentarer:

Maren sa...

Det virker helt perfekt!

Lise-Marie sa...

Nå fikk jeg noe så til de grader lyst på hyttetur og solbærtoddy.. Passer fint når man har forskningsmetode eksamen å lese til..

motionocean sa...

Åh, så fint! Tok dere vare på hornene? Hihi! Og det å være oppe i ei grei tid på morgenen, GIR mye bedre tid på dagen!