I helja var planen å ha Ringdrotten-maraton (altso Ringenes herre-maraton). Diverre vart det litt kluss med filmane, slik at vi måtte nøye oss med å sjå dei tre fyrste Pirates of the Caribbean-filmane i staden, noko som jo òg var grådig triveleg. Og vi åt no litt av lembasbødet eg hadde baka likevel.
Etter litt å ha leita litt rundt på nettet fann eg ei oppskrift som verka overkomeleg. Eg halverte den og tilpassa til det eg hadde i skåp og skuffer. Resultatet vart det scones-aktige brødet de ser over.Du treng (til eit brød på 20 x 30 cm):
- 2 dl grovt (kveite)mjøl
- 2 dl fint mjøl
- 1/2 ss bakepulver
- 1 krm salt
- 4-5 ss flytande Melange
- 0,4 dl sukker
- 2-3 ss honning
- 0,5 dl mjelk
- 0,5 dl eplenektar
Slik gjer du:
1. Set bakaromnen til omlag 200 grader.
2. Bland mjøl, bakepulver og salt i ein bolle. (Eg føretrekk å bruke tresleiv under heile bakinga.)
3. Ha i flytande Melange.
4. Set til sukker og honning og rør til massen er jamnt kornete.
5. Rør inn væska. Deiga skal vere rimeleg blaut og seig.
6. Hell deiga på eit bakepapir og smør den utover til den er omlag 1,5 cm tjukk over det heile. Det kan vere lurt å skjere deiga opp i ruter før du steiker det, slik at ein lett kan rive seg eit stykke.
7. Steik brødet i 12 minutt midt i omnen. Det kan vere vanskeleg å sjå akkurat når det er ferdig, for det forblir mjukt all den tid det er i omnen, men når den har fått avkjølt seg blir det fast. Ikkje lat det stå so lenge at det blir svart i kantane (slik som mitt blei), for då får delar av brødet ein besk smak!
Translation: Me and some friends were planning to watch the Lord of the Rings film last weekend, and for that occasion I baked some lembas bread, starting out with this recipe, bur ending up with something slightly altered.
8 kommentarer:
Filmmarathon er så supert! Elsker Ringenes Herre, hihi. Ingen dårlig erstatning med Jack Sparrow-bonanza heller, nei.
For en god idé å lage lembasbrød, og så fint det ble med bladet rundt!
Åh, DET så godt ut :) Spiste du det med pålegg til? Jeg tror jeg vil prøve denne oppskriften til helgefrokosten. :) takk for at du deler!
Malin: eg hadde ikkje pålegg på, for honningen gjorde brødet ganske smakfullt i seg sjølv. Men det går sikkert fint med noke litt nøytralt attåt.
Det så kjempegodt ut!
SÅ kult! Eg fekk skikkeleg lyst til å samle folk til ringenes herre-marathon og brød no, eg trur søren meg eg skal gjere det også.
Jeg blir med neste gang!
jeg hadde enorme planer om å bake brød i dag, så kanskje det er akkurat dette jeg skal bake. fantasi.
ååh, så fin innpakning! :)
Legg inn en kommentar