fredag 24. mai 2013

Etterdønningar

Det er desse stundene, når etterdønningane roleg og behageleg sler mot bringa og vaskar vekk børa som hadde festa seg der. Du plukkar marikåper fordi du ikkje er høg nok til å rekkje opp til heggeblomane, og veit at det er heilt okay. Du et middag før du får telefon og blir invitert på middagsbesøk hjå gode menneske, med garanti om ein køpp te om du ikkje orkar ein middag til (men når ein finn fram hobbiten i seg, går det an å ta ei taco-lefse med minilite på). Du verker so smått i handa etter seks timar og fleire handskrivne sider. Du dataskriv det diktet du kladda ned på tre post-it-lappar, i det du sømna inn til draumar om eksamensoppgåver som var heilt feil, og oppdagar det vart ei heil side med ord, plasserte slik at dei kjennest heilt bra. Akkurat slik som du akkurat no.

Translation: It's these moments when the calmness overwhelms you in the best possible way, and you pick lady's mantles (seeing you're to short to reach the bird cherry blossoms), you go to eat dinner at some lovely people's house, you proof-read the poem you wrote last night while drifting off to sleep, your hand aches after six hours of writing your first college exam by hand, and everything is just all right.

3 kommentarer:

Maren sa...

Dette var en skikkelig fin tekst. God helg, fine du!

Johanne sa...

Så vakkert, og det var akkurat slik det kjendes når ein var ferdig, nesten.

Synne sa...

Å finne hobbiten i seg <3
For et nydelig bilde, og for noen fine ord til!